Nyttige snarvegar
Tal om Ørskog

Kva skjer?

mai 2013
tyontofrla
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789

Nyhetsfeed

Klarte ikkje hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   

Ørskog kulturskule.

Ørskog kulturskule er lokalisert ved Sjøholt skule og gjev tilbod til omlag 80 elevar. Skulen samarbeider med grunnskulane om praktiske/estetiske prosjekt. Det er også eit nært samarbeid med nabokommunane og det vert ytt tenester til lag og organisasjonar.

Kulturskulen si heimeside finn du her


Generelt om val av instrument
Ulike instrument set ulike krav til eleven. Generelt kan ein seie at born med ei normal motorisk utvikling kan ta til med instrumentalundervisning frå 8-10 års alder. På strykeinstrument kan det vere mogleg å starte tidlegare. Det viktigaste er likevel
at eleven er motivert til å lære å spele eit instrument.

Undervisningsform
Vi skil mellom individuelt tilpassa undervisning og gruppeundervisning. Den individuelt tilpassa undervisninga går føre seg med 1 - 5 elevar til stades. Individuelt tilpassa undervisning er i endå sterkare grad lagt opp etter eleven sine føresetnader
enn gruppeundervisning. Det er ingen fast regel om kor lenge ei undervisningsøkt varer. Dette er ei vurdering kulturskulen må gjere ut frå ressursar og elevane sine forutsetningar.
Tangentinstrument: Dette er instrument som piano, orgel, synth. og keyboard. Vi stiller som krav at eleven har tilgang til instrument for øving. Vi aksepterer at ein t.d. har eit elektronisk instrument til øving mens opplæringa vil normalt vere på eit akustisk
piano. Ein skal då vere klar over at det fins mange typar elektroniske tangentinstrument. Det er viktig at eit slikt instrument har normal avstand og storleik på tangentar, og at det har tangentar/mekanikk som er gode/riktige å spele på for eleven. Etter nærare avtale med kulturskulen kan vi også gje opplæring på kyrkjeorgel.

Utleige av instrument
Kulturskulen har nokre fiolinar og ukuleler til utleige. For alle andre er det ei forutsetning at
eleven diponerer instrument sjølv. Gitar: Vi har ulike typar som akustisk gitar, el-gitar
og el-bass. For dei yngste elevane våre som ønskjer å ta til med gitar, kan eit godt begynneralternativ vere å starte med ukulele.

Strykar:
Instrumenta er fiolin, bratsj, cello og kontrabass. Utgangspunktet for opplæringa vår er
fiolin. Fiolin finst i tilpassa storleikar for born. Kulturskulen disponerer nokre få instrument i
mindre storleikar og desse er til utleige. Når eleven vert så stor at det er behov for instrument i full storleik set vi føre at eleven skaffar seg instrument frå anna hald.

Song
Tilbod om individuell undervisning. Tilbodet er særleg egna for elevar frå 10 - 12 års alder.
Innan song fins det ulike retningar. Vi skil tilbodet vårt ved å gje tilbod innan klassisk retta song og innan anna vokalbruk/song. Eit svært enkelt skilje mellom desse to songtypane gjer vi med seie at "klassisk retta song" går føre seg utan mikrofon. "Anna vokalbruk/song" nyttar mikrofon. Skriv litt under "Andre opplysningar" om kva du ønskjer.

Slagverk
Vi vil primært tilby grunnopplæring for elevar som ønskjer på eit tidspunkt å spele saman
med andre. Dette kan t.d. vere samspel i skulekorpset eller gjennom eit av kulturskulen sine samspeltilbod. Ukulele : Ukulelen er det minste medlemmet i gitarfamilien.
Den har berre fire strengar, og eignar seg godt til å "kompe" song med. Vi ser også at
ukulele kan vere eit "forkurs" til gitarundervisning.

Form & Farge
Form og farge er eit gruppetilbod. Nedre aldersgrense er sett til 3. klasse. Føresetnaden er interesse for formingsfag. Tilbodet tek for seg ulike teknikkar innan teikning, fargebruk og keramikk. Tilbodet vert organisert med tre ulike lærarar som underviser ulike kurs. Det vert leire/keramikk, teikning med blyant/kullstift og fargebruk med akvarellmåling.

Lyd, lys & bilde
Tilbodet tek for seg ulike teknikkar i samband med PA- lyd, opptak av lyd, lyssetting og video / billedbruk. Nedre aldersgrense er sett til 8. klasse. I dette tilbodet vil vi søkje samarbeid med med andre lokale aktørar som har aktivitet innan dette feltet.
Undervisninga vil gå føre seg i periodar og bygd opp rundt ulike prosjekt som skjer i bygda. Ein kan dermed ikkje rekne med at det vert faste oppmøtetider/ dagar. Ei av målsetjingane våre er å gje ei opplæring slik at deltakarane kan utføre arbeid ved lyd- og lysmiksarane under ei forestilling på t.d. Ørskog samfunnshus.

Teater / drama
Dette er eit gruppetilbod til alle interesserte. Målet vårt er at undervisninga munner ut i ei forestilling ein gong i løpet av vårsemesteret. Aktiviteten og innhaldet i tilbodet er avhengig av dei som melder seg på.

Samspel
Vi meiner at det å spele og syngje er ein sosial aktivitet der det er ein fordel at ein er fleire saman. Kulturskulen set saman grupper både av elevar ved kulturskulen og andre elevar. Utgangspunktet vårt er sjølvsagt å byggje opp rundt elevane våre og gje
dei eit godt tilbod. For komande skuleår vil dette vere ei undervisningsform der vi over kortare eller lengre periodar vil drive med samspel dersom forholda ligg til rette for det. I løpet av året kan ei av undervisningsformene vere å lage ein CD eller DVD.

Ballett/dans
Eit gruppetilbod til alle som likar dans og rytmisk musikk. For gutar og jenter frå 1. til 10. klasse. Innhaldet i tilbodet vil vere regulert av den tilgangen vi har på lærarkrefter.
Ørskog kulturskule sitt forhold til frivillig musikkliv - andre tilbod. Ørskog kulturskule ønskjer ikkje å kome i eit uønskja konkurranseforhold med eksisterande frivillig musikkliv i kommunen. Vi ønskjer derimot å vere til støtte og ta del i samarbeid. Vi meiner likevel
det i prinsippet skal vere høve til å søkje Ørskog kulturskule om elevplass på alle typar instrument. Vi vil så vurdere søknaden og ta ei avgjerd om vi kan/skal kunne tilby denne elevplassen. Dersom dette er aktuelt, ver då venleg å nytte rubrikken "anna ønskje."

Ørskog skulekorps
Vi ønskjer å få ein oversikt over dei som er interesserte i skulekorpset. Alle som kryssar av i boksen for "skulekorps" vil bli kontakta av representantar for Ørskog skulekorps. All vidare informasjon om skulekorpset vil då kome frå Ørskog skulekorps. Til vanleg startar ein pplæringa frå starten av 3. klasse. Kva anna kan vi bidra med? Innan dei områda kulturskulen har aktivitet, har kulturskulen god kompetanse. Vi står gjerne til disposisjon med råd og vink omkring t.d. val av instrument, ved kjøp av instrument, omkring motivasjon av elevane osb. Ta gjerne kontakt med oss!

Konsertar
Kvart år arrangerer vi eigne konsertar for elevane våre. I tillegg deltek vi på konsertar i kyrkja , på Samfunnshuset og på sjukeheimen.

Kva krav set vi til eleven?
Vi ønskjer å vere med å stimulere eleven til å finne den eller dei aktivitetane som passar til han eller henne. Vi finn det difor naturleg at eleven har lyst til og har interesse for det tilbodet eleven er med på. Vi set i første omgang ikkje krav til eigeninnsats og
øving, då elevar som har interesse likevel vil gjere ein eigeninnsats heime. Enkelte krav set vi likevel. Vi vil ha melding om eleven er forhindra i å møte. Vi vil drive ein skule og vi vil med det ha dei forpliktingane eit godt undervisningstilbod krev. Kva krav kan brukaren setje til kulturskulen? Ut frå dei ressursane vi har til rådvelde skal Ørskog kulturskule gje undervisning og yte tenester. Ved å vende seg til kulturskulen skal brukaren kunne få
hjelp og svar på spørsmål som vedkjem brukaren. Brukaren skal ha ein plan som viser når undervisning finn stad. Til vanleg er dette eit fast oppmøte kvar veke. Dersom det vert endringar plikter kulturskulen gå gje varsel om dette på førehand dersom det er mogleg. Kulturskulen kan også avlyse inntil to frammøter pr. semester utan at det vil få verknad
for elevebetaling. I periodar kan det vere større aktivitet enn elles. Det kan då vere aktuelt å gjennomføre ei form for avspasering. Elevane vil få skriftleg melding i god tid dersom dette er aktuelt.

Spørsmål til kulturskulen
Svar på spørsmål kan ein få ved å vende seg til Ørskog kulturskule, v/ rektor Gaute Aamlid,
tel. 70 27 39 79 eller 906 58 586. Telefaks: 70 27 39 71

Ein kan også nytte e-post:
kulturskulen@orskog.kommune.no

Kort informasjon for økonomi og rutinar.
1.
Kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen i Ørskog kommune.

2.
Elevkontingenten er fastsett av Ørskog kommunestyre, og vil for skuleåret 2013/2014 vere kr.3.100,- for instrumental/songundervisning (kr.2.900,- ved søskenmoderasjon) Ved søskenmoderasjon betaler ein fullt for ein elev, for vidare elevplassar betaler ein satsen for søskenmoderasjon. Dersom ein elev har fleire elevplassar, betalast det fullt berre for den
eine plassen. Elevar som sluttar i løpet av semesteret vil vanlegvis ikkje få ettergjeve elevkontingenten.

3.
Kontingenten for gruppeundervisning er sett til kr. 2.700,- pr. skuleår.

4.
Skuleåret er delt inn i to semester, og elevbetalinga vert kravd inn mot slutten av kvart semester.

5.
Undervisninga er lagt til Sjøholt skule. Anna undervisningsstad kan vere aktuell i særlege høve. Val av undervisningsstad vert gjort ut frå ei totalvurdering.

6.
Utmelding skal gjerast skriftleg og innan fastsette fristar. (Vanlegvis innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret.)

7.
Hovudopptaket finn stad i juni. Elevar som ikkje får plass får tilbod om å stå på ei venteliste. Etter kvart som det vert ledig plass vil dei som står på venteliste få tilbod.


Publisert av Ann-Mari Abelvik. Sist endra 18.02.2013
   

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Gaute Aamlid Sjøholt skule Rådhuset
6240 Ørskog
E-post : post@orskog.kommune.no
Telefon
: 70 27 29 00

Mobil
: 906 58 586

Søk

Skriftstørrelse

a - a - a

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Bilder fra Ørskog

Fotograf: Olav Jan Bårdsgjerde
Solnedgang Storfjorden
Olav Jan Bårdsgjerde
Renovasjon - Miljøstasjon
Skisporet.no

Fakta for dagen

 
  Visjonen til Ørskog kommune er " Den gode kommunen der alle trivst og kjenner seg trygge"
  -

Dagens fakta
Levert av ACOS AS