Lokaldemokratiet styrkast

Mads Solberg - Klikk for stort bilete

Mads Solberg har takka ja til prosjektstillinga for å utvikle nærdemokratiet i nye Ålesund kommune.

Målet er å ha eit levande lokaldemokrati og sikre medverknad for lokalpolitikarane og innbyggarane i alle delar av den nye kommunen.

 

Nye Ålesund - Klikk for stort bilete

Kommunane som dannar nye Ålesund har klare mål om å utvikle modellar som sikrar brei og reell involvering, medverknad og samarbeid i ein ny kommune. Nye Ålesund kommune har difor tilbydd Mads Solberg stillinga som prosjektmedarbeidar for demokratiutvikling. Stillinga har i utgangspunktet eitt års varigheit, med mogleg forlenging.

 

Arbeidsoppgåver

Solberg skal gjennomføre prosjektet Innbyggarinvolvering i nye Ålesund kommune, definere styrkar og svakheiter med medvirkningsordingane slik som dei er i dag og samarbeide med aktuelle aktørar for å få innspel til og prøve ut ulike alternative demokratiske modellar.

Solberg får også ei viktig rolle når det gjeld god og kontinuerleg informasjon til innbyggarar og andre om arbeidet med utvikling av lokaldemokrati i den nye kommunen.

 

Mads Solberg

Mads Solberg (32) er ålesundar. Han er forskar/doktorgradstipendiat ved Universitetet i Bergen  og ferdigstiller i mars ein samfunnsvitskapeleg doktorgrad som omhandlar teknologiutvikling og kunnskapsoverføring i eit marint innovasjonsmiljø. Solberg har tverrfageleg bakgrunn. I mastergraden sin har Solberg spesialisering i antropologi. I bacheloren har han bakgrunn frå antropologi, kognitiv vitskap, og religionsvitskap. Som antropolog er han kjend med ein rekke samfunnsmodellar og er særskilt opptatt av å identifisere styrkar og svakheiter ved ulike organisasjonsformer for politisk aktivitet. Han har i tillegg erfaring frå offentleg forvaltning som informasjonsmedarbeidar og rådgjevar.


Solberg tiltrer i stillinga 1. april og vil vere ein del av prosjektorganisasjonen som arbeider med å danne nye Ålesund.

 

Prosjektmidlar

Fylkesmannen har løyvd prosjektmidlar til revitalisering og utvikling av lokaldemokrati og e-demokrati der medverknad for innbyggarar og næringsliv står sentralt.


Kontakt

For meir informasjon kontakt:

Mads Solberg, 408 65 639

Prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune, Anne Berit Støyva Emblem, 922 43 364 eller

Strategi- og utviklingssjef i Ålesund kommune, Anne Mette Liavaag, 992 32 321

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering