Innsyn i postliste og politiske møtedokument

Kommunen sin inngåande og utgåande post vert dagleg registrert i henhald til reglar i forskrift om offentlege arkiv av 11.12.1998 (arkivforskrifta).

Inngåande post i kommunen sitt sentrale post/saksbehandlingssystem vert fordelt til saksbehandlarar som har ansvaret for den vidare oppfylging og behandling av saka.  

Arkiv - Klikk for stort bileteArkiv  Postjournalen har nokre dagar forsinkelse frå journalføringsdato.

 

Tenk over følgjande før du sender brev eller e-post til Ørskog kommune:

  • all sakspost (også e-post) til og frå kommunen er offentleg om den ikkje er underlagt teieplikta
  • all sakspost kjem på postlista og den er offentleg og tilgjengeleg på internett
  • du kan difor finne igjen brevet ditt omtala, sitert frå eller til og med fullstendig gjengitt i avisene, på radio og på TV. Vi oppmodar lokalavisene til å kontakte avsender om dei vil bruke brev frå privatpersonar til kommunen, men dei har ikkje plikt til å gjere det.

 

E-postar

E-postar til Ørskog kommune post@orskog.kommune.no vert motteken av vedkomande som sit på sentralbordet. Ho/han vurderar om den skal journalførast i vårt arkivsystem. Om den ikkje skal journalførast, vert e-posten vidaresendt til det aktuelle tenesteområdet for vidare ekspedering.

Send aldri sensitive opplysningar i e-post.  

 

Hovudregel om innsyn

Hovudregelen er at alle saksdokument som kommunen sender og mottek er offentlege, jamfør Lov om rett til innsyn i offentleg verksemd (offentleglova) Dersom du meiner det er feil at det aktuelle dokumentet er unnateke offentlegheit, gjer vel og ta kontakt med kommunen.

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Som part i ei sak har du utvida innsynsrett. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, så lenge det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument er unnateke offentlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet bør gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).

Ørskog kommune meinar at ein open og synleg kommune er ei styrke for lokaldemokratiet.  

 

Saksbehandlingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller 1-3 arbeidsdagar. Om du ikkje har fått svar innan 5 dagar, er det å sjå på som eit avslag. Då kan du rette ein skriftleg klage til kommunen.  

 

Klage på avslag om innsyn

Om ditt krav om innsyn vert avslått, skal kommunen vise til heimelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal og opplyse om klagegangen og klagefristen. Den som har fått avslag kan innan 3 veker krevje å få ei grunngjeving på avslaget. Om det vert oppretthaldt, kan dette klagast inn for Fylkesmannen. Fylkesmannen er klageinnstans, men klagen skal sendast til kommunen. I høve klagebehandlinga kan Fylkesmannen bestemme at dokumentet skal gjerast kjent, heilt eller delvis, etter regelen om meirinnsyn.    

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.09.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering