Ørskog kommune si historie

                                                                          Ørskog - Sunnmørsperla ved Storfjorden
Jonsokfeiring i Prestefjøra - Klikk for stort bileteJonsokfeiring i Prestefjøra Hilde Sørdal  

Prestegardsmarka - Klikk for stort biletePrestegardsmarka

 

Forming av landskapet

Istida let etter seg fjell, dalar, elvar og strandområder i Ørskog, som i andre kystområder på Vestlandet. Fjella er små sidearmar ut frå den fjellkjeda som stikk ut i frå Jotunheimen og lagar eit fast grenseskil mellom Sunnmøre og Romsdal. Ørskog har tre dalfører med elvar, Solnørdalvassdraget, Ørskogelva og Vaksvikelva. I kommunen er det godt jordsmonn på fine flater, skog med variert vegetasjon og rikt dyreliv, viker som gir rikeleg med fisk, som til sum har gitt godt livsgrunnlag for mennesker her i lange tider. Truleg var den faste busetnaden i Ørskog mellom dei tidlegaste i regionen. Den einaste øya i kommunen er det i dag ikkje busetnad på, men historisk har Langskipsøy vore viktig, både som sæte for sjøvernet (Valle skipreie) og som lasteplass for trelastutførsle.

 

Fornfunn

Det er gjort fornfunn på mest alle gardane langs sjøen i Ørskog: Viset, Vaksvik, Vestre, Amdam, Gausnes, Voll, Giskemo, Lande, Sjøholt, Apalset, Tøsse og Langskipsøy. Dette dreier seg om flintbitar, pilspisser, økser, gravrøyser, myrjarnutvinning og anna.

 

 Sentral plassering

" - der vegar møtest" er ofte brukt som slagord for Ørskog kommune, og Ørskog har i mange samanhenger vore eit senter i området: Vegen mellom Ålesund og Molde/Åndalsnes møter vegen innover i Storfjorden, sjøtrafikk har møtt landtrafikk, handelsvarer frå innlandet har blitt bytt med handelsvarer frå kysten, det har vore senter for post, telegraf, turisme, militærstell, trelasthandel, lensmann, kyrkje, utdanning og legetenester. Ørskog kommune si historie inneheld mykje som er heile regionen si historie.

 

Næringsliv

Tradisjonelt har jordbruk, skogbruk og fjordfiske gitt levebrød og vore næringsgrunnlaget i Ørskog. Det har vore gode vilkår for både korn-dyrking i eldre tider, grønsak-, bær- og fruktdyrking, i tillegg til dyrehald og dyreal. Første meieriet i kommunen vart etablert på Sjøholt i 1892. I 1938 var det slutt på meieridrifta her, deretter vart mjølka køyrd til Ålesund for sal.
 
Skogen ga grunnlag for stor trelastutførsel til Europa, særleg til Nederland og Skottland, på 1600-talet. I åra 1603-23 hadde Ørskog 113 båtvitjingar frå 30 ulike utanlandske byar. Hovudhamna var på Langskipsøy. Råemne frå skogen ga også grunnlag for hus- og båtbygging og lokal produksjon av gardsreiskap og hushaldsreiskap, mest til eige bruk. Også i dag representerer husbygging, sagbruk og trebearbeiding ein vesentleg del av næringsverksemda i kommunen.
 
Utanom råemna som skogen og treet ga, gjekk det føre seg gardsproduksjon, eller heimeyrke, basert på råstoff frå gardsdrifta, som hud, skinn, horn og ull. Ørskog-bunaden (Sunnmørs-bunaden) kan stå som eit "flaggskip" for handverkstradisjonen i gamle dagar, som framleis held mål! ( sjå bilete). Når det på Ørskog i ei tid vaks fram mange sjølvstendige handverkarar ut av denne gardsproduksjonen, heng det nok saman med at det her var ein flokk "kondisjonerte" som representerte ein kjøpemarkna for slike varer, så som bakar, slaktar, garvar, fargar, glasmakar, blekkslagar. Dessutan vart det tidleg etablert jarnutvinng og ein smedtradisjon, som har halde seg til våre dagar. Jørund Amdam (Jørund Smed) har utvikla denne smedtradisjonen til kunst.
 
Det ligg føre informasjon om at det i 1766 var bergverksdrift i større målestokk i Ørskog. Dette var basert på ein førekomst av jarnmalm i fjellet mellom Ørskogvika og Solnørdalen, Vetafjellet (Liafjellet). Det skal ha vore 200 arbeidarar i sving med 100 hestar på slutten av 1800-talet. Hestane vart seinare avløyst av ei kabelbane frå fjellsia ned til sjøen på Sjøholtstrand, der malmvognene vart fira ned på kaia etter ein grov wire.
I 1844 vart forekomsten undersøkt av ein bergingeniør, som rapporterte til dåverande eigar, Tonning i Ålesund, men konklusjonen var visst nok ikkje så god. I 1878 var det slutt på bergverksdrifta, men gruveselskapet ser ut til å ha bestått til ut på 1920-talet.
 
Ørskog Sparebank vart skipa i 1856 på Haukås med klokkar Lars Strømme som første styreformann (og direktør). Banken har gjennom alle desse åra vore styrd så varsamt og klokt at den har gått fri både "krakk" og kriser i samband med krigstider.
 
Den første faste, norske bilruta tok til i 1908 mellom Molde og Batnfjordsøra. Året etter starta Elling Larsson Lande i Ørskog opp bilrute mellom Ørskog og Vestnes. Bilen var ein amerikansk Darrac, ei sjuseters kalesjevogn. 
 
Då utanlandske turistar starta kome til Norge i siste halvdel av 1800-talet, oppdaga dei tidleg også Ørskog, for ein vanleg turistveg kom sørfrå frå Faleide og Hellesylt og held fram over Ørskog til Vestnes. Norangsdalen og Geiranger var viktige attraksjonar, også den gong. Etter at keisar Wilhelm 2. oppdaga vestlandsfjordane i 1890-åra, og reklamerte for dei, skaut turismen fart. Det kunne vere opp til 20-30 hestar i rad med stolkjerrar. I 1855 lyste amtet ut "bevertningsbevilgning" for Sjøholt, og mange prøvde seg utover i åra som følgde. I 1887 vart det reist eige hotellbygg for Sjøholt Hotell. Dette bygget brann ned i 1900, og i 1901 stod det nye ferdig, som enno står, og som er under restaurering. Dåverande kronprins Olav og kronprinsesse Märtha vitja Sjøholt Hotell på ei reise i landet.

 
Ørskog er med i reiselivssamarbeid saman med kommunane Ålesund, Haram, Giske, Skodje, Stordal og Sula.

 
Landbrukskontoret i Ørskog dekkjer kommunane Skodje, Stordal og Ørskog når det gjeld landbruk og vilt, og for skogbruk er også Haram kommune med i samarbeidet.


 Sjøholt hotell - Klikk for stort bileteSjøholt hotell

 


 

 

Friluftsliv Ørskogfjellet/Ørskogvika

Ørskogfjellet er eitt av dei store utferdsområda for friluftsliv på Sunnmøre. Særleg er det stor utfart av skilauparar på fine vinterdagar, og i påska er det særs stor tilstrøyming (sjå kart og bileter).


Friluftsrådet for Ålesund og Omland har kontor på Eidsnes. Ørskog kommune er medlem saman med kommunane Ålesund, Giske, Haram, Skodje, Stordal, Sula og Vestnes.

 

Posten

Det norske postverket vert rekna å ha sitt utspring i 1647, då det vart opna ei postrute mellom Oslo og København. Frå Oslo gjekk det så hovudruter mellom Oslo og Bergen over Lærdal og mellom Oslo og Trondheim over Dovre. Frå om lag 1660 vart det teke i bruk det såkalla "bodstikke-systemet" mellom Bergen og Trondheim. I ei kunngjering frå 1689 er det namngitt dei personane (postbønder) i Ørskog som hadde ansvar for å bringe posten vidare når den kom nordfrå over fjellet frå Romsdal: Ole Gjære skulle bringe posten til Vaksvik og Jens Vaksvik skulle bringe den vidare.


