Fysioterapi i Ørskog kommune

Fysioterapi - Klikk for stort bilete

Fysioterapeutar har som mål å betre funksjon og livskvalitet hjå sine pasientar.

Pasientane er personar i alle aldre som treng behandling, opptrening eller rehabilitering grunna skadar, sjukdom eller funksjonsnedsetting.

Det gjerast alltid ei funksjonsundersøking før ein startar opp med behandling. Her undersøker ein t.d. rørsle, styrke, uthald, balanse, koordinasjon, motorikk m.m. Behandlingsmetode blir valt ut ifrå kva ein finn i undersøkinga, og i samarbeid med pasienten.

Fysioterapeutar jobbar både med einskildpersonar og grupper. I tillegg driv fysioterapeutar med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Dei samarbeidar med mange ulike faggrupper om pasientane: lege, helsesøster, tilsette i barnehagar og skular, PPT, sosionom, sjukepleiar, ergoterapeut, NAV, rehabilitering- og habiliteringstenester, m.fl. Samarbeid skjer etter samtykke frå pasient.

 

Fysioterapeutar i kommunen:

Kommunefysioterapeut er Sveinung Sivertsen, i 100% stilling.

Tlf. 70 27 36 40 (direkte kontor på Ørskog sjukeheim) og 904 19 464 (utemobil)


Arbeidar med sjukeheimspasientar, barn i barnehage og skule, babyar på helsestasjon og førebyggjande tiltak. Gjer heimebesøk dersom det er naturleg. Ser polikliniske pasientar når kapasitet.

 

I tillegg kan kommunefysioterapeuten vurdere behov for tekniske hjelpemidlar, og søkje på slike for pasientar som treng det. Hjelpemiddelformidling kan òg gjerast av heimetenestene.



Fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen:

  • Sigurd Groven - Fysiotrimmen AS - Telefon: 70 27 07 70 / 402 44 405
  • Kjetil Kvalsund (vikariat) - Fysiotrimmen AS -  Telefon: 70 27 07 70 / 952 37 552

 

For behandling tek ein sjølv kontakt med ein av dei ovannemnde fysioterapeutane. Dersom ein skal få ytingar frå Folketrygda, treng ein rekvisisjon til fysioterapi frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor. Ein tek med rekvisisjonen, og evt. aktuelle vedlegg som tidlegare vurderingar, undersøkingar og epikriser, til fyrste time.

 

Prisar
 

Kva type behandling ein får bestemmer kva ein skal betale i eigenandel. Ein betalar eigenandel i fylgje gjeldande takstar i Takstplakaten (sjå www.fysio.no).

Nokre pasientar har rett til fri behandling. Dette gjeld t.d. barn, pasientar med godkjend yrkesskade og pasientar med visse andre diagnosar (sjå www.fysio.no). Når ein har nådd eigenandelstak 2, har ein rett på fri behandling.  

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.11.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Meir informasjon (1)
Nyttige lenker (2)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering