Hovudregelen er at alle saksdokument i offentleg forvaltning er offentlege og opne for innsyn. Dette følgjer av lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (Offentleglova). Føremålet med lova er blant anna å leggje til rette for ei open og gjennomsiktig forvaltning.
Dette betyr til dømes at henvendingar til kommunen i form av brev og e-post i utgangspunktet er offentlege.
Retten til innsyn gjeld også saksdokument som blir produserte i samband med offentlege anskaffingar. Lova inneheld likevel nokre unntaksreglar det er viktig å kjenne til:
-
Dersom dokument inneheld opplysningar som er omfatta av teieplikt (til dømes forretningsløyndomar i tilbod) skal dette vere unnateke frå retten til innsyn, jf Offentleglova § 13.
-
§ 23 i lova opnar for at det kan gjerast unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon. For saker som gjeld anskaffingar kan det gjevast unntak for innsyn for protokoll og tilbod fram til val av leverandør er gjort.
Krav om innsyn skal behandlast utan ugrunna opphald. Kva som skal reknast som ugrunna opphald må vurderast konkret, blant anna ut frå om innsynskravet reiser vanskelege spørsmål og kva omfang kravet har. Dersom det ikkje har kome svar på kravet om innsyn innan fem arbeidsdagar, blir dette rekna som eit avslag som kan påklagast, jf. § 32.
Ørskog kommune offentleggjer postjournalen på kommunen sine heimesider, men ikkje sjølve dokumenta. Etter den nye lova må kommunen vise til heimel i lov for avslag på førespurnad om innsyn.
Sakspapir med behandling og vedtak: Så snart protokollen er ferdig frå sakshandsamar vert vedtaka med behandling påført sakspapira og lagt ut på nettsida. Den formelt vedtekne protokollen skal underskrivast og godkjennast av to politikarar. Det kan ta litt tid, og difor er vedtak og behandling som ligg på nettsida førebels inn til dette er gjort. Møtet er då merka protokollert.
Offentleglova, som gjeld frå 1. januar 2009, styrkjer retten til innsyn i saksdokument i forvaltninga. Justisdepartementet har utarbeidd ein rettleiar til lova.
http://www.regjeringen.no/upload/JD/Vedlegg/Veiledninger/Rettleiar_offentleglova.pdf