Innovasjon, visjon, verdiar og lokaldemokrati!

Illurstrasjonsbilete kommunereforma mars 2017 - Klikk for stort bilete

Fleire store tema er på agendaen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast på Skodje 13. mars.

Prosjektet til nye Ålesund er i ferd med å finne si form og prosjektkoordinator vil gå gjennom korleis arbeidet er organisert og kor langt en er komen.

 

Det er arbeidsutvalet i nye Ålesund som set dagsorden for styringsgruppa. Det er ordførarane i dei fire kommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som utgjer utvalet og rådmennene tiltrer gruppa. Her er referatet frå utvalet sitt møte 7. mars.

 

Informasjon frå fylkesmannen

Fylkesmannen har sendt eit brev til alle kommunane i fylket som driv samanslåingsarbeid. Fylkesmannen skal rettleie og gi informasjon til kommunane i dette arbeidet. Brevet tar for seg kva for samanslåingar som per i dag er i fylket og det at frivilligprinsippet skal gjelde, men at Stortingsfleirtalet har lagt til grunn at det likevel vil kunne vere "...aktuelt i helt spesielle situasjoner der enkeltkommuner ikke må kunne stanse endringer som er hensiktsmessige ut fra regionale hensyn."

Det er Stortinget som gjer vedtak både om kommunesamanslåingar og regioninndelingar. Det skjer i løpet av første del av juni månad.

 

Innovasjon, visjon og verdiar

Bygging av ny kommune skal bere preg av innovasjon og fornying, ikkje berre fusjonering. Når den nye kommunen står klar i 2020 skal den både ha skapt noko nytt, ha etablert ein varig innovasjons- og utviklingskultur og innovasjonskapasitet. Nye Ålesund kommune ønskjer å utnytte mogelegheitsrommet v i byggjeprosessen 2017-2020 til å utvikle både strukturar og kultur som fremmer fornying og innovasjon på ein meir systematisk måte enn det kvar enkelt kommune har tradisjon for i dag. Styringsgruppa skal difor behandle ein søknad om prosjektskjønn frå Fylkesmannen til å drive innovasjon i praksis.

Det blir også gruppearbeid om kva verdiar nye Ålesund skal byggast på og kva visjon vi skal ha for den nye kommunen. Dette arbeidet er i startfasen.

 

Demokrati

Nye Ålesund kommune skal tilsette ei eigen prosjektstilling som skal arbeide med å vidareutvikle lokaldemokratiet og sikre at innbyggarar og lokalpolitikarar blir høyrte.

Arbeidsutvalet innstiller til styringsgruppa at nye Ålesund skal melde si interesse for å delta i KS si innbyggarundersøking - Hvor godt er lokaldemokratiet i din kommune.

 

Møtet

Møtet i styringsgruppa blir halde på Gomerhuset i Skodje og startar med lunsj klokka 12.00. Sjølve møtet varar frå klokka 13.00 til seinast klokka 17.45.

Her er sakslista

 

Styringsgruppa har fem politikarar frå kvar kommune, rådmenn, tillitsvalde og hovudverneombod

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering