Varslingssystem - UMS

UMS varsel 2.jpg - Klikk for stort bilete Ørskog kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane.

Varslingssystemet gir deg beskjed når noko viktig skjer som berører deg og/eller din husstand.

 

Informasjon om varslingssystem

Ørskog kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane.

Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS –Unified Messaging Systems AS), sørger teknisk avdeling for at du får beskjed via telefon eller SMS vedplanlagt vedlikehald av ledningsnettet, uventa vassbrot eller ved anbefalt koking av vatn.

Og i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggarane med viktig informasjon, til dømes i ein beredskapssituasjon.

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ein automatisert talemelding til dei kontaktpersonene som kun er registrert med fasttelefon.

 

Korleis verkar det?

I forbinding med vassavstengningar, lekkasjer, driftsavbrot mm. på det kommunale vassverket, vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det berørte området.

Når du tek telefonen får du beskjed om å taste 1 for høyre ei melding som er lest inn.

På slutten av meldingen blir du beden om å taste:

1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldinga

0 - dersom du ynskjer å få beskjeden lest opp ein gong til

Dersom du ikkje taster 1, vil systemet ringe deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

 

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling er ein samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørene og informasjon fra GAB-registeret.

Innbyggarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

 

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du har høve til å kontrollere og endre din oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata

(UMS Contact Data Manager): http://cdm.ums.no

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ynskjer å få varsel ved hendingar som berører fritidseigedom, eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv legge denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

 

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, det betyr at dei ikkje mottek varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ynskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halde hemmelig for alle andre.

 

Vert bedrifter varsla?

Adressedatabasen som blir benyttet under varsling inneheld og adresse og telefonnummer til bedrifter.

Det kan være vanskeleg å nå dei rette personane og bedrifter vert difor anbefala å endre eller legge til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tastevalg for viderekobling er derfor lite egna som kontaktnummer for næringsverksemd.

Dersom din bedrift er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottek eventuell varsling.

Varslingssystemet er meint som en sikkerhet for din bedrift, verksemd eller institusjon.

Dersom vi skal kunne nå de på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av hjelp.

Vi ber difor om at riktig kontaktperson blir registrert her: http://cdm.ums.no 

 

Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vannforsyningen - Sårbare abonnentar

Ørskog kommune tek spesielt omsyn til såkalte sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller

vassmengde. Det er spesielt lav terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil verte prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassledningsnettet. Verksemder og personar med særskilt behov for varsling vert beden om å registrere adressa som sårbar abonnent i UMS sin portal for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta vert tilbydd til spesielt sårbare abonnentar som:

· Alders og sjukeheim

· Frisørar

· Hotell/Overnattingsstader

· Legekontor

· Næringsmiddelindustri

· Renseri/vaskeri

· Restaurantar/spisestader

· Skule/barnehage

· Tannlegar/tannhelse

Dersom du hører heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du sette adressa di som sårbar abonnent her: http://cdm.ums.no

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.09.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering