Heimetenesten

Hjemmetjenester 5.jpg - Klikk for stort bilete

Heimetenestene utfører ulike tenester etter Helse- og omsorgstenestelova §3.2 bokstav a og b . Det vil seie bistand til personlege og praktiske oppgåver som brukaren ikkje klarer å utføre sjølv.

 

Mål: At alle kan bu i heimen sin lengst mogleg.

Einingsleiar: Kari Sjøholt, tlf. 70 27 38 02
Avd. leiar: Birte Sæterbø, tlf.70 27 38 03

 

Gje hjelp og bistand til innbyggjarar og personar som bur og oppheld seg i Ørskog kommmune, og som av helsemessige årsaker treng dette over kortare eller lengre perioder. Dette inneber både akutt og planlagt medisinsk hjelp, pleie, samt bistand i heimen.

 

Tenester:

  • Heimesjukepleie: Stell, pleie, medisinsk hjelp og tilsyn til heimebuande
  • Heimehjelp: Hjelp til reinhald i heimen, når ein av helsemessige årsaker ikkje klarer dette sjølv
  • Tryggleiksalarm
  • Omsorgsbustad
  • Utlån av tekniske hjelpemiddel
  • Dagsenter for heimebuande med demens

 

Steinholt Busenter

Busenteret har 18 omsorgsbustader i varierande storleik. Her er bustader for dei som synes dei har nok med eit rom med kjøkkenkrok. Nokre rom har sovealkove, og her er større leiligheter som er berekna for par.
I bustadane som vender mot vest, er det innglassa verandaer med flott utsikt. Dei som flyttar inn her, bur som i eigen heim, betaler husleige og får tildelt heimesjukepleie og heimehjelp etter søknad og behov.
Omsorgsbustadene må søkast på, og det er vedtaksnemda som tildeler.
Heimetenesten har kontora sine i bygget, noko som gir bebuerane auka tryggleik.

Kvar torsdag er det kafe og bingo på Ingeborgstova.

 

Omsorgsbustader ved Ørskog sjukeheim

Heimetenesten har ansvar for 7 omsorgsbustader med mulighet for heildøger pleie lokalisert til sjukeheimen. Dei som bur her betaler husleige, og får tildelt heimesjukepleie og heimehjelp, full kost og vaskeriteneste etter søknad. Dette tilbodet er eit steg høgare i omsorgstrappa enn Steinholt busenter.

 

Dagsenter for heimebuande med demens

Dagsenteret er ope tysdag, onsdag og torsdag frå 09-15.30. Her har ein felles måltid, turar og andre aktiviteter i tilpassa tempo. Målet er at den gode kjensla skal sitte i når ein kjem heim.

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.03.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Kari  Sjøholt
Einingsleiar heimetenestene
Tlf: 70 27 38 02
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering