Digital post frå Ørskog kommune

Elektronis post - Klikk for stort bilete

 

 

Det er frå sentralt hald lagt føringar for at det offentlege skal sende brev digitalt til innbyggarar og næringsliv. Etter kvart vil du få alle brev frå Ørskog kommune digitalt.


Med ei digital postkasse vil du få samla og lagra all post frå det offentlege på ein stad og du får lest posten din kvar enn du er i verda.

Kva er digital post?

Forvaltningslova vart i februar 2014 endra slik at digital kommunikasjon er hovudregelen når offentlege verksemder (stat, kommunen og fylkeskommuner) sender brev til innbyggjararar, bedrifter og andre offentlege verksemder. I praksis betyr dette at all post fra kommunen vil etter kvart bli sendt digitalt.

Digital post er ikkje det same som e-post. Ei digital postkasse er ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Ei digital postkasse er sikrare enn e-post fordi både avsendar og mottakar må stadfeste identiteten sin.

Post som det offentlege sender til deg i den digitale postkassen din, blir sendt kryptert, som skjult tekst. For å opne og lese posten i den digitale postkassen, må du legitimere deg gjennom ID-porten.

Det er berre du, og dei du har gitt løyve til, som kan lese posten din frå det offentlege.


Du kan opprette ei eiga digital postkasse, eller motta posten via Altinn.

 

Gradvis innføring

I tida som kjem vil du kunne oppleve å få post på papir frå Ørskog kommune sjølv om du har oppretta ei digital postkasse. Det fordi det tar tid før vi tar i bruk digitale sendingar frå alle tenestene.

 

Fleire moglegheiter for digital postkasse

Anten du opprettar deg ei digital postkasse, eller om du ynskjer å ha få breva dine i Altinn, må du må ha ein elektronisk ID og bruke ID-porten for å lese post frå det offentlege i den digitale postkassen. 

www.noreg.no kan du velje mellom Digipost eller e-Boks. Dersom du ikke opprettar ei av desse, vil kommunal post sendes via Altinn. Du kan logge deg inn i Altinn og dei digitale postkassene med MinID, BankID (kodebrikke fra nettbanken), BankID på mobil, Buypass eller Commfides.

 

Kva må eg gjere?

For at du skal få varsel om at du har fått post frå Ørskog kommune i di digitale postkasse, er det viktig at du loggar deg på di digitale postkasse (digipost, eboks eller altinn) og registrerer det mobilnummeret og den e-postadressa du ynsker å få varsel om at du har fått ny post.

 

- Du har 3 alternativ:

  1. Opprett deg ei digital postkasse. Då har du igjen to val: Digipost eller e-Boks. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit.  Det er Posten Norge AS som har utvikla og står bak Digipost. e-Boks A/S er eit sjølvstendig dansk selskap eigd av Nets og Post Danmark. e-Boks A/S eig det norske dotterselskapet e-Boks AS. For å opprette postkasse, gå til sida Velg digital postkasse her på Noreg.no. Digital postkasse er gratis å opprette og bruke for innbyggjarane. Lastar du sjølv opp mange dokument eller bilde, må du betale for å få lagringsplass ut over 1GB.

 

  1. Ved ikkje å opprette ei digital postkasse, vil du få breva dine i Altinn. Då loggar du deg inn på same måte som for å lese skattemeldinga. Om du ikkje har opna brevet i løpet av to virkedagar, blir brevet umiddelbart sendt til utskrift og postlegging

 

  1. Om du ynskjer å reservere deg mot digital post fra stat, fylkeskommune eller kommune, kan du  gjere det ved å reservere deg inne på www.Noreg.no. Du vil då framleis få posten på papir.

 


 

Kva skjer om eg ikkje les digiposten min?

Dersom du ikkje les brevet elektronisk i Altinn i løpet av 48 timer, vil brevet bli skrevet ut og sendt deg via posten. Har du oppretta anna digital postkasse er det ditt ansvar å lese meldingar der.

 

Livet med digital postkasse:

Du kan no lese brev frå det offentlege kvar enn du er i verda.

Sjølv om den digitale postkassen er di privat, kan du gi andre tilgang til å lese posten din. Den du gir tilgang, må ha digital postkasse hjå den same postkasseleverandøren som du har. Du kan trekke tilbake tilgangen når du måtte ønskje det, slik at berre du har tilgang att. Sjå informasjon hjå e-Boks og Digipost om korleis du går fram for å gi andre tilgang til postkassen din.

Når du får digital post frå det offentlege, blir du varsla på SMS eller e-post. Post som er levert til den digitale postkassen din, blir liggjande i postkassen. 

Du er sjølv ansvarleg for å gjere deg kjend med innhaldet i posten som er send til deg, på same måte som når du får post på papir.

Svar- og klagefristar gjeld frå den dagen du blir varsla og kan opne posten din, på same måte som for post på papir.

Du kan få post frå andre enn offentlege verksemder, slik som bankar, forsikringsselskap, kraftselskap m.m. Du finn informasjon om dette på nettsidene til dei to postkassane: Digipost og e-Boks

du kan lagre posten på di eiga datamaskin, men den blir også liggjande i den digitale postkassen din.

Du kan også laste opp eigne dokument og bruke den digitale postkassen som eit sikkert arkiv.

Posten blir lagra så lenge du har den digitale postkassa.

Dersom du ønskjer å byte postkasse, er det enkelt for deg å flytte posten du har fått frå det offentlege over til den nye postkassen din.

Det er berre du sjølv som kan slette post frå det offentlege i den digitale postkassen din. Dersom du har sletta post og angrar på det, kan du sjå om postkassen din har ei mappe med 'Sletta post'. Du kan opne denne mappa for å hente posten fram att. Kontakt brukarstøtta til postkassa di dersom du treng hjelp.  Du kan også spørje avsendaren om dei kan sende deg posten på nytt.

 


 

Kan eg reservere meg?

Privatpersoner har rett til å reservere seg mot digital post, ved å gå inn på www.noreg.no, eller ringe
800 30 300 (Direktoratet for forvaltning og IKT) og be om å få all post fra det offentlige på papir. Dersom du aldri har registrert mobilnummeret eller e-postadressen din ved innlogging til en offentlig teneste på nett via ID-porten, er det ikkje naudsynt å reservere seg. Då kan ikkje det offentlege varsle deg om viktig post på SMS eller e-post, og må difor sende posten på papir.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 11.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering