Ny reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Tom Anker Skrede - Klikk for stort bilete

Tom Anker Skrede (41) er tilsett som ny reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, etter Geir S. Vik som fråtrer stillinga 30. juni for å begynne som ny administrerande direktør i Aalesunds Fotballklubb.

 

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er eit fellesorgan for markedsføring av Ålesund og Sunnmøre som reisemål i Norge og i utenlandet. Dei har ca. 180 medlemsbedrifter knytt til seg, samarbeidsavtaler med 17 kommuner, og driv turistinformasjonen i Ålesund.

Kommunene som er del av dette samarbeidet er Ålesund, Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Ørskog, og Ørsta.

 

Den nye reiselivssjefen

Skrede kjem frå stillinga som Marknadssjef i destinasjonsselskapet, ei stilling han har hatt sidan januar 2013. Tom Anker Skrede er utdanna Diplommarknadsførar med spesialisering innan Marknadsføring, Internasjonalisering og Leiing frå Norges Markedshøyskole (NMH). Skrede kjenner destinasjonsselskapet godt, og har god kjennskap til reiselivsnæringa både lokalt og dei ulike samarbeidspartnarane i inn- og utland. Tom har gjennom fire år i selskapet gjort ein god jobb, og det ligg godt til rette for å kunne vidareføre selskapet og reiselivet i ei god retning framover under Skrede si leiing.

 

Mange søkarar

Det var mange gode søkarar til stillinga, og styret har leia ein prosess fram til tilsettinga. I Tom Anker Skrede får vi ein dyktig leiar som kjenner reiselivet godt, og vi er svært tilfreds med tilsettinga av ny reiselivssjef, seier Bjarne Rekkedal, styreleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

 

Fokuset framover

Tom Anker Skrede uttalar at fokuset framover blir å halde fram utviklinga og posisjonen av selskapet si merkevare, men viktigast av alt regionen si merkevare som ”The Adventure Capital of the Fjords”. Dette får vi best til gjennom samarbeid og lik forståing mellom alle partar og involverte i reiselivet på Sunnmøre. Vi har ein heilt unik og spektakulær region for turisme, men produkt og destinasjonar må framleis utviklast med felles mål, strategiar og forståing om vi også i framtida skal vere blant dei beste reisemåla i verden, seier den nye reiselivssjefen.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 18.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering