Helseavdelinga finn vi i 1. etasje ved Ørskog sjukeheim.
Tenesteområda:
Helsestasjon: Førebyggande og fellesfunksjonar
Førebyggande helsetenester som helsestasjon, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste, miljøretta helsevern og smittevern, einingsleiar og folkehelsekoordinator, samt administrative, økonomiske og personalsaker for heile Helseavdelinga.
Legekontor
Ansvar for naudsynt hjelp i kontortida kvar dag, og tilbod om fastlege til innbyggjarane i Ørskog kommune. Innbyggjarane kan velje fastlege over kommunegrensene.
Fastlege
Fastlegeordninga gir alle innbyggjarane i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Fastlegen har plikt til å prioritere innbyggjarar på eiga liste. Trykk på linken for meir informasjon:
Interkommunal legevakt mellom kommunane Skodje, Stordal og Ørskog
Ansvar for naudsynt hjelp for personar som bur eller oppheld seg i kommunane Skodje, Stordal og Ørskog. Ansvaret gjeld alle dagar, men ikkje i opningstida for legekontora på dagtid.
Opningstidene på legevakta i Skodje, Stordal og Ørskog:
Kvardagar: 15.30-22.00
Laurdag: 11.00-17.00
Søndag/Heilagdagar: 14.00-20.00
Nattlegevakt
Frå kl 2200 til kl 0800 vert ansvar for legevakt overført til legevakta i Ålesund, lokalisert ved sjukehuset.
Dette fører til at publikum som ringer legevakta i dette tidsrommet kjem automatisk til legevakta i Ålesund, og vakthavande lege der.
Legane i vaktdistriktet Skodje, Stordal og Ørskog har alle dagar vakt til kl 22.00.
Det er same telefonnummer heile døgnet: 70270300.
Fysioterapi
Ansvar for tilbod om fysikalsk behandling til innbyggjarane i Ørskog. Pasientane kan fritt velje fysioterapeut over kommunegrensa.
Psykiatrisk sjukepleie
Ansvar for psykiatriske sjukepleie for innbyggarar i Ørskog kommune.