Tlf. 70 27 03 00 heile døgnet.
Legevakt ligg på Sjøholt, i underetasjen på Ørskog sjukeheim.
Interkommunal legevakt mellom kommunane Skodje, Stordal og Ørskog
Ansvar for naudsynt hjelp for personar som bur eller oppheld seg i kommunane Skodje, Stordal og Ørskog.
Ansvaret gjeld alle dagar, men ikkje i opningstida for legekontora på dagtid.
Opningstidene på legevakta i Skodje, Stordal og Ørskog:
Kvardagar: 15.30-22.00
Laurdag: 11.00-17.00
Søndag/Heilagdagar: 14.00-20.00
Nattlegevakt
Legevakt frå kl 2200 til kl 0800 er overført til legevakta i Ålesund.
Dette fører til at publikum som ringer legevakta i dette tidsrommet kjem automatisk til legevakta i Ålesund, og vakthavande lege der.
Legane i vaktdistriktet Skodje, Stordal og Ørskog har alle dagar vakt til kl 22.00.
Det er same telefonnummer heile døgnet: 70 27 03 00.