Bustøtte

Koseleg heim - Klikk for stort bilete Bustøtte er ein statleg økonomisk stønadsordning som tek sikte på å redusere buutgiftene for private husstandar. Føremålet med den statlege bustøtta er å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Bustøttekontoret i kommunen er på rådhuset.

 

Vilkår for bustøtte

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

  • er student med barn
  • er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

 

Grenser for inntekt

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte. Grensene finn du her.

 

Korleis søkje bustøtte?

Du søkjer bustøtte elektronisk. Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Her kan du søke bustøtte


 

 

 

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student/går inn i førstegangsteneste
  • antall born i husstanden har auka

Hugs å melde frå om endringar

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

 

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider

Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 18.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Konsulent
Tlf: 70 16 59 06
Mobil:
E-post  

 

Teneste (1)
Lover / forskrifter (2)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering