Psykisk helseteneste

Prestekrager - Klikk for stort bilete

Psykiske plager og lidelser kan ramme mange.

Psykisk helseteneste består av:

  • psykolog Marie Ulvestad (permisjon fram til november 2017)
  • psykiatrisk sjukepleiar Gro Relling Asbjørnsen (80%)
  • psykisk helsearbeider/helsesøster Jane Reite Grøtteland (20%)

Vi er lokalisert på helsestasjonen og på Ørskog sjukeheim ved avdeling A.

Opningstider er mellom kl. 08.00 og kl. 16.00, måndag til fredag.

 

Psykisk helseteneste arbeider systematisk med psykisk helse i Ørskog kommune i tett samarbeid med både spesialisthelsetenesta og andre kommunale instanser.

Vi arbeider system- og samfunnsretta, mellom anna gjennom arbeid med folkehelse på kommunenivå.

Vi arbeider helsefremjande og førebyggande i samråd med fleire instansar som fastlegane, flyktningetenesta, frivilligsentralen, skule/barnehage, helsestasjon for ungdom m.m.

Vi tilbyr fagstøtte til personell/tenester i kommunen både gjennom undervisning og i veiledningsgrupper.

Vi har og som mål å auke fokus på psykisk helse hjå befolkninga i Ørskog kommune, og arbeider for dette mellom anna gjennom forelesningar og deltaking på foreldremøter.

 

Individuell oppfølging

Vi i psykisk helseteneste tilbyr individuell oppfølging til dei som har behov for dette. Dette er eit lågterskeltilbod og ein kan sjølv ta kontakt, eller ta kontakt via skule, PPT, helsestasjon eller lege. Samtalane vert som regel gjennomført på den einskilde sitt kontor. Ved tilvisning til psykisk helseteneste vert sakene fordelt, og den det gjeld vert kalla inn til ein vurderingssamtale. Her får ein informasjon om tilbodet og det vert gjort ei avklaring i høve målsettingar og tiltak.

 

Lavterskeltilbod på frivilligsentralen

Psykisk helseteneste samarbeider med eit lavterskeltilbod som er brukarstyrt og lokalisert på Ørskog frivilligsentral. Tilbodet kan nyttast av dei som ynskjer det og er ope:

  • måndagar kl. 13.00-16.00
  • onsdagar kl. 16.00-19.00

 

Kontakt oss:

Jane Reite Grøtteland: 70 27 36 92 / 902 41 224 (måndag og torsdag)

Gro Relling Asbjørnsen: 70 16 59 76 / 977 16 081

 

 

Postadresse:

Ørskog kommune
Psykisk helseteneste
Øyravegen 11
6240 Ørskog

 

*********


- Fastlege

Dersom du slit med vanskelege tankar, er det viktig å søke lege. Gjennom kontakt med fastlegen kan barn, unge og vaksne med psykiske vanskar få kontinuitet i oppfølginga.
Legekontoret kan vidareformidle kontakt til psykiatritenesta.
Pasientar kjem i kontakt med sin fastlege gjennom ordinær timebestilling eller telefontid ved
Ørskog legekontor, tlf 70 27 01 00


 


- Helsestasjon for ungdom

Eit gratis helsetilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Fast personell er helsesøster og lege. Psykolog og spesialsjukepleiar i psykisk helse er tilknytta tenesta, og det er kort ventetid for timeavtale.
 


- Pedagogisk-psykologisk teneste -  Storfjorden PPT

Vi har eit interkommunalt PP-kontor for Norddal, Stordal, Skodje og Ørskog.

Pedagogisk-psykologisk teneste gjev hjelp til barn og unge med særskilde behov og skal medverke til at dei får tilrettelagt sin livssituasjon med sikte på best moglege vilkår for læring og utvikling.  I samarbeid med dei andre kommunale instansane skal PPT medverke til at den einskilde får eit heilskapleg tilbod. PPT kan gje råd og direkte hjelp til barn, ungdom og foreldre i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing, oppseding og opplæring. Kontoret ligg i 3. etasje i bygget til Ørskog Sparebank.
Føresette kan ta direkte kontakt på telefon 70 16 59 60.
 
 


- Storfjorden barnevernteneste

Interkommunal teneste for kommunane Norddal, Stordal, Skodje og Ørskog med tilhald i Skodje rådhus. Barnevernet skal sikre at barn får omsorg, tryggleik og gode oppvekstvilkår.  Foreldre, barn eller andre kan kontakte barnevernet dersom dei er bekymra.  Det er også mogleg å drøfte bekymringar anonymt.
Tlf. 70 24 40 00

 


- Sorggrupper for barn og ungdom

Sjukehuset i Ålesund gjev tilbod om møteplass for barn og ungdom som har mista nære pårørande.  Sorggruppene er delt i tre ulike grupper, ca. 6 - 11 år, ca. 12 - 15 år og ca. 16 - 18 år.  Det er tilbod om eiga gruppe for dei vaksne som følgjer barna.  Ta kontakt via PPT eller helsesøster, eller du kan kontakte sjukehuset og spør etter sjukehuspresten: tlf. 70 10 50 00
 


- Sjølvmordførebyggjande tiltak

Personar som har gjort sjølvmordsforsøk får tilbod om kommunal oppfølging etter utskriving frå sjukehuset.
 


 
- Godt samliv

Samlivskurs for førstegangsforeldre. Interkommunalt samarbeid mellom Skodje og Ørskog kommune i regi av helsestasjonane. Kontakt helsesøster for meir informasjon.
Tlf: 70 27 36 90

 


- Interkommunalt overgrepsmottak

Overgrepsmottaket er et interkommunalt samarbeid mellom per i dag 13 kommunar på Sunnmøre, deriblant Ørskog. 
Mottaket er samlokalisert med legevakta i Ålesund, og ligg i sjukehuset sitt nord-austre hjørne. Ein kan kontakte mottaket om ein har vore utsett for eller lurer på om ein kan ha vore utsett for seksuelle overgrep. Tenesta gjeld og vold i nære relasjonar.
Tlf 70 14 31 13.
Tilbodet er gratis, og er open heile døgnet.


 

- Psykososialt kriseteam

Teamet er sett saman av ulik fagkompetanse(helse, psykiatri, barnevern og prest). Teamet skal sørge for at innbyggarane eller personar som oppheld seg i Ørskog kommune får oppfølging og hjelp i krisesituasjonar, utover det som inngår i det ordinære tilbodet.


 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering