Jordmortenesta

Par med barn - Klikk for stort bilete  

Ørskog, Stordal og Norddal kjøper jordmorteneste frå Skodje kommune.

Jordmor har kontor på helsestasjonen i Ørskog tysdag og fredag: kl. 08.30 - 15.00


Jordmor Elin Kilvik Skeide kan treffast på tlf 70 27 36 92 eller e-post: elin.kilvik.skeide@orskog.kommune.no

For timebestilling: Ring 70 27 36 92 (tysdag /fredag).



Jordmor kan tilby følgjande tenester:


* Svangerskapsomsorg
* Fødsels- og foreldreførebuing
* Familieplanlegging og prevensjonsrettleiing
* Ammehjelp / rettleiing
* Samtale / kontroll etter fødsel

Målet for svangerskapsomsorga er at den gravide føler tryggheit og omsorg  for seg og barnet, og familien.

 

Etter retningslinene for svangerskapsomsorga (gjeldande frå 01.07.05) kan du som er gravid velje fritt om du vil gå til svangerskapsomsorg hos jordmor eller lege, alternativt begge deler. Dette gjeld for heile svangerskapet og etterkontroll etter fødsel.

 

Kor mange kontrollar?

Retningslinene tilrår eit basisprogram med åtte kontrollar til og med svangerskapsveke 40 for friske gravide. Ultralyd i veke 17-19 er rekna med. Deretter følgjer jordmor eller lege rutinane som gjeld for «overtidige svangerskap» i samarbeid med Kvinneklinikken ved Helse MR. Alle konsultasjonane er gratis.

Ved ein første konsultasjonen er det sett av ekstra tid til samtale og informasjon, og til utfylling av svangerskapsjournal. Då vert det lagt ein plan for oppfølginga av deg og ditt svangerskap, basert på den informasjonen ein har. Du får og tilbod om henvising til ultralydundersøking. Om du skulle ha behov for spesiell oppfølging (utover det vanlege programmet), legg vi òg ein plan for det. Ta alltid med urinprøve (morgonurin).

 

Fødsels- og foreldreførebuande kurs

Desse er i regi av helsestasjonen, vekselvis Skodje og Ørskog
Kursa går over 3 kveldar a 2 timar derav ein kveld som er sett av til omvisning i Føde-/ barselavdelinga og barselhotellet.
Hovudmålgruppe er fyrstegongsgravide og partnerane deira.
Jordmor organiserar kurs etter behov og gjev info på svangerskapskontroll.

 


Ammehjelp / rettleiing

Jordmor svarar gjerne på spørsmål og gir praktiske råd og rettleiing, i tillegg til tilbodet ved helsestasjonen. Ved behov utanom kontortida, ring Ammehjelpen (under A i telefonkatalogen).
For meir informasjon: Ammehjelpen.no



Samtale / kontroll etter fødsel

Jordmor tilbyr samtale/kontroll ca 4-6 veker etter fødselen. 
 

  • Naturlege tema å ta opp er:
  • Fødselsopplevingar
  • Barseltid
  • Kjenslemessige endringar, amming og prevensjon
  • Korleis kome i form etter fødselen etc.
     

Jordmor sender innkalling, og konsultasjonen er gratis.
Tilbodet er frivillig.

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kommunejordmor
Tlf: 70 27 36 90

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering