Moderasjonsordningar i barnehagane

Fra 1. mai 2015 vart det innført ei nasjonal ordning som skal sikre at ingen husholdningar betalar meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.

Fra 1. august 2015 har i tillegg alle 4- og 5-åringar og barn med utsatt skolestart som bur i hushaldningar med lav inntekt, rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehagen per uke.

To gutar sit på gulvet og leikar med eit togbanesett. - Klikk for stort bilete

Ordningane gjeld for både private og offentlege barnehagar, men ansvaret for gjennomføringa er lagt til kommunen.

Det er altså kommunen som skal motta og behandle søknadane. Foreldre/føresatte må søke om redusert foreldrebetaling og eventuelt gratis kjernetid for eitt barnehageår om gangen.

 

 

Redusert foreldrebetaling i barnehagar 

Kongen i Statsråd fastsette fredag 17. april endringar i forskrift om foreldrebetaling i barnehage. Endringane gir redusert foreldrebetaling for familiar med lav inntekt, ettersom ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si på ein barnehageplass.

Inntekta ein skal rekne etter, er skattepliktig kapital- og personinntekt.

 

 

Søke redusert foreldrebetaling

Endringane i forskrifta gjeld frå 1. mai 2015.

Perioden ein no kan søke for, er 1. august 2015 - 30. juni 2016.

Dei som søkte før ferien treng ikkje søke på nytt. Reduksjonen gjeld frå månaden etter at ein leverer søknad og ut perioden.

 

Søknadsskjema (DOCX, 403 kB) skal saman med kopi av sjølvmeldinga for 2014 leverast/sendast:

Ørskog kommune v/økonomiavdelinga
Øyravegen 11
6240 Ørskog

 

 

Gratis kjernetid for fire- og femåringar

Kongen i Statsråd fastsette fredag 5. juni endringar i forskrift om foreldrebetaling i barnehage.

Endringane gir familiar med lav inntekt rett til 20 timar gratis kjernetid for fire- og femåringar og barn med utsett skulestart; det vil seie dei to siste åra barna går i barnehagen.

Gratis kjernetid betyr 20 timer gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har heildagsplass må du betale for opphaldet utover dei 20 timane.

Inntekta ein skal rekne etter, er skattepliktig kapital- og personinntekt.

Endringane i forskrifta gjeld frå 1. august 2015, og gjeld familiar eller hushaldningar med samla inntekt på mindre enn kroner 405.000,-.

 

 

Søke gratis kjernetid

Ettersom vedtaket vart gjort 5. juni og skal gjelde allerie frå 1. august, vil ein i ein overgangsperiode måtte berekne kor mykje som eventuelt er betalt for mykje, og så vil det verte trekt frå på neste faktura. Etter overgangsperioden gjed det frå månaden etter at søknad er levert.

Søknadsperiode er 1. august 2015 - 30. juni 2016.

 

Søknadsskjema (DOCX, 403 kB) skal saman med kopi av sjølvmelding for 2014 leverast/sendast:

Ørskog kommune v/økonomiavdelinga
Øyravegen 11
6240 Ørskog
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 10.07.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering