Sosialt samvær

måndag 28. august 2017, 18:00 - 21:00

Informasjon

kortspel.jpg

Kvar måndag frå klokka 18.00-21.00 er det ope hus på Ørskog frivilligsentral.

 

Dette er uhøgtidlege samlingar som flyktningane i Ørskog har tatt initiativ til, og målet er å bli kjent med innbygjarane og trene på å få snakke norsk.

På desse kveldane bruker ein anten berre å sitte å prate, eller ein spelar biljard, kortspel, ludo eller kva enn som fengar!

Alle som vil ta turen, er hjarteleg velkomne! Om det så er for å slå seg ned ei stund, eller om ein berre vil stikke innom og helse på.


Det er servering av kaffi og te, og av og til har nokon med seg kaker eller vafler som dei byr på og.

 

Vel møtt!

Stad

Ørskog Frivilligsentral
Sjøholt sentrum,    

Tlf.: 97712943

Kontakt

Flyktningetenesta i Ørskog
 

Tlf.: 70165918

Legg til hendinga i din kalender
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering