Kurstilbod frå FM: Bruksutbygging i landbruket

onsdag 18. oktober 2017, 09:00 - 16:00

Informasjon

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer ilag med Innovasjon Norge og Landbruk Nordvest til kurset Med tru på framtida - bruksutbygging i landbruket.

 

Planlegg du bruksutbygging, står du midt oppe i ei utbygging eller har du nyleg gjennomført - da har vi eit kurstilbod til deg. Vi veit at bruksutbygging er ein krevjande prosess og du står framfor mange vanskelege val. Vi trur difor at påfyll av kompetanse, møte andre i same situasjon og hente erfaring frå andre som har gjennomført ei større bruksutbygging kan vere avgjerande for å lukkast.
 

Landbruk Nordvest, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Innovasjon Norge har gått saman om å utvikle eit kurs som vil vere nyttig for alle bruksutbyggjarar.

 

Målgruppe for kurset: Tradisjonelle bruksutbyggjarar i landbruket. Både dei som planlegg utbygging og dei som nyleg har gjennomført ei utbygging.

 

Påmelding 

Det er elektronisk bindande påmelding innan 17. september 2017.  Påmeldingsskjema finn du på fylkesmannen si heimeside. 

Det blir ei eigenbetaling på kr 500 pr deltakar. Faktura vert tilsendt frå Fylkesmannen. 

Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 84 99. 

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

 

Kontaktpersonar:

Fylkesmannen: Synnøve Valle, tlf. 71 25 84 28/91 18 38 66.
Epost: fmmrsyva@fylkesmannen.no

Landbruk Nordvest: Rune Sjåholm, tlf. 41900031.
Epost: rune.sjaholm@nlr.no

Innovasjon Norge: Steinar Johnsen, tlf. 907 75 104.
Epost: stjoh@innovasjonnorge.no

Pris vaksen: 500

Stad

Quality hotel Alexandra, Molde
 

Kontakt

Fylkesmannen i Møre og Romsdal
 

Legg til hendinga i din kalender
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering