Kart

Kart på Web.jpg - Klikk for stort bilete No finn du all informasjon via vår nye teneste GeoInnsyn og Webinnsyn

Løysinga er eit samarbeid mellom kommunane Ålesund, Sula, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog.

Med Publikumskart (Geoinnsyn) og Utvida kart (Webinnsyn) vil ein kunne gje eit betre tilbod til innbyggarar og utbyggarar.

Her kan du finne opplysningar om eigedomar (matrikkel) som er tillatt offentleggjort.

Løysingar er framleis under arbeid, det resterande vil kome på plass i løpet av kort tid.

 

GeoInnsyn:

Dersom du brukar nettbrett eller mobil anbefalar vi dette alternativet.
Her finn du grunnkart, flyfoto, kommuneplanar, reguleringsplanar og eigedom (gnr/Bnr, areal) 

 

WebInnsyn:

Brukar du PC er dette det beste alternativet.
her finn du fleire kartlag og meir avanserte funksjonar, som t.d. alternative utskrifter.
Her kan du og bestille digitale kartdata.

 

 Her finn du lenker til løysinga:

 

Publikumskart (GeoInnsyn)

 

Utvida kart (WebInnsyn)

 

Nyttige direkte-lenker:

Plandialog Webinnsyn

Reguleringsplanar WebInnsyn

Byggetiltak

Eigedomar

 

Kartportalen inneheld basiskart og mange typer temakart.

Førebels finn ein følgande karttyper: 

  • Standardkart i farge og gråtone
  • Flyfoto
  • Arealplanar (Reguleringsplanar, Reguleringsplaner under arbeid og kommuneplan)
  • Matrikkelen (eigedomar/eigedomsdata)

Her kan ein søke på stadsnamn, adresser eller eigedomar. Ved å klikke innanfor ein eigedom eller eit planomriss kan ein få meir detaljert informasjon. Plandata er og knytta til plandokument.

 

 

Kjøp av kart

Kartdata som grunnlag for plan- eller prosjektering kan bestillast frå kommunen

Nye brukarar kan få tilsendt brukarnamn og passord ved å kontakte sørviskontoret på  post@orskog.kommune.no

Kartdata kan leverast i standardformatat SOSI eller i teikneformat DWG og DXF.

Pris på kartdata er sett saman av eit gebyr i kommunen sitt betalingsregulativPris kart.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

og ein priskalkulator fastsett av partane som samarbeider om framskaffing av kartdata.

 

Har du flytta til annan stad i kommunen ?

Dersom du har budd ein annan stad i  kommunen tidlegare og ikkje meldt flytting til ny bustad, vil du bli knytt til ditt gamle gards og bruksnummer.

Alle som flyttar (også innan same kommune) har plikt å melde flytting innan 8 dagar etter flyttinga.

Du kan melde flytting elektronisk: skatteetaten.no > folkeregister > flytte > flytte i Norge > Levere flyttemelding eletronisk. Bruk bankID eller pinkodebrev for å gå vidare.

Eller last ned skjema og send til Skatt Midt-Norge Ålesund, Postvegen 11, 6018 Ålesund. Treng du hjelp til utfylling ta kontakt med Sørviskontoret.

 

Har du fått husnummer?

Dei fleste innbyggjarane i Ørskog har no fått vegadresse (husnummer)  

Dersom du er ein av dei treng du ikkje melde flytting til folkeregisteret.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 10.01.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

ingeniør
Tlf: 70 16 59 26
Mobil:
E-post  

 

Teneste (2)
Meir informasjon (1)
Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering