Koordinerande eining

 Logo koordinerande eining - Klikk for stort bilete

Koordinerande eining er ein instans der brukarar med behov for habilitering/rehabilitering kan vende seg.

 
Etter forskrift om habilitering og rehabilitering § 6, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen.

 Kva kan koordinerande eining hjelpe deg med?

  • Oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i Ørskog kommune og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon.
  • Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering mellom kommunale og statlege tenester, til dømes sjukehus.
  • Motta melding / Gjere vedtak om individuell plan.
  • Tildele brukarkoordinator.
 
 

Kven kan ha behov for habilitering eller rehabilitering?

  • Personar som pga. skade eller sjukdom har fått nedsett funksjonsevne og treng bistand til å fungere i dagleglivet.
  • Personar med kroniske sjukdommar.
  • Personar med medfødt funksjonssvikt.
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem.
  • Personar som grunna redusert funksjonsevne treng hjelp til planlegging av ny kvardag, til dømes ved overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og ved ny busituasjon.
 

Mål for habiliterings- og rehabiliteringsarbeidet i Ørskog kommune:

  • Brukarar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp.
  • Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa.
  • Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever at det vert lagt vekt på brukarmedverknad, og at tiltak og tenester tek utgangspunkt i den einskilde sine ressursar.
  • Universell utforming.
 
 

Informasjon:

For meir informasjon om Koordinerande eining, ta kontakt anten via e-post: koordinerande.eining@orskog.kommune.no eller ring Sørviskontoret på telefon: 70 16 59 00, og vi vidareformidlar kontakt.

De vil då få meir informasjon om søknadsskjema/meldeskjema som kan nyttast for å søke om individuell plan og eller koordinator:

 
Vernepleiar Maud Andreassen (leiar)
Avdelingsleiar ved Sjøholt skule Ole Martin Korsbrekke

Kommunefysioterapeut Sveinung Sivertsen

Sist endra 25.10.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

vernepleiar
Mobil: 993 23 055
E-post  

 

Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering