Ørskog Bluesfest

torsdag 31. august 2017 17:00 - søndag 3. september 2017 21:00

Informasjon

Bluesfesten 2017

 

Ørskog Bluesfest er klar med årets plakat og med lovnadar om stor stemning for store og små! 

 

Torsdag 31. august

Det heile startar, i år som tidlegare, med ein utandørs, rusfri og gratis familiekonsert der kombinasjonen vakker natur, svingande rytmar og born og vaksne i alle alderar har vist seg uslåeleg! Tidlegare har desse konsertane vore halden oppe ved gruvene (Gruveblues), i Prestefjøra (Fjøreblues), på Gausneset (Kraftblues), i Skråvika (Bølgeblues) og på Elvastien (Elva-Pe blues). 

Det er enno ikkje annonsert kvar årets konsert vert halden, men det skjer på torsdag 31. august kl. 17.00. Så inviter med tanter, bestefar og små venner til ein stemningsfull ettermiddag!

 

Ungdomsblues

Av ungdommen, for ungdommen. Ungdomsklubben samarbeider med Ørskog Bluesfest og arrangerer ein forrykande kveld ved ungdomsklubben i hallen, fredag 1. september kl. 20.00.

 

Bluesparade og familiefest

Bluesparade! Ta med heile familien på ein storslagen parade med brassband, bluesband og dans.

Vi starter frå samfunnshuset laurdag 2. september kl. 13.00 og går utover, krysser hovudvegen ved småbåthavna, rundar rådhuset og tilbake til samfunnshuset. Deretter vert det barne- og familiekonsert inne på festivalområdet, ansiktsmaling, ymse godsaker og sprell!

KARNEVALSPARADE, Klovnen klumse, ANSIKTSMALING, POPCORN, Sukkerspinn, BRASSBAND, CHEERLEADERS, BLUESBAND, BALLONGFIGURER, NOREGS BESTE GRILLMAT 

 

Vaksenblues

Fredag og laurdag kveld på festivalområdet blir det vaksenblues med mellom andre Torbjørn Risager & The Black Tornado, Greasy Gravy og Gráinne Duffy.

 

Kyrkjeblues

Eit friminutt frå stress og mas. Stig Ulv, gitaren hans og sjelefred. Ørskog kyrkje søndag 3. september klokka 18.
Billettar kjøpast ved inngangen, kroner 150,-. Born er gratis.

 

Ørskog Bluesfest si heimeside - her finn du alt du treng av informasjon!

 

Billettar

Billettar får du kjøpt anten i døra eller hos tikkio.

Prisane er som følger:

  • Friluftsbluesen på torsdagen er eit gratis arrangement, men om ein ynskjer kan ein legge ein slant i melkespannet.
  • Ungdomsblues: kr. 100,-
  • Kyrkjeblues: kr. 150,- kjøpast i døra. Born er gratis.
  • Bluesparade og familiefest: Sjølve paraden er gratis, men for å vere med på konserten og showet inne på festivalområdet, kostar det kr. 50,- per barn og kr. 100,- per voksen.
  • Fredagspass: kr. 475,-
  • Laurdagspass: kr. 575,-
  • Helgepass: kr. 875,-

 

 

Stad

Bankplassen
 

Kontakt

Ørskog Bluesfest
 

URL: http://www.orskogbluesfest.no/

Ansvarleg

Kjellaug Stokke
Leiar Ørskog Bluesfest,    

Tlf.: 90676574

E-post : kjellaug@live.no

Legg til hendinga i din kalender
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering