Sørviskontoret er innbyggjarne sitt første møte med Ørskog kommune når dei ringer til kommunen, tek kontakt pr.e-post eller kjem innom rådhuset. Vi på sørviskontoret har som mål å yte god tenester og sikre publikum rask sakshandling og kontakt med rett person/saksbehandlar. Vi legg opp til at publikum skal få utført mest mogleg av oppgåvene sine i sørviskontoret.
Dersom du skal vere heilt sikker på at du får hjelp når du kjem til oss, kan det vere nødvendig at du må prate med ein saksbehandlar. Ta kontakt på førehand slik at vi set av ein time med saksbehandlar til deg, dersom saka di treng skjønsmessig behandling.
Gjennom felles resepsjon for alle tenesteområda i kommunen, skal sørviskontoret bidra til at den kommunale administrasjonen står fram som ei samla eining. Døme på tenester vi skal utføre er:
- informere, koordinere, gi råd og rettleiing vedk.kommunale tenester
- postmottak
- arkiv -
- bustøtte
- utlevering av søknadsskjema
- avfallsspørsmål
- utlån av møterom
- kartutsnitt
- eigedomsopplysningar/kommunale gebyr
- ledige kommunale bustadtomter
- kopiering
- ta mot info/ønskje frå publikum for å betre kommunen sine tenester
- orientering om saksgang
- politiske møte
- kunngjeringar
- evt. avtale time med saksbehandlar
- heimeside Ørskog kommune
- koordinator kultur
Utover dette har tilsette på sørviskontoret interne sekretær- og sørvisoppgåver