Nyttige snarvegar
Tal om Ørskog

Kva skjer?

mai 2013
tyontofrla
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789

Nyhetsfeed

Klarte ikkje hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   
Publisert 06.03.2013
Kommunevåpen

Ørskog kommune deler kvart år ut midlar til lag og organisasjonar etter søknad. Målet med midlane er å stimulere til kvalitet, styrke felleskulturen og at dei skal kome flest mogleg til gode.

Søknadsfrist 1. april

Publisert 28.08.2012

Det er no høve til å kome med forslag til kandiatar for kulturprisen 2012 i Ørskog kommune. Fristen for innkomne forlag er i år sett til 18. september

Publisert 04.05.2012

Handlingsdel for plan for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast årleg.
Innspel til planen må vere kommunen skriftleg i hende innan 16. mai 2012.
Dersom lag  organisasjonar har planar om å søke spelemidlar for 2013 må tiltaket vere priortert i denne planen.

Publisert 27.04.2012

Mads-André Hansen får ungdommens kulturpris for 2012. Dette vedtok ungdommens kommunestyre i Ørskog i møte 26.04. Det var i år mange gode kandidatar til prisen, men eit stort fleirtal samla seg om forslaget om å tildele Mads-André Hansen prisen.

Mads-André er ein av fleire kjende kokkar som starta karriera på Ørskog vidaregåande skule. Vidare har ferden gått til Lom og Fossheim turisthotell som lærling, og Strand restaurant på Høvik der han no er kokk.

Publisert 16.03.2012
Kulturprisvinnar 2010

No kan du foreslå kandidatar til ungdommens kulturpris i Ørskog!

Publisert 15.02.2012
UKM 2012

Førstkomande søndag, 19. februar skjer det på Ørskog samfunnshus. Heile 14 sceneinnslag og 8 kunstinnslag er klare for ungdommens kulturmønstring i år. Nærmare 50 aktørar skal vise fram det dei har jobba med. Det er stor bredde og variasjon i innslaga, i tillegg til høg kvalitet på det som skal visast fram.

Publisert 13.02.2012
Ørskog brass i NM 2010

Ørskog Brass gjorde i helga ein strålande innsats i NM for Brass i Grieghallen, og kunne med sine 94,5 poeng sikre seg sølvet.
Ørskog Brass stilte i 1. divisjon, og med 2. plass denne gongen, er dette den beste plasseringa korpset har teke nokon gong. Det var berre eit halvt poeng fram til 1. plassen som gjekk til Tertnes Brass.
Mykje øving, hardt arbeid og enorm speleglede gir med andre ord flott resultat. Gratulerer!

Publisert 09.01.2012
Geir Haugli

Ørskog kommune oppretta i 2010 kommunal miljøpris. Prisen er meint å skulle spore til arbeid for å betre miljøet i Ørskog kommune.  Med miljø er her tenkt noko så vidtrekkande som til dømes klima- og energitiltak, nærmiljøtiltak, landskapspleie, grøntanlegg, byggeskikk og ivaretaking av gamalt og/eller nytt kulturlandskap.  Det er Ørskog tenesteutval som tildeler priser.

Miljøprisen for 2011 vart tildelt Ålesund og Omland Friluftsråd ved Geir Haugli.

Publisert 01.12.2011
Folkeliv ved elva

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Elvastien i Ørskog pris for den best universelt utforma turstien i fylket!

Prisen vart delt ut i Ålesund på konferansen "universell utforming langs land og vatn".
Premiepengane på 30.000,- skal nyttast til å vidareutvikle området.

Publisert 15.11.2011
Gro Christiansen

Speiderleiar gjennom mange år, Gro Christiansen, får Ørskog kommune sin kulturpris for 2011. Ørskog tenesteutval var samrøystes i sitt syn om at Christiansen er ein verdig vinnar av kulturprisen.

   

Kontaktinformasjon

Ørskog kommune Rådhuset
6240 Ørskog
E-post : post@orskog.kommune.no
Telefon
: 70 27 29 00

Faks
: 70 27 29 01
Org.nr.
: 864978932
Kommunenr.
: 1523

Søk

Skriftstørrelse

a - a - a

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Bilder fra Ørskog

Fotograf: Charles Rankin
Hamna og Ørskog kyrkje
Charles Rankin
Renovasjon - Miljøstasjon
Skisporet.no

Fakta for dagen

 
  Kommunevåpenet: "På hermelingrunn ein gull pæl" er teikna av Jarle Skuset og symboliserer skogbruk. Hermelingrunnen symboliserer pelsdyravlen som tidlegare viktig næring i kommunen og viltdyrbestanden.
  -

Dagens fakta
Levert av ACOS AS
Web ansvarleg Åse Karin Gjære