nyealesund.no er lansert

www.nyealesund.no - Klikk for stort bilete

Lurer du på kva som skjer med etableringa av nye Ålesund kommune? Då bør du følgje med på www.nyealesund.no

Nettsida omhandlar kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Haram er med i prosessen etter innstillinga til Stortinget som seier at Haram skal vere med på tvers av lokalt vedtak.

 

Åpne prosessar

- Nettsida blir ein viktig arena for innbyggarane, tilsette i kommunane, politikarar og media. Her kan alle sjå når vi har møte, og finne møtedokument og informasjon om arbeidsgrupper og prosjektet, seier Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsleiar i prosjektet for å danne nye Ålesund kommune.

Nyealesund.no er eit supplement til kommunane sine eigne nettsider, og får ei levetid på knappe tre år. Når den nye kommunen er etablert 1. januar 2020, vil ein permanent kommuneportal for nye Ålesund kommune vere på plass.

- Nettsida, som er utvikla av kommunikasjonsavdelinga i Ålesund kommune i samarbeid med kommunikasjonsansvarlege i alle dei deltakande kommunane, er eit av mange tiltak som skal sikre at arbeidet fram mot den nye kommunen blir lett å følge for alle, seier Skjellum.  Involvering av tilsette og innbyggarar er eit sentralt element for å lykkast.  

 

Kva finn du der?

-På nyealesund.no kan du følge det arbeidet i styringsgruppa og delprosjekta – du kan sjå både mandat, kven som er med og referat frå møta. Du kan også komme med eigne innspel

-Vi vil bruke nettstaden til nyheiter og til å formidle kva som kjenneteiknar nye Ålesund. Nyealesund.no er også intranettside for dei tilsette i den nye kommunen. Det er viktig for oss at alt om prosessen og arbeidet med den nye kommunen er tilgjengelig for alle som ønsker å følge med.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 09.05.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering