Tilskot gjennom Regionalt miljøprogram

Tilskot gjennom Regionalt miljøprogram

Eit aktivt, livskraftig landbruk vil kunne vedlikehalde og utvikle det verdifulle kulturlandskapet som samfunnet vil ha. Formålet med ordningane er å svare på miljøutfordringane for jordbruket.

Føresetnaden for å kunne søkje tilskot frå dei ulike ordningane i miljøprogrammet er at føretaket har rett på produksjonstilskot, og har miljøplan trinn 1. For å søkje på tilskot til skjøtsel av artsrike slåttenger og naturbeitemark, må føretaket ha miljøplan trinn 2. Tilskot kan også gjevast til beitelag godkjende av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. (gjeld ordninga til beitelag.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje om tilskot frå ordningane i regionalt miljøprogram er 20. august. Det kan søkjast for dei dyr og areal føretaket disponerer per 31.07. Søknadsfristen for beitelag er 1. november.

RMP har desse ordningane:

Tilskot til beitelag, rammetildeling for skjøtsel av verdifulle kulturlandskap, tilskot til bruk med sau som går ute heile året, tilskot til areal i soner med særleg verdifullt kulturlandskap, tilskot til stell av artsrike slåtteenger og beite, tilskot til seterdrift med mjølkeproduksjon, tilskot til stell av automatisk freda kulturminne på innmark, tilskot til utsett jordarbeiding av kornareal/eittårig raigras.

Publisert av Harriet Listhaug. Sist endra 23.11.2010
   
Telefon :
70 27 29 43
Mobil :
90513075
Tittel :
Landbrukssjef
Bunnhjørne
Levert av ACOS AS
Web ansvarleg Åse Karin Gjære