 
I 1774 er Ørskog nemnd som uløna postkontor og i 1786 fekk Ørskog offentleg postkontor, då det vart starta opp med den vestlandske stamlinje (Den Trondhjemske postvei) som kom frå Nordfjord via Stranda til Amdam i Ørskog, forbi prestegarden på Sjøholt, opp Landedalen og over Ørskogfjellet til Romsdal, med ei siderute mellom Ørskog og Borgund (Ålesund), og derfrå vidare til søre og ytre Sunnmøre. For 200 år sia var Ørskog på denne måten som eit sentralt postkontor for Sunnmøre. Den første postopnaren var sokneprest Nils Astrup, og hans etterkomarar i presteembetet var postopnarar til 1829, då handelsmennene tok over. "Post i butikk" som vart opna på Shell-stasjonen på Sjøholt i 2001 då postkontoret vart nedlagt, er altså ikkje noko nytt.

 
Ørskog kommune har over lang tid lagt ned arbeid i å sette "Den Trondhjemske postvei" gjennom kommunen i stand, gjennom mellom anna å inngå avtalar med grunneigarar, restaurering av bruer og istandsetting av sjølve vegen.

 

Telefon/Telegraf

Den første telefonen på Sunnmøre starta i 1884 av ein privatperson i Ålesund. I 1893 vart "Ålesund og Omegns Aktietelefonsamlag" starta. Søre Sunnmøre fekk telefonsamband sørfrå Nordfjord. I 1893 vart også "Søndmør Telefonsamlag" skipa, og same året vart det bygd telefonline frå Ålesund gjennom Ørskog til Valldal. Folk meinte dengong at dette var berre for rikfolk, og frå starten vart berre doktor og lensmann kopla på, i det presten låg for langt unna. På Sjøholt vart det bygd sentralstasjon for alle andre, og både lensmannen i Skodje og Solnør gård var knytt på her. Sjøholt sentralstasjon eksisterte til 1920, då gjekk telefonen over til staten.
 
Telegrafstasjon på Sjøholt vart vedteken med vedtak i Stortinget i 1883 og vart oppretta i Sjøholt Hotell seinare same året, som den første i dette området. Den brann opp saman med hotellet i 1900, og flytta inn i det nybygde Sjøholt Hotell i 1901.

 

 

Elektrisitetsforsyning

Kring 1900 byrja elektrisiteten å bli teken i bruk på Sunnmøre gjennom fleire små kraftverk som vart bygde. I Ørskog låg det godt til rette for utbygging av kraftverk i dei tre vassdraga i kommunen, Ørskogelva, Vaksvikelva og Solnørdalsvassdraget. Då Tafjord Kraftselskap vart skipa i 1917 av kommunar på nordre Sunnmøre, vart derfor ikkje Ørskog kommune med. I 1920-åra vart det bygd tre mindre kraftverk i Ørskog: Vaksvikfossen, Sjøholtfossen og eitt på Valgermo. Dette var små likestraumsverk, og elektrisitetsforsyninga var ikkje god då kommunen i 1947 vedtok å gå med i Tafjord Kraftselskap.  I 1950 vedtok kommunen å starte eit kommunalt kraftlag.


 
Tafjord Kraftselskap hadde ein sekundærstasjon i Solnørdal. Då det skulle etablerast ein stamlinjestasjon vart det vedteke i 1965 å plassere den på Giskemo i Ørskog, og i 1970 var transformatorstasjonen på Giskemo ferdig. "Dermed var Giskemo blitt litt av et kraftsenter på Sunnmøre!", som det står i jubileumsboka "Tafjord Kraftselskap 1917-1992", av Johan Kaare Tenfjord.


 
Ørskog kommune er framleis medeigar i Tafjord Kraft AS, saman med Norddal og Ålesund kommunar. Dei andre, tidlegare eigarkommunane på Sunnmøre, Haram, Giske, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula og Vestnes, har selt sine aksjar til Bergenshalvøens kommunale kraftlag AS (BKK).


 
Ørskog interkommunale kraftlag (no Nordvest Nett AS) vart starta i 1951. Kommunane Skodje, Stordal og Ørskog er eigarar.

 

 

Militært senter

Ørskog med Sjøholt har lang historisk tradisjon som militært senter. På gamle kart er eksersisplassen teikna inn på øyra i Sjøholt.
 
Etter Gulatingslova skulle dei 16 skipreia på Sunnmøre ruste ut "16 skip fem-og-tjuge sessor". Valle (Vala) skipreie omfatta Ørskog, Sykkylven og Skodje minus Engesetdal.
 
Frå 1628 høyrde soldater frå Sunnmøre til "4. Søndmør og Nordfjord kompani av Bergenhuusiske Regiment.".  I 1641 er det nemnt eit "Søndmør og Nordfjord Kompani".

 
På 1700-talet vart hæren omorganisert fleire gonger. I 1720 var det kompani-øving på Sjøholt i Ørskog. I 1767 vart to Sunnmøre-kompani slått saman til eitt, "Nordre- og Søndre Sunnmøre Kompani". I 1788 fall distriktsoppsettinga vekk. I 1784 er det nemnt at det var eit telthus for Sunnmøre Kompani ved Ørskog kyrkje. I 1792 var det synfaring angåande kompanisjefen sin bustad i Ørskog.

 
Frå 1818 vart kompaninamnet endra til "Ørskogske Compani af Nordfjordske Musketerkorps" med eksersisplass på Sjøholtøyra, og sorterte under "Nordfjordske Nationale Musketerkorps af Bergenhuusiske Infanteribrigade."
 
Kring 1850 er det tale om "Ørskogske Landeværnsafdeling". Frå 1867 vart dette endra til "Tredie Kompani af Søndmør Bataljon af Trondhjemske Infanteribrigade." Frå 1884 vart Sunnmøre atter lagt til Bergen i det nordre Sunnmøre vart "Andre Kompani af 1ste Korps - Fjordenes - af Bergenske Brigade."

 
I 1910 vart "Søndmør Infanteriregiment 11" etablert, endra i 1930 til "Møre Infanteriregiment nr. 11", og i 1961 til "Møre forsvarsdistrikt/Møre Infanteriregiment nr. 11". Denne organisasjonen vart endra i 1995, og forsvarsdistriktet heldt fram som "Møre Regiment" til 2002, då det vart lagt ned.

 
I dag er hæren ute av Møre og Romsdal og det er heimevernet (HV 11) med base på Setnesmoen, og framleis med verksemd på Ørskogfjellet, som fører forsvarstradisjonane vidare.


Mange av dei militære familiane som arbeidde her sette sitt preg på bygda og kommunen. Kaptein Schølberg var ordførar i kommunen frå 1840 til 1844.

 

 

Skule/Undervising

I 1740-åra fekk sokneprest Hans Jacob Hiort i Ørskog og Sunnmørs-futen, konstituert amtmann Nicolay Astrup i oppdrag å utarbeide ein "skolefundas", ein plan som skulle legge grunnlaget for almugeskulen på heile Sunnmøre ("Den Danske Skole i Norge"). Skulen i Ørskog vart det lagt opp med ein omgåande skulehaldar for alle bygdene frå Viset til Tyssa, det vil seie heile kommunen. Skuletida var 3 månader.
 
Ei eiga norsk skulelov kom i 1816, og ei ny, meir gjennomarbeidd lov i 1827. Faget rekning skulle vere berre for gutane, i det jentene ikkje hadde behov for slik kunnskap. Lova sette krav om eigne skulehus, men dette vart i byrjinga ordna gjennom leige av lokaler. Det første skulehuset i Ørskog vart bygd av klokkar, bankdirektør og ordførar Lars Strømme på Steinholt (sjå bilete). Han bygde huset i to etasjar for også å legge til rette lokaler for eit seminar for utdanning av lærarar, som på den tid var aktuelt å lokalisere i området, noko det likevel ikkje vart noko av. Utover i 1870- og 1880-åra fekk dei andre bygdene i Ørskog sine skulebygg.

 
I 1876 vedtok "Romsdal Amtsting" at det skulle startast ein "Søndmøre amtskole" med korte vinterkurs for gutar som skulle gå på omgang i dei ulike herad. Ørskog fekk første tilslaget og skulen heldt til i Steinholt-skulen dei tre første åra. Deretter starta den på rundgangen i andre herad i ca. 20 år, for deretter å kome attende til Ørskog, der den vart verande til den hadde fylt si oppgåve. At Ørskog vart eit viktig utdanningssenter på Sunnmøre i denne tida, må i stor grad tilskrivast Sivert Stavdal, som var leiar for denne skulen i 40 år frå 1911.

 
Ørskog interkommunale realskule vart starta i 1951 som ei vidareføring av den gamle fylkesskulen i ei ny form. Realskulen dekte frå starten kommunene Ørskog, Skodje, Stordal og Vatne, seinare kom også Giske til. Då den nye skulelova kom i 1959, hadde også realskulane spela ut si rolle, og ungdomsskulane tok over. 

 
Skuletannrøkt vart starta i 1942 og framhaldskule i 1945.

 
Nybygget for "Sunnmøre Husmorskule" stod ferdig akkurat då andre verdskrigen braut ut i 1940 og bygget vart teken i bruk av tyske offiserar. Etter krigen måtte huset renoverast, og mellom andre kunstnaren Jonas Peson vart hyra inn til å dekorere hallen og festsalen med fantastiske veggmåleri. Fylket tok over eigarskapet frå ungdomssamlaget, som hadde stått for bygginga. 

Skulen har ei tid og vore "Ørskog vidaregåande skule" med undervising i hotell- og næringsmiddelfag, kokkefag, helse- og sosialfag, og barne- og ungdomsfag, og med elevar frå heile regionen. 
Skulen er no i kommunen sitt eige, og har på ny blitt teken i bruk medan vi bygg ny grunnskule.

 


På Amdam starta Jørgen O. Amdam hagebrukskurs og planteskule i 1907. Dette opplæringstilbodet vart halde oppe til 1946, då hadde 525 elevar fått opplæring. Rolv Amdam ga i 2001 ut eit eige hefte om "Hagebrukskursa i Møre og Romsdal - gjennom 50 år".

 

 

Ørskog folkebibliotek

"Ørschougs Almuebogsamling" vart grunnlagt 9. juli 1802, då klokkar Peter O. Strømme og kona Anne Gurine fekk kongen si godkjenning på å gi ei boksamling på 50 bøker til folket i bygda. Dette var den andre boksamlinga på Sunnmøre, den første var det Sivert Aarflot som starta i 1797 i Ørsta.

 

 

Helse/legetenester

Då distriktslækjarteneste vart oppretta fekk folket i Ørskog først utført sine distriktslækjartenester frå Molde, som dekte heile amtet (1784-1791). I perioden (1792-1834) vart desse tenestene dekte frå Ålesund for heile Sunnmøre og i perioden (1835-1855) frå Ålesund for nordre Sunnmøre.
 
Frå 1855 var Ørskog og nordre Sunnmøre dekt frå Stranda (1856-1860), og deretter, frå 1861 til 1962 var Sjøholt senter for desse tenestene, først for austre Sunnmøre (1861-1877), så for midtre Sunnmøre (1878-1890) og endeleg for nordre Sunnmøre (1891-1962). Etter den tid fekk kvar kommune si distriktslækjarteneste. Skodje og Ørskog kommunar samarbeider om legevakttenester.

 
Haukås Pleieheim var innvigd i 1914 for å gi pleie til dei tæringssjuke (tuberkulose) frå Ålesund og bygdene på nordre Sunnmøre. Då tuberkulosen vart trengt attende som folkesjukdom, vart pleieheimen retta inn mot psykisk utviklingshemma, og etter reforma på 1990-talet då psykisk utviklingshemma fekk flytte inn i eigne bustader, har bygninga vore i bruk til psykiatriomsorg, "Sjøholt psykiatriske senter".

 
I 1918 vart det starta opp med aldersheim i leigde lokaler. Eige hus vart bygd i 1934. Sjukeheimen stod ferdig i 1977.


Ørskog kommune har samarbeid om næringsmiddelkontrollen med Ålesund kommune.


I 2001 vart det opna eit psykiatrisk senter på Sjøholt for Skodje og Ørskog.

 

 

Kyrkje/kristenliv

Ørskog har lange tradisjonar som senter for religionsdyrking.
 
I kristen tid var Borgund, Herøy, Volda og Ørskog frå gamalt kyrkjestadane på Sunnmøre, og truleg dei stadane som fekk dei første offentlege kristne almugekyrkjene. I Stranda bygde ein privatperson, Arnljot Gaddabein, seg ei privat kyrkje rundt år 1000, som er rekna for den første i regionen, men liknande "huskapell" kan det ha vore også andre stader, mellom anna på Lande i Ørskog, der det etter ei segn skal ha vore ei kyrkje.


 
Ein reknar med at den eldste offentlege kyrkja i Ørskog vart bygd i kong Øystein si tid, 1103-23, men den eldste skrivne kjelda som dokumenterer kyrkje i Ørskog er frå 1280, i testamentet til Bjarne Erlingson på Giske (Eyraskogs kierkja). I eit dokument frå 1325 er det nemnt at det var ei stavkyrkje som stod på øyra i Ørskog. Kyrkjene på Sunnmøre låg under Nidaros bispestol heilt til 1622, då dei vart flytta til Bjørgvin. Ørskog prestekall omfatta utanom Ørskog, også Sykkylven, Stranda og Stordal sokn.


I dag er stillinga som sokneprest i Ørskog kombinert med stillinga som prost for Nordre Sunnmøre Prosti, som dekkjer kommunane Skodje, Stordal og Ørskog.
 

Den kyrkja som står no vart vigsla i 1873. Den førre kyrkja hadde då blitt for lita, og den vart seld og sett opp att på Leikong i Herøy, der ho framleis er i bruk.


Sportskapellet på Vaksvikfjellet stod ferdig i 1961 med kapell, peisestove, gjesterom, resepsjon, kafé og andre rom.  Det vart drive som ein kursstad av Sunnmøre krins av "Norges Kristelege Ungdomsforbund" til på slutten av 1990-talet, då bygget vart teke over av private. I 2000 starta Evangeliesenteret opp eit rehabiliteringssenter for rusmissbrukarar frå heile landet i lokala.

 

 

 Kulturliv

Kulturlivet i Ørskog har lange tradisjonar og er bygd opp over lang tid. Det framstår i dag i form av mange titals lag og organisasjonar. Her kan ein nemne sangkor, skulekorps, brassorkerster, trekkspelklubb, spelemannslag, videoklubb, grendalag, velforening, Ferdafolk, rideklubb, religiøse lag, ungdomslag, bondekvinnelag, mållag, helselag, pensjonistlag, Røde Kors, småbåtlag, hagelag, historielag, husflidslag, bondelag, næringsforum, folkeakademi, jegerlag, Rotary, MC-klubb, idrettslag med fotball, volleyball, ski, skyttarlag,
 
Kommunen driv Ørskog kulturskule med hovudvekt på musikkundervising. Det er samarbeid om musikkundervisning mellom kommunane Skodje, Stordal og Ørskog.



Henrik Ibsen og Ørskog 

Henrik Ibsen var i 1862 på ei reise på Vestlandet. Han hadde fått eit stipend til å drive innsamling av folkeminner. Han oppheldt seg ei tid i Sunnylven, og reiste så vidare med dampbåten til Sjøholt og vart buande på Solnør Gård. Han skal ha brukt tilfang frå denne turen til mellom anna "Brand" og "Rosmersholm". Han skreiv i "Illustrert Nyhedsblad" den 26. oktober 1862 frå reisa:
 
   "Postveien fra Ålesund til Christiania går de første 2-3 miil langsmed Storfjordens nordlige strand, og er ialfald på strækningen fra Solnør til Sjøholt ubeskrivelig deilig. Den jevnt heldende lid har her skråning mod syd ned til fjorden, og er lige til øverst oppe klædt med furru og den frodigste løvskov. Alt imellom, snart ovenfor, snart nedenfor veien, ligger venlige gårder halvt gjæmte mellom trægrupperne; den blå vandflade glitrer gjennem løvet, og fra og til åbner sig en udsigt med de romsdalske tagger og tinder længst borte."


 
Henrik Wergeland og Ørskog 

Jon Knutson Nedrevoll var fødd i Ørskog. Han vart lærar og klokkar i Lindås og gift med Ingeborg Knutsdatter der. Eldste datter deira heitte Antoinette, som vart gift med Halvor Lasseson frå fjellgarden Verkland. Antoinette vart enke med tre barn, og dei tok det gamle namnet, men skreiv det Wergeland. Ein son var Nikolay, som vart prest og eidsvollsmann, og far til diktargeniet Henrik Wergeland.

 

P. C. Asbjørnsen og Ørskog 

Det er kanskje mindre kjent at også den kjende eventyrforfattar og eventyrsamlar Peter Christian Asbjørnsen (Asbjørnsen og Moe) også hadde aner attende til Sunnmøre og Apalset i Ørskog. Ragnhild Lauritsdtr Abelseth, fødd på Apalset, var tipp-tippoldemor hans.
 


Olav Oksvik og Ørskog 

Olav Oksvik var 7 år då han flytta med foreldra til småbruket "Hammaren" på Apalset i Ørskog. I ungdomslaget i Ørskog fekk han sin første talarstol. Han vart i bygda til han reiste til Ålesund 18 år gamal som steinarbeidar for å bygge opp att Ålesund etter brannen i 1904. Han vart stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann i Møre og Romsdal. Arbeidarrørsla i Norge arbeider med å få reist eit minnesmerke over han i Ørskog.

 

Bjørn Wirkola og Ørskog 

Det var tidlegare eit rikt hoppmiljø i Ørskog, og Løklibakken på Ørskogfjellet vart brukt også til å arrangere Norgesmeisterskap i hopp normal bakke i 1968. Rennet er friskt i minnet til mange som var tilstades, særleg fordi eit strålande vinterver under prøvehoppinga laurdag vart etterfølgt av høljregn på renndagen søndag. Nedkjøling av ovarennet ga rekordfart. Bjørn Wirkola vart nordgesmeister etter eit hopp på 92 meter i siste omgangen. Jan Olav Roaldset frå Hjellset-Fram fall på 93 meter. Bjørge Lillelien var på plass for NRK.
 
Etter at treverket i bakken vart øydelagt i ei fonn, vart bakken kondemnert, og det gode hoppmiljøet har vorte sterkt redusert. Men framleis er barn og ungdom tiltrekt av denne sporten i kommunen.

 

Lensmann- og handelsdynastiet på Apalset (Abelset)

I fire generasjonar frå 1605 til 1738 sat same ætta som lensmenn og på Apalset i Ørskog, og i 200 år dreiv same ætta som handelsmenn på same staden:
 

  1.  Oluf Jonson Abelset (ca. 1570 - 1653), lensmann 1605-1652, ukjent opphav og kone.
  2. Laurits Olson Abelset (ca. 1616 - 1690), lensmann 1652-1678, g.m. Margrete Laugesdtr Gamst.
  3. Ole Lauritson Abelset (ca. 1658 - 1711),      lensmann 1678-1711, g.m. Maren Madsdtr Alstrup.
  4. Lars Olson Abelset  (1680 - 1713), lensmann 1711-1713, g.m. Emte Hansdtr Stokberg.
  5. Christoffer Olson Abelset (bror til Lars) (1688 - 1764), lensmann 1714-1738, g.m. Charlotte Amalie Møller.
  6. Christen Christofferson Abelset (1734 - 1799), handelsmann, g.m. Birte Margrete Brandal.
  7. Margrete Henningsdtr Abelset (1767 - 1840), brordatter til Christen,
    gift med Nils Mecklenburg (1773 - xxxx), handelsmann.


Dei sistnemnde selde størsteparten av garden på Apalset ut av slekta til Bottolv Nilsson frå Voldset i Sunnylven i 1818 og garden vart stykka opp i fleire bruk. I dag står berre restar av murane til husa att og minner om denne epoken.
 
Denne ætta greip sterkt inn i soga til Ørskog og arbeidde seg fram til å bli rike jordeigarar, ikkje berre i Ørskog men i store delar av nordre Sunnmøre. Fleire av kyrkjene på Sunnmøre var eigde av personar frå denne slekta. Gjennom etterkomarar og inngifte greina ætta seg ut til Skodje, Sykkylven, Haram, Ålesund, Ørsta, Sande, Molde og har sett spor etter seg innan handel, kristenliv og rettsstell.

 


Meir opplysingar kan ein finne i Magnar Kruse Bjørge sitt maskinskrive hefte "Familien Abelseth", Ålesund 1960. Heftet er på Ålesund Bibliotek.

 

Eidsvoll-mannen Elling Olson Valbø

Ørskogbygdaren og bonden Elling Olson Valbø var ein av fire representantar frå Romsdal amt som tok del under rikstinget på Eidsvoll i 1814. Dei tre andre frå Romsdal amt var byfut Motzfeldt, amtmann Krogh og prost Stub. Valbø var ein av dei 15 som hadde jordbruk som eineyrke, av dei 112 representantane som møtte på Eidsvoll. (sjå bilete)

 

Stortingsmann og kommunen sin første ordførar Ole Rasmusson Sollied

Han sat på Stortinget frå 1833 til 1840, og han var ordførar i Ørskog i to periodar, 1838-39 og 1844-45. Ørskog var saman med Sykkylven den gongen, og Sykkylven sokn var det største, med fleirtal i heradsstyret. I 1939 tok militærkaptein Schølberg frå Sykkylven over som ordførar, og då han fall frå i 1844, tok Ole Rasmusson Sollied over att ordførarklubba.


 
Ørskog kom særs godt i gong med det nye lokale folkestyret i og med at den første ordføraren hadde vore med som stortingsmann saman med Ole Gabriel Ueland og andre å forme ut det lovverket som det skulle styrast etter.

 

 

Fortenestemedaljar frå H.M. Kongen til Ørskogbygdarar



Hans Majestet Kongen har gitt følgjande i Ørskog kommune fortenestemedalje:

 

Gull:
  • 1963  Sivert Stavdal 
    Skulestyrar fylkesskule/mellomskule
  • 1965  Olav Sjøholt   
    Bonde, sterkt engasjert i landbruksorganisasjonane
  • 1970  Hans Busæt
    Utskiftingsdommar, kommune- og fylkespolitikar
Sølv:
  • 1961  Karl Hatlen
    Lærar, organist, kordirigent
  • 1964  Johanne Lande
    "søster Johanne" i Ørskog sjukepleie
  • 1972  Oline Brekke
    Styrar Haukås åndsvakeheim/heim for psykisk utv.hemma
  • 1981  Jens Synnes
    Felespelar, komponist, folketonessamlar, kordirigent
  • 1982  O.B. Hatlen
    Banksjef i Ørskog sparebank
  • 1982  Peder Lande
    Korpsdirigent Ørskog skulekorps, Ørskog Brass
  • 1989  Ingeborg Røyrhus
    Rektor Sunnmøre husmorskule/Ørskog vidaregåande skule
  • 1994  Rolv Amdam
    Fylkesgartnar, kulturarbeid, lokalhistorie
  • 2004 Ragnar Bakken
    Rektor Sjøholt skule
 
 

 

Sist endra 15.08.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering