Ørskogprisen 2017

Rosebukett - Klikk for stort bilete

 

Det er no høve til å fremme ein kandidat til Ørskogprisen.

Prisen

Ørskog kommunestyre vedtok i møte 28.2.2013 å innføre ein pris som erstattar tidlegare Kulturpris og Miljøpris. Namnet no er Ørskogprisen. 

Ørskog tenesteutval fungerar som jury, og foretar kvart år utdeling av Ørskogprisen. Prisen er ein pengegåve med tilhøyrande diplom av lokal kunstnar.

Rådmannen oppmodar kommunen sine innbyggjarar til å foreslå kandidatar!

Overrekkinga skjer på 1. søndag i advent-arrangementet på samfunnshuset.

 

Vedtekter

a)Ørskog kommunestyre deler kvart år ut ein Ørskogpris til ein person, lag, organisasjon eller verksemd. Desse må vere busett i, eller ha tilknyting til kommunen.

b) Formålet med prisen skal vere ei påskjønning og oppmuntre til vidare arbeid innan eitt eller fleire av fylgjande område:

i. Kulturell innsats gjennom kulturelt engasjement, bidrag til kulturlivet eller kulturelle tiltak/arrangement. Dette gjeld og ungdom under utdanningi kunstnarlege fag.

ii. Miljøtiltak gjennom haldningsskapande innsats eller fysiske tiltak innan område som: klima og energitiltak, nærmiljøtiltak, landskapspleie, grøntanlegg, byggeskikk, ivaretaking av kulturlandskap, forvaltning av naturområde, trafikktryggleik, turisme/reiseliv.

iii. Ein frivillig innsats som med positiv begeistring er til beste for lokalsamfunnet, og som bidreg til eit positivt omdømme for Ørskog kommune.       

 

Forslag

Frist til å sende inn forslag er 13. oktober, anten via post:

Ørskog kommune
Øyravegen 11
6240 Ørskog

 

eller per e-post: post@orskog.kommune.no

 

Tidlegare vinnarar
 

Frå 1993 fordeler kulturprisen seg slik med ulike kulturutrykk:

1993 Tekstil/bunad - Berte Melle

1994 Musikk - Peder Lande

1995 Lokalhistorie - Rolv Amdam

1996 Skulptur - Jørund Amdam

1997 Idrett - Arild Aanes

1998 Idrett - Olav Maridal

1999 Organisasjonsarbeid - Ørskog Bondekvinnelag

2000 Barne-og ungdomsarbeid - Mons Olav Walgermo

2001 Musikk - Ørskog blandakor (Ørskogkoret)

2002 Musikk / idrett - Ingvar Bøe

2003 Generell kulturarbeid - Grethe Leikny Gjerde

2004 Lokalhistorie - Hans O. Sjøholt

2005 Musikk - Kjell Opsal

2006 Generelt kulturarbeid - Elevar og tilsette ved Skarbø skule

2007 Musikk / lyd / ungdomsarb. - Terje Haaheim

2008 Generelt kulturarbeid - Asbjørg Rørstad
2009 Musikk - Ørskog skulekorps
2010 Lokalhistorie – Tore Gjære
2011 Generelt kulturarbeid/Barne- og undomsarbeid – Gro Christiansen
2012 Kinodrift – Sigmund Braute

 

Miljøprisen:

2010 Gunnhild Todal

2011 Ålesund og Omland Friluftsråd ved Geir Haugli

2012 Ikkje utdelt

 

Ørskogprisen:

2013 Lokalhistorie – Ole Øystein Nybø

2014 Organisasjonsarbeid – Ørskog Bygdekvinnelag

2015 Musikk – Arne Solheim

2016 Frivillig arbeid - Per Frode Tangen

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.10.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering