Ørskog helse- og omsorgssenter

 

Ørskog helse- og omsorgssenter - Klikk for stort bilete

Ørskog kommunestyre vedtok i møte 28.9.2017 at Ørskog sjukeheim frå no av skal heite Ørskog helse- og omsorgssenter og omsorgsbustadar på fløy A får namnet Steinaplassen bustadar.

 

Oppgåver:

  • Drive aktiv medisinsk behandling, pleie og rehabilitering
  • Skape eit godt bumiljø for eldre som treng det
  • Gje tilbod til personar med demens i form av diagnostisering, behandling og eit tilrettelagt bumiljø
  • Skape trygge og gode arbeidstilhøve for samtlige tilsette
  • Aktivt delta  i arbeid  for å sikre gode samarbeidstilhøve på senteret og i forholdet mellom senteret og øvrige helse- og sosialtenester i kommunene
  • Arbeide for å heve den faglege standarden i eldretenestene

 Hovednummer til Ørskog helse- og omsorgssenter: 70 16 59 70

 

Detaljert kontaktinformasjon:

Sissel Nogva Refsnes - einingsleiar
922 06 402 / 70 16 59 71

sissel.nogva.refsnes@orskog.kommune.no


Lone Barlindhaug - avdelingssjukepleiar
70 16 59 72

lone.barlindhaug@orskog.kommune.no

 

Kari Wenche Lid - kjøkkenleiar                                                                                                            

Kjøkkenet: 70 27 36 42                                                                                        

kjokken@orskog.kommune.no

kari.wenche.lid@orskog.kommune.no


 

Tenester og oppgåver

 

Ørskog helse- og omsorgssenter har 2 sjukeheimsavdelingar:

  • 1. Skjerma langtidsavdeling

Skjerma langtidsavdeling har 10 plassar.
Dette er ei pasientgruppe som har særskilt behov for tenester og krev ein noko større personalressurs, på grunn av behov for skjerming, nok tilsyn, og eit stabilt personale rundt seg. Vi skaper tryggleik ved å ha ein mest mogleg strukturert kvardag med faste rutiner. I tilknyting til avdelinga er det anlagt sansehage med paviljong, til glede for både bebuarar og personalet.

 

  • 2. Somatisk avdeling med langtids-/korttids- og avlastningsopphald

Langtidsopphald

Brukarar som har eit så omfattande pleiebehov at ein ikkje kan gi tilstrekkeleg pleie og medisinsk behandling i eigen heim kan søke om langtidsopphald.
 

Korttidsopphald

Eit tidsavgrensa /ikkje varig opphald der personalet målretta skal bidra til å kartlegge, vurdere og følge opp pasientens omsorgsevne ved hjelp av tverrfagleg samarbeid.
 

Avlastningsopphald

Eit tidsavgrensa / ikkje varig opphald som fyrst og fremst skal bidra til at pårørande får avlastning når dei har særs tyngande omsorgsoppgåver i heimen.   
 

Palliativt rom

Ved somatisk langtids-/korttidsavdeling har vi eit palliativt rom der vi driv lindrande behandling i livets siste fase. Det er mogleg for pårøyrande å overnatte, dersom det er ynskje om det.

 

Kjøkken

Kjøkkenet sørger for mat til alle bebuarar på sjukeheimen, kommunale omsorgsbustader og heimebuande (matombringing). Målsetjinga for produksjonen vår er at måltidet skal vere høgdepunktet i dagen for våre brukarar.

 

Vaskeri

Privattøy til bebuarar ved Ørskog helse- og omsorgssenter og Steinaplassen bustader vert vaska her.
 

Tlf: 70 27 36 47 (måndag, tysdag og torsdag)
 

 

Hår- og fotpleie

Eininga har eige rom for denne tenesta. Fotpleier er her 1-2 gongar per månad, dette betalar pasientane for sjølve.

Tilbod om frisør er etter behov og dette betalar pasientane for sjølve.
 

Reinhald

Ørskog helse- og omsorgssenter har eigne reinhaldarar.

 

Steinaplassen bustader

Steinaplassen bustader er lokalisert i Ørskog helse- og omsorgssenter og vert drifta av heimetenestene i Ørskog.

 

Triosykkelen

Triosykkelen er stasjonert ved Ørskog helse- og omsorgssenter.

Sykkelen kan brukast av personalet, pårøyrande samt andre frivillige som ynskjer å ta med brukarar på sykkeltur. Dette gjeld like mykje heimebuande som bebuarar ved Ørskog helse- og omsorgssenter.

 

 
Sansehage - Klikk for stort bilete Kaffimat - Klikk for stort bilete Triosykkelen - Klikk for stort bilete
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 03.10.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Sissel Nogva Refsnes
Einingsleiar sjukeheimen
Tlf: 70 16 59 71
Mobil: 922 06 402
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering