Kommunevåpen

Våpenskjold-Ørskog.jpg - Klikk for stort bilete På hermelin grunn ein gull pæl. Her skal du få høyre den historiske bakgrunnen til Ørskog kommune sitt kommunevåpen:  

Offisiellt kroningsbilete av kong Haakon VII og dronning Maud iført kronregalier og britiske kroningskapper i hermelin og fløyel. - Klikk for stort bileteOffisiellt kroningsbilete av kong Haakon VII og dronning Maud iført kronregalier og britiske kroningskapper i hermelin og fløyel.

Hermelin og skogbruk

Motivet er inspirert av Ørskog sitt næringsliv og historie. Etter vestnorske forhold er det mykje skog i kommunen, og på 1600-talet blei det eksportert trelast her i frå til Holland. Derfor står pælen for skog- og sagbruksdrift.

 

Hermelin symboliserer viltbestanden og avl av pelsdyr, som har vore ein viktig næringsveg i kommunen.

Hermelin er pelsverk som er laga av røyskatten sitt vinterskinn. Pelsverket er skinande kvitt med karakteristiske, svarte flekkar etter røyskatten sin svarte haletipp.

 

Kapper med hermelin

Den kostbare hermelinpelsen har mellom anna vore brukt på kroningskappar for kongar og fyrstar.

Sjå berre det offisielle kroningsbilete av kong Haakon VII og dronning Maud iført kronregalier og britiske kroningskapper i hermelin og fløyel! Fotografiet er tatt i Dronningens sal i Stiftsgården i Trondheim etter kroninga i Nidarosdomen 22. juni 1906. Seremonien var festa i grunnlova, men paragrafen vart avskaffa i 1908 så dette er den siste kroninga i Noreg. Kong Olav V og seinare kong Harald V og dronning Sonja vart signa i Nidarosdomen - då utan kapper av hermelin.

 

Godkjenning

Kommunevåpenet til Ørskog vart godkjent ved kongeleg resolusjon 4. janar 1983, og er teikna av Jarle Skuseth. Han har for øvrig teikna dei fleste kommunevåpena i fylket, mellom anna for både Stordal, Skodje og Vestnes.

 

Kommunevåpen i Noreg

(Kilde: Wikipedia)

Kvar kommune i Noreg har sitt eige våpen som symboliserer området.

Kommunevåpna i Noreg er strafferettslig beskytta i straffeloven § 328 nr.4. "Normalforskrifter for kommunenes bruk av kommunevåpen" vart vedteken i 1976 av styret i Norske Kommuners Sentralforbund (no KS - kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon). Desse forskriftene er veiledande, og gjer føringar for utforminga av våpenet, samt bruk av våpenet i faner, vimpler etc. I forskriftene står det også at det er kommunestyret/fylkestinget som bestemmer bruken av våpenet.

I Noreg er kommunevåpen frå nyare tid ofte eit resultat av lokale idékonkurransar, debattar og vedtak i kommunestyrer og fylkesting, foreleggelse for Riksarkivet som sakkyndig for kommunaldepartementet, samt fastsetting av regjeringen i kongeleg resolusjon.

 

 

Pin

Pin med kommunevåpenet kan kjøpast for kr. 50,- på Sørviskontoret på rådhuset eller ved henvending til post@orskog.kommune.no.  

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.11.2014
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering