Beredskap

Kommunen må vere budd på å handtere uønska hendingar.

Ved ei omfattende ulykke eller katastrofe kan ordførar/rådmann bestemme at ei kriseleiing vert etablert i kommunen.

I akuttfasen vil det normalt vere overbefal i brann- og redningstenesta eller lokal redningssentral (politiet) som har ansvar for å leie krisearbeidet. 

 

Dersom det oppstår uventa hendingar eller kriser, som vil kreve ekstra innsats og koordinering frå kommunen si side, vert det etablert kriseleiing.

Rådmann er leiar i kriseleiinga og kallar inn. (Synnøve Vasstrand Synnes, mobil: 990 40 871)

Kommunen har ein overordna beredskapsplan som er eit verktøy og gjer retningsliner i krisesituasjonar.

 

Ved krisesituasjonar / In case of emergency:

  • Brann / fire: 110                
  • Politi / Police: 112          
  • Sjukebil / ambulance / akutt situasjon lege: 113     
  • Legevakt / doctor: 70 27 03 00
  • Beredskap vatn og avlaup, veg, brøyting og kommunale bygg etter kl 15.30: 70 16 59 99.

 

I beredskapsituasjon:

 

Rådmann: Synnøve Vasstrand Synnes. Tlf. 990 40 871

Ordførar: Karen Simonnes Aanes. Tlf. 957 67 387

Beredskapskoordinator: Åse Karin Gjære. Tlf. 952 88 638

Psykososialt kriseteam: Lars Tore Nerbøvik Tlf. 70 27 37 20

Informasjon i beredskapssituasjonar (media): Karen Simonnes Aanes Tlf. 957 67 387

 

Beredskapsleiinga

Beredskapsleiinga i Ørskog kommune er sett saman av ordførar, varaordførar, rådmann, stabsleiar, kommuneoverlegen, teknisk sjef og lensmann. Stabsleiar er leiar for beredskapssekreteriatet.

Beredskapsleiinga kallar inn til møte i forkant av, eller ved større hendingar som ikkje kan løysast i den ordinære driftsorganisasjonen eller hendingar som krev koordinering og nødvendige avklaringar. Beredskapsleiinga har fullmakt til å iverksette naudsynte tiltak i krisesituasjoner på kort varsel.

 

Psykososialt kriseteam

Ørskog kommune har eit kommunalt kriseