Byggerestriksjonar i Sjøholt pga fare for flodbølgjeoppskylling

Ørskog frå lufta - Klikk for stort bilete

 

Det såkalla «bygge- og deleforbodet» i Sjøholt er no så godt som oppheva. I ei sone nærast sjøen kan vi berre tillate tiltak eller byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar. Utanfor denne sona gjeld berre dei generelle reglane for sikkerheit mot flaum.

Kommunen har engasjert NGI til å berekne nye faresoner i samband med flodbølgeoppskylling frå Åkneset, ut frå dagens situasjon og ny praksis for godkjenning. Desse faresonene vil utgjere grensene for sikkerheitsklasser i teknisk forskrift, TEK10. Vi har fått tilsendt eit førebels teknisk notat som viser faresoner. Notatet er ikkje endeleg, etterson vi og vil få utført berekningar av i kva grad moloen skjermar mot flodbølja. Desse berekningane vil truleg redusere faresona ytterlegare.

 

Dei foreløpige sikkerheitssonene viser grovt sett at vest for Kyrkjevegen kan ein tillate tiltak i sikkerheisklasse S2 i TEK10 § 7-3. Dette er bygg der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, eller bygg med maksimum 10 leilegheiter. Det same gjeld mellom E39 og Sjøholtvegen, vest for samfunnshuset.

 

Aust for Kyrkjevegen er der ikkje andre begrensingar enn at her ikkje kan tillatast oppført byggverk der konsekvensane av skred vil verte svært store, som t.d. sjukehus eller regional beredskapsinstitusjon.

               

Det vert heller ikkje lengre stilt krav til ny regulering for å fastsette sikkerheitssonene eller tillate tiltak.  Dei vedtekne reguleringsplanane gjeld, med faresoner i tillegg.

 

Dette er ein heilt ny situasjon for Sjøholt. Næringsdrivande i sentrum har venta svært lenge på ei slik avklaring. Fleire bedrifter i sentrum har ombyggingsplanar, og dei er no orientert om dei nye moglegheitene.

 

No er vi altså ikkje lengre avhengig av ny reguleringsplan for å kunne tillate utvikling i oppskyllingssona. Derimot hastar det å leggje føringar på korleis vi vil utvikle sentrum. Dette skal vi gjere i fellesskap gjennom eit tettstadsutviklingsprosjekt og utarbeiding av ny reguleringsplan.

 

Det vil ikkje lengre vere trong for å forsterke og utvide moloen for å få bort byggerestriksjonar.

 

Forskrift om tekniske krav til byggverk (Tek 10) § 7.2 :

«Sikkerhetsklasse S2

Sikkerhetsklasse S2 omfatter tiltak der et skred vil føre til middels konsekvenser. Dette kan eksempelvis være byggverk der det normalt oppholder seg maksimum 25 personer og/eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvenser.

Eksempler på byggverk som kan inngå i denne sikkerhetsklassen er:

enebolig, tomannsbolig og eneboliger i kjede/rekkehus/boligblokk/fritidsbolig med maksimum 10 boenheter

  • arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingssted hvor det normalt oppholder seg maksimum 25 personer. Byggverk der det er nødvendig å kreve et høyere sikkerhetsnivå ut fra hensynet til personsikkerhet inngår i sikkerhetsklasse S3, eksempelvis sykehjem, skole og barnehage.
  • driftsbygning i landbruket
  • parkeringshus og havneanlegg

For bygninger som inngår i sikkerhetsklasse S2 kan kravet til sikkerhet for tilhørende uteareal reduseres til sikkerhetsnivået som er angitt for sikkerhetsklasse S1 (1/100). Dette fordi eksponeringstiden for personer og dermed faren for liv og helse normalt vil være vesentlig lavere utenfor bygningene.»

 

 

Sist endra 19.04.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering