Ferie for alle i regi av Røde Kors

Ferie for Alle gir barn mulighet til gode ferieopplevelser.  - Klikk for stort bilete

Mange barn får ikkje dei sosiale opplevelsene dei treng fordi familien strevar økonomisk. Ferie for alle er eit gratis ferietilbod til desse familiane.

 

Gjennom Ferie for alle får familiar med svak økonomi tilbod om ei aktiv ferieoppleving for heile familien. Dette er ein familieferie og eit av barna må vere i målgruppa 6-13 år.

 

Gode opplevingar saman

For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, slik at dei saman deler gode opplevingar og skaper felles minner.

I år går turen til Hurdal i Akershus frå 17. til 22. juli. Det blir satt opp bussar frå Møre og Romsdal. Ferieturen er gratis og dekker opphald, mat, aktiviteter og transport.

Ferie for alle er ein aktiv ferie, leia av Røde Kors-frivillige. Både barn og vaksne er med på mange og varierte aktivitetar og det vert lagt godt til rette for at alle skal få fine opplevingar saman.

 

Søknad

Har du spørsmål, kontakt Asbjørn Wille, anten på telefon 902 67 320, eller via e-post: asbjorn.wille@redcross.no

 

Du kan ikkje søke til Ferie for alle som privatperson, men må fyrst vende deg til ditt NAV-kontor, skolehelsetenesta, barnevernstenesta, sosialtenesta eller andre offentlege instansar. Dei vil hjelpe deg vidare og sende inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.

Søknadsfrist: 28.4.2017


Søknaden sendast til:

Møre og Romsdal Røde Kors
Daaevegen 2
6018 ÅLESUND


 

Her finn du meir informasjon om Ferie for alle (PDF, 219 kB)
 

Her er søknadsskjema for Ferie for alle 2017 (DOCX, 22 kB)

 

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 09.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering