Heimetenestene

Ulike tenester som skal omfatte det brukaren ikkje klarer å gjere for å dekke personlege og praktiske behov.

Heimetenester:
Avd. leiar: Birte Ramsvik tlf.70 27 38 00

Tenester: Heimesjukepleie, heimehjelp, trygghetsalarm, hjelpemiddelformidling, dagsenter, bolig

Kven er tenesta for: Personar som bur og oppheld seg i Ørskog kommune, og som over kortare eller lengre tid har eit hjelpebehov som kan løysast i heimen.

Mål: At alle kan bu i heimen sin lengst mogleg.

Gi hjelp og bistand til innbyggjarar og personar som oppheld seg i Ørskog kommmune og som av helsemessige årsaker treng dette over kortare eller lengre perioder. Dette inneber både akutt og planlagt medisinsk hjelp, pleie, samt bistand i heimen.

•  Heimesjukepleie: Stell, pleie, medisinsk hjelp og tilsyn til heimebuande.

•  Heimehjelp: Hjelp til reinhald i heimen, oppgåver ein ikkje klarer sjølv.

•  Steinholt Busenter
Steinholt Busenter opna offisielt 5. juni etter ein lengre ombygningsperiode. Busenteret rommer totalt 18 omsorgsbustader i varierande storleik. Her er bustader for dei som synes dei har nok med eit rom med kjøkkenkrok, dei som vil ha ei sovealkove, og større leiligheter som er berekna for par.
I bustadane som vender mot vest, er det innglassa verandaer med flott utsikt. Dei som flyttar inn her, bur som i eigen heim, betaler husleige og får tildelt heimesjukepleie og heimehjelp etter søknad og behov.
Omsorgsbustadene må søkast på, og det er vedtaksnemda som tildeler.
Heimetenesten har flytta kontora sine til bygget, noko som gir bebuerane auka tryggleik.

Dagsenter for eldre er under planlegging.

Bu og habilitering
Avd.leiar: Ingunn Marken Tlf:70 27 11 20

Tenestemottakarane har eit heilheitleg og tverrfagleg tilrettelagt tilbod. Dei fleste har eit omfattande hjelpebehov og treng heildøgns pleie og omsorg.

 Tenester:

•  Praktisk bistand til dagleglivets gjeremål

•   Opplæring og vedlikehaldstrening i daglege gjeremål

•   Heimesjukepleie

•    Heimehjelp

•    Rehabilitering

•    Habilitering

•    Ferie og fritidsaktivitetar

•    Aktivitetssenter/ dagtilbod

 

Publisert av Ann-Mari Abelvik. Sist endra 22.02.2012
   

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Kari Sjøholt
6240 Ørskog
E-post : post@orskog.kommune.no
Telefon
: 70 27 38 02

Søk

Skriftstørrelse

a - a - a

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Bilder fra Ørskog

Fotograf: Erlend Haddal
Høgsvora og Geitnibba frå lufta
Erlend Haddal
Renovasjon - Miljøstasjon
Skisporet.no

Fakta for dagen

 
  Visjonen til Ørskog kommune er " Den gode kommunen der alle trivst og kjenner seg trygge"
  -

Dagens fakta
Levert av ACOS AS