Intensjonsavtale og felles kommunestyremøte

Ørskog - Klikk for stort bilete

Arbeidsutvalet for nye Ålesund kommune skal blant anna sjå på innspel for å oppdatere intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga og planlegge felles kommunestyremøte.

 

Arbeidsutvalet møtast 3. mai i Ørskog for å forberede sakene til neste styringsgruppemøte for nye Ålesund. Det er ordførarane i dei fem kommunane i nye Ålesund som utgjer arbeidsutvalet til styringsgruppa.

 

Intensjonsavtalen

På det forrige styringsgruppemøtet 20. april, kom styringsgruppa med innspel til intensjonsavtalen som vart inngått i juni 2016.

Den gjeldande intensjonsavtalen bygger på intensjonsavtalen for regionkommune Ålesund og vart våren 2016 omarbeida til å vere ein avtale mellom Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund.

Kommunestyret i Haram gjorde vedtak om at kommunen ikkje ønskte å bli med vidare. Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom 7. april med ei innstilling til Stortinget som seier at dei vil ha Haram inn i nye Ålesund på tvers av lokale vedtak.

Ørskog var óg med i forhandlingane for regionkommune Ålesund, men trakk seg frå vidare forhandlingar då storkommunen stranda. Kommunestyret i Ørskog vedtok å gå inn igjen i arbeidet med nye Ålesund i november 2016. Verken Haram eller Ørskog har vedtatt denne avtalen i sine kommunestyre. Det er difor nødvendig å oppdatere den.

Arbeidsutvalet skal gå gjennom innspela frå styringsgruppemøtet 20. april, og utvalet si innstilling sendast styringsgruppa. Styringsgruppa behandlar intensjonsavtalen på sitt møte 18. mai. Møtet 18. mai blir halde i Haram.

 

Felles kommunestyremøte

Arbeidsutvalet skal planlegge eit felles kommunestyremøte for dei fem kommunane. Møtet blir i Ålesund 21. juni, men stad og tidspunkt er ikkje endeleg klart. Det blir over 130 politiske representantar som skal samlast denne dagen.

Det er fylkesmannen som kallar inn til dette møtet. Eit felles kommunestyremøte er nødvendig fordi Kommunal- og moderniseringsdepartementet har foreslått at Haram går inn i nye Ålesund på tvers av lokale vedtak. 8. juni behandlar Stortinget forslaget til endringar i kommunestrukturen.

På det felles kommunestyremøtet gjer dei involverte kommunane likelydande vedtak som fylkesmannen oversender til Kommunal og moderniseringsdepartementet.

 

Interkommunale samarbeid

Ei arbeidsgruppe har kartlagt kva for interkommunale samarbeid dei fem kommunane er involverte i. Kartlegginga blir presentert for arbeidsutvalet og vidare i styringsgruppemøtet 18. mai. Når fellesnemnda er på plass etter Stortinget sitt vedtak, oppnemner nemnda eit delprosjekt som skal vurdere kvart samarbeid. Ei slik vurdering er nødvendig fordi den nye kommunen blir eit nytt rettsleg subjekt.

 

Møtet

Møtet i arbeidsutvalet er på rådhuset i Ørskog, 3. mai klokka 09.00 – 12.00.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 09.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering