Ørskog Bluesfest - no er det ikkje lenge igjen!

Bluesfesten 2017 - Klikk for stort bilete

No er det ikkje lenge igjen!

Ørskog Bluesfest er klar med årets plakat og med lovnadar om stor stemning for store og små! Ikkje alt programmet er annonsert enno, men mykje kan du lese her og elles på heimesida til bluesfesten.

 

Torsdag 31. august

Det heile startar, i år som tidlegare, med ein utandørs, rusfri og gratis familiekonsert der kombinasjonen vakker natur, svingande rytmar og born og vaksne i alle alderar har vist seg uslåeleg! Tidlegare har desse konsertane vore halden oppe ved gruvene (Gruveblues), i Prestefjøra (Fjøreblues), på Gausneset (Kraftblues), i Skråvika (Bølgeblues) og på Elvastien (Elva-Pe blues). 

Det er enno ikkje annonsert kvar årets konsert vert halden, men det skjer på torsdag 31. august kl. 17.00. Så inviter med tanter, bestefar og små venner til ein stemningsfull ettermiddag!


 

Ungdomsblues

Av ungdommen, for ungdommen. Ungdomsklubben samarbeider med Ørskog Bluesfest og arrangerer ein forrykande kveld ved ungdomsklubben i hallen, fredag 1. september kl. 20.00.
 

 

Bluesparade og familiefest

Bluesparade! Ta med heile familien på ein storslagen parade med brassband, bluesband og dans.

Vi starter frå samfunnshuset laurdag 2. september kl. 12.00 og går utover, krysser hovudvegen ved småbåthavna, rundar rådhuset og tilbake til samfunnshuset. Deretter vert det barne- og familiekonsert inne på festivalområdet, ansiktsmaling, ymse godsaker og sprell!

KARNEVALSPARADE, Klovnen klumse, ANSIKTSMALING, POPCORN, Sukkerspinn, BRASSBAND, CHEERLEADERS, BLUESBAND, BALLONGFIGURER, NOREGS BESTE GRILLMAT 
 

Vaksenblues

Fredag og laurdag kveld på festivalområdet blir det vaksenblues med mellom andre Torbjørn Risager & The Black Tornado, Greasy Gravy og Gráinne Duffy.
 

 

Kyrkjeblues

Eit friminutt frå stress og mas. Stig Ulv, gitaren hans og sjelefred. Ørskog kyrkje søndag 3. september.

.

Ørskog Bluesfest si heimeside - her finn du alt du treng av informasjon!


Billettar

Billettar får du kjøpt anten i døra eller hos tikkio.

Prisane er som følger:

  • Friluftsbluesen på torsdagen er eit gratis arrangement, men om ein ynskjer kan ein legge ein slant i melkespannet.
  • Ungdomsblues: kr. 100,-
  • Bluesparade og familiefest: Sjølve paraden er gratis, men for å vere med på konserten og showet inne på festivalområdet, kostar det kr. 50,- per barn og kr. 100,- per voksen.
  • Fredagspass: kr. 475,-
  • Laurdagspass: kr. 575,-
  • Helgepass: kr. 875,-

 .

 

Blide vakter Blues café Bluesfesten 2017 Bluesplakat 2016 Built for Speed Built for Speed 2 Fotograf: Sindre Sjøholt Dana Fuchs Dana Fuchs 3 Dana Fuchs 4 Fotograf: Sindre Sjøholt Fotograf: Sindre Sjøholt Festivalkaptein Jo Even Tomren
Fotograf Sindre Sjøholt | Fotograf: Sindre Sjøholt Fjøreblues 2013
Fototgraf Sindre Sjøholt | Fotograf: Sindre Sjøholt Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø Fotograf: Knut Steinar Dyrkorn Fotograf: Sindre Sjøholt Fotograf: Sindre Sjøholt Knut Reiersrud Kraftblues 2014 Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø Maria og Frank Mr Thomas Skogsarbeid Skogsarbeid 3 Stemningsskapaparar på Blues Café

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 14.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering