Nyttige snarvegar
Tal om Ørskog
Nyhende frå NRK MR
NRK - Siste: Møre og Roms..
 
NRK - Siste: Møre og Roms..
 
NRK - Siste: Møre og Roms..
 
NRK - Siste: Møre og Roms..
 
NRK - Siste: Møre og Roms..
Informasjon Publisert 01.09.2010

Honnørturen i år går til Vestkapp - Honningsvåg og er torsdag 23. september. 

Informasjon Publisert 01.09.2010

Møre og Romsdal fylkeskommune skal for tredje år på rad dele ut stipend til kunstnarar som er busett i fylket. Stipendordninga har ei årleg ramme på 300 000,- og alle kunstartar er inkludert i ordninga. Søknadsfrist er 15.9.2010.

Informasjon Publisert 01.09.2010

Handtere tapsoppleving, sjukdom, isolasjon, rusproblem eller utfordringar som pårørande, sjå livet frå nye sider - sjølvhjelpsgruppa kan vere ein god stad å jobbe med slikt.

Informasjon Publisert 31.08.2010
Skattetaten

 

I løpet av dei neste dagane vil boligeigarar i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal få brev i frå Skatteetaten. Her vil dei bli bedt om å rapportere inn storleiken på boligen sin, byggeår og boligtype.

Informasjon Publisert 30.08.2010
Frå Prestefjøra

Tradisjonen tru vert det også i år halde postvegmarsj frå Amdamsfjøra til Prestefjøra på Sjøholt. Marsjen går søndag den 12. september og det vert denne dagen også ei markering av kulturminnedagen, med opning av det nyrestaurerte kvernhuset i Sjøholt sentrum.

Informasjon Publisert 27.08.2010
kraftline

Fredag var mange av ordførarane i dei to regionsråda samla for å drøfte kablar eller høgspentline i etableringa av 420 kv leidning mellom Fardal og Ørskog. Ordførarane er samla om at dei vil kreve betre utgreiing før endeleg vedtak vert gjort. Ordførar Thorbjørn Fylling deltok på på møtet og er aktiv i forhold til å ivareta Ørskog sine interesser i denne viktige saka. Les meir på Sunnmørsposten sine sider her.

Informasjon Publisert 24.08.2010
Frivilligprisen

Kvart år, vert Frivilligprisen delt ut til ein initativrik person, lokal forening eller ei gruppe som har gjort ein ekstra innsats for samfunnet rundt seg.

Jakta på å finne den rette mottakaren har no starta og du kan vere med å nominere.

Informasjon Publisert 12.08.2010
Verdiveka

Planlegginga av Verdiveke i Ørskog 13.-19. september er i full gong.
Det vert opplevingar for alle ei heil veke til ende!

Tema for verdiveka 2010 er "Den gode historia". I løpet av ei heil veke byd vi på ei rekkje opplevingar som er knytt kring dette spanande temaet.

Informasjon Publisert 04.08.2010
Turkameratar Holand og Yndestad

Stephan Holand og Vincent Yndestad heiter dei to spreke karane som i desse dagar er i ferd med å sykle den gamle postvegen frå Bergen til Trondheim. Dei to med base i Førde, sykla avgarde frå Bergen 24. juli, og er visst i rute i forhold til planlagt med å kome fram til Trondheim.Tysdag 3. august var dei innom Ørskog der dei vart tekne imot av leiar av friluftsrådet, Geir Haugli.

Informasjon Publisert 29.06.2010
Boksommar

Alle frå 1. - 10. klasse kan delta i bibliotekets lesekonkurranse "Boksommar". Du kan lese bøker, teikneseriar eller høyre på lydbøker. Du kan lese bøker du har sjølv,  låne på biblioteket eller med venner. Skriv ut registreringsark her eller kom på biblioteket. I september blir det fest og premiar.

 

Kontaktinformasjon
_
_
Ørskog kommune
Rådhuset
6240  Ørskog
 
E-post : post@orskog.kommune.no
 
 
Telefon : 70 27 29 00
Faks : 70 27 29 01
Org.nr. : 864978932 864978932
Kommunenr. : 1523
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Bilder fra Ørskog
Sunnmøresperla
Sunnmørsperla ved Storfjorden
Renovasjonskalender
Skisporet.no
Fakta for dagen
 
  Ørskog kommune har ei flatevidd på 130 km2
    Dagens fakta
Levert av ACOS AS
Web ansvarleg Ann-Mari Abelvik