Tøsse-blues

Tøsse-Blues 31. august - Klikk for stort bilete Hilde Sørdal

Ørskog Bluesfest startar, i år som tidlegare, med ein utandørs, rusfri og gratis familiekonsert der kombinasjonen vakker natur, svingande rytmar og born og vaksne i alle alder har vist seg å fungere meget så godt!

 

 

I år er det på Tøsse det skjer! 
Magnolia Red, med Frank Bjørdal i spissen står for musikken, og det blir sal av kaffi, kaker, pølser og brus, så her er det berre å invitere med seg tanter, bestefar og små venner til ein stemningsfull ettermiddag!

 

På heimesida til Ørskog Blusfest kan du sjå heile årets program og ymse anna informasjon.

 

Skyss

Tøsse er ei perle i Ørskog der det ligg idyllisk og solfylt til ved fjøra, men der er begrensa med parkeringsplassar. Ørskog Bluesfest oppmodar difor publikum om å nytte seg av fellestransport frå samfunnshuset, med retur etter konsertslutt. Meir informasjon om det kjem snarleg.

 

Friluftsblues

Tidlegare har desse konsertane vore halden oppe ved gruvene (Gruveblues), i Prestefjøra (Fjøreblues), på Gausneset (Kraftblues), i Skråvika (Bølgeblues) og på Elvastien (Elva Pe-blues). 

 

Friluftsbluesen på torsdagen er eit gratis arrangement, men om ein ynskjer kan ein legge ein slant i melkespannet.

 

Alle er hjarteleg velkomne til ein stemningsfull ettermiddag på Tøsse!

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 31.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering