Feie- og tilsynstenesta i Ørskog kommune

Alle som har ildstad skal motta feiing og tilsyn med fyringsanlegg frå kommunen.

Kor ofte dette skal skje bestemmer feiaren etter faste kriterier.

 

Feiar Michael Werner - Klikk for stort bilete

I følgje Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (Førebyggandeforskrifta) skal både feiing og tilsyn utførast etter behov, men minst ein gong kvart 4. år. Feiing og tilsyn er eit viktig brannforebyggjande arbeid.

 

Roder

For Ørskog kommune gjeld p.dato annet kvart år med feiing og tilsyn hvert 4 år. Årlig feiing utføres etter avtale med eiar av anlegget. Kommunen er delt i 2 roder:

  • Rode1 partall: Tøssa t.o.m Ørskog sjukeheim, inkludert Solnørdalen.
  • Rode 2.oddetall Frå Ørskog sjukeheim t.o.m Viset, inkludert Ørskogfjellet.

 

Varsel om feiing og tilsyn

Innbyggarane i Ørskog får ein lapp i postkassa,  ev. ei sms-varsling som er under utarbeiding, seinast 2 dagar før feiaren kjem. Der står det kva du må gjere før besøket. Dersom tida på varselet ikkje høvar, kan ny time bestillast vederlagsfritt innan ein månad. Ring feiar for å avtale.
Merk: Eigar treng ikkje vere heime ved normal feiing.

 

Sikker adkomst og arbeidsplass for feieren

For at feiaren skal kunne utføre feiinga på ein trygg og sikker måte, må du ha tilfredsstillande taksikringsutstyr. Huseigar må sikre at takstige og anna utstyr er i god stand, jfr. Teknisk forskrift til plan og byggningsloven kap. IX § 9 - 21, og forskrift om stilas, stiger og arbeid på tak m.m (Arbeidstilsynet).

  • Husstigen skal vere så lang at den rekk 1 meter over taket (normalt 1 meter over takrenna).
  • På bygningar der gesimshøgda er meir enn 5 meter frå bakkenivå, skal det være montert stigefeste som hindrar husstigen i å gli.
  • Takstige/taktrinn skal være godkjent og montert i følge monteringsbeskrivingane.
  • Arbeidsplattform dersom skorsteinen er høgare enn 1,2 meter på det laveste. I spesielle tilfeller kan arbeidsplattform rundt pipa bli krevd dersom evt. fall medfører ekstra stor fare.
  • Der det er flere piper på samme takflate vil det normalt være nødvendig med takbro mellom pipene (feiaren bør bli kontakta før løysing vert valt).
  • Unntak: tak med god friksjon og under 25 graders helling.

 

Kva inneber feiing?

Etter du har motteke varsel om feiing, må du som huseigar syte for at heile fyringsanlegget (dvs. peis, ildstad, parafinovn osv.) er tilgjengeleg for feiing, samt utstyrt og innretta slik at det kan feiast på tilfredsstillande måte. Dette inneber at du skal legge fram godkjent stige og lukke igjen luker, spjeld og trekkventiler. Dessuten må du sørge for at ildstedet er forsvarleg lukka.

Feiing omfatter feiing av pipeløp, kanalar og røykrøyr, samt uttak av sot.
Dersom sot skal fjernast må eigar eller representant for eigar vere tilstades. Om ikkje feiaren kjem inn, og ikkje får gjort denne delen av arbeidet, er eigar sjølv ansvarleg for å fjerne soten.
Dersom ingen er heime ved feiing må eigar på forhånd ha bekreftet at det er klargjort for feiing. Feieren skal således legge igjen en besøksrapport som beskriver hvilke arbeider som ble utført, eventuelt hvorfor ikke arbeidet kunne utføres.

 

Kva inneber tilsyn med fyringsanlegg?

Feiaren fører og tilsyn med alle private boliger med ildstader/fyringsanlegg kvart fjerde år.

Tilsynet omfattar:

  • informasjon om korleis du best kan ivareta brannsikringa i boligen din
  • kontroll av at fyringsanlegget (ildstad, sentralvarmekjel eller varmluftsaggregat) er intakt og virkar som det skal, slik at det ikkje forårsaker brann eller anna skade
  • veiledning om røykvarslarar, slokkeutstyr (husbrannslange og brannslokkingsapparat) og rømningsveier
  • informasjon om riktig fyring og gode fyringsvaner
  • eigar av anlegget får skriftleg tilbakemelding ved avvik
  • eigar eller representant for eigar må vere tilstades i boligen under tilsynet

 

Ved klage

Er du ikkje nøgd med tenestene feiarvesenet utfører, ta kontakt med kommunen.

Klageinstans for vedtak som er truffet av brannsjefen v/ Kjell Arve Lid, er kommunen si eiga klagenemnd.

 

Prisar for feie- og tilsynstenester

Det er den enkelte kommune som gjer vedtak om gebyrfastsetting for feiing og tilsyn. Gebyret for feietenesten er basert på prinsippet om at gebyret skal dekke kostnadane for den kommunale ytinga.

Feieavgifta betalast i årlege terminer og dekker feiing og tilsyn minimum kvart fjerde år.
Feieavgifta blir fastsatt av kommunestyret.

 

Meir informasjon:
 

Betalingsregulativ feiing 2017 (PDF, 445 kB)


http://feiermester.org/privat/feiing-og-tilsyn/


Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)


Forskrift om brannforebygging

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 14.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Michael Werner
Feiar/brannkonstabel
Mobil: 90824157
E-post  

 

Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering