Velkomen til Ørskog!

Velkomen til Ørskog - anten du allereie har busett deg her, eller du vurderer å flytte hit. Vi har mykje flott og tilby og her kan du få lese om litt av det.

Vårt hovudmål er å ha fornøgde innbyggjarar. Om du vil kome med innspel, har ris eller ros eller eit spørsmål å stille - ta kontakt med oss via Sørviskontoret. Om vi ikkje kan svaret, formidlar vi kontakt vidare.

 

Bilde av Akslevollvatnet tatt frå Liasætra. Ein vakker sommarkveld. - Klikk for stort bileteBilde av Akslevollvatnet tatt frå Liasætra. Ein vakker sommarkveld. Hilde Sørdal

Noko for dei fleste

Ørskog er ein kommune med stor dugnadsånd, allsidig kulturliv, variert fritidstilbod og vakker natur. Vi har mykje vi er stolt over, og vi deler gjerne opplevingane våre med deg.

 

Kulturtilbod

Lag og foreiningar er sjølve ryggrada i det lokale kulturlivet. Ørskog har fleire titals frivillege lag, foreiningar og organisasjonar innafor idrett, kyrkje, musikk og kunst og hestesport - mellom anna. Her er det rom både for å få vener og dyrka dei interessene ein måtte ha. 

Eit eksempel på dugnadsånda i bygda er den årlege Ørskog BluesFest - "Vårens første blåveis". Det som er så flott med denne festivalen, er at den famnar om alle - her finn du eit arrangement som passar deg, uansett preferansar. Ei årleg storhende som dette er noko mange ser fram til, det skaper liv og røre og folk kjem heim for å oppleve denne helga i lag med vener og familie. Artistane er dei beste frå USA og Europa og gjer at publikum kjem frå både fjernt og nært.

 

Naturopplevingar

Heile året byr Ørskog på rekreasjon og opplevingar i ein rik, variert natur. Her får du både og; sjø og fjøresteinar og fjell og vidder - både dei lett tilgjengelege sætrene og toppane som alle kan nå, til dei meir krevjande rutene. Ikkje berre finn du fantastiske turområde med merka løyper, det er og nok av urøyrt terreng for deg som likar å gå dine eigne vegar.

Om sommaren har du gode bade- og fiskemuligheiter i vatn, elv og sjø. Er du glad i vintersport, er innbyggjarane i Ørskog så heldig å ha tilgang på fantastiske flotte preparert skiløyper i sesongen. Vi har mykje natur, så om ein ynskjer å gå utanom skispora, er det berre å forsyne seg andektig av det naturen vår har å by deg. Vi har og korte avstander til flotte alpinanlegg: Ørskogfjellet Skisenter, Arena Overøye i Stordal og Stranda skisenter.

 

Bu i Ørskog

Ørskog har eit gunstig prisnivå på både brukte og nye bustader. Lokalavisa vår Bygdebladet er ein bra stad å byrje når ein er på jakt etter husvere til å leige. Elles er finn.no eit godt utgangspunkt for kjøp av bolig. Kommunen har kome langt i planlegginga av fleire nye byggefelt og kan snart tilby bustadtomter på Iden og på Lande. Om du ynskjer å kjøpe tomter, finn du informasjon her på heimesida vår.

For barnefamilier kan det vere godt å tenke på at her er full barnehagedekning og mykje forskjellige aktiviteter for born å delta på.

 

Jobb i Ørskog

Med utgangspunkt i Ørskog, har du høve til å velja frå eit breitt utval av jobbmuligheiter, - både i og utanfor kommunen. For å følje med på utlyste stillingar i kommunen, sjekk menypunktet ”Ledige stillingar”.

I kommunen er det elles eit variert næringsliv med bedrifter innan mellom anna bygg og anlegg, fiskeforedling og håndverk.

"Ørskog kommune der vegar møtast". Vi ligg særs sentralt til og har kort veg til andre kommunar, tettstader og byar, både på Sunnmøre og i Romsdal. Ein god del innbyggjarar vel å bu i Ørskog og arbeide i kringliggande kommunar.

 

 

   Vi har fantastiske fjelltoppar for turglade - Klikk for stort bileteVi har fantastiske fjelltoppar for turglade Hilde Sørdal

 
Festivalkaptein Jo Even Tomren.jpg - Klikk for stort bileteFestivalkaptein Jo Even Tomren.jpg Sindre Sjøholt
 
Haustfargar - Klikk for stort bileteHaustfargar Hilde Sørdal
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 08.09.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering