Etter retningslinene for svangerskapsomsorga (gjeldande frå 01.07.05) kan du som er gravid velje fritt om du vil gå til svangerskapsomsorg hos jordmor eller lege, alternativt begge deler. Dette gjeld for heile svangerskapet og etterkontroll etter fødsel.
Kor mange kontrollar?
Retningslinene tilrår eit basisprogram med åtte kontrollar til og med svangerskapsveke 40 for friske gravide. Ultralyd i veke 17-19 er rekna med. Deretter følgjer jordmor eller lege rutinane som gjelder for «overtidige svangerskap» i samarbeid med Kvinneklinikken ved Helse MR. Alle konsultasjonane er gratis.
Ved ein første konsultasjonen er det sett av ekstra tid til samtale og informasjon, og til utfylling av svangerskapsjournal. Då vert det lagt ein plan for oppfølginga av deg og ditt svangerskap, basert på den informasjonen ein har. Du får og tilbod om henvising til ultralydundersøking. Om du skulle ha behov for spesiell oppfølging (utover det vanlege programmet), legg vi òg ein plan for det. Ta alltid med urinprøve (morgonurin). For meir informasjon om svangerskapsomsorg og kva du kan forvente av tenesta, klikk her
Fødsels- og foreldreførebuande kurs.
Desse er i regi av helsestasjonen, vekselvis Skodje og Ørskog
Kursa går over 3 kveldar a 2 timar derav ein kveld som er sett av til omvisning i Føde-/ barselavdelinga og barselhotellet.
Hovudmålgruppe er fyrstegongsgravide og partnerane deira.
Jordmor organiserar kurs etter behov og igr info på svangerskapskontroll.
Ammehjelp / rettleiing
Jordmor svarar gjerne på spørsmål og gir praktiske råd og rettleiing, i tillegg til tilbodet ved helsestasjonen. Ved behov utanom kontortida, ring Ammehjelpen (under A i telefonkatalogen).
For meir informasjon: Ammehjelpen.no
Samtale / kontroll etter fødsel
Jordmor tilbyr samtale/kontroll ca 4-6 veker etter fødselen.
Naturlege tema å ta opp er:
Fødselsopplevingar
Barseltid
Kjenslemessige endringar, amming og prevensjon
Korleis komme i form etter fødselen etc.
Jordmor sender innkalling, og konsultasjonen er gratis.
Tilbodet er frivillig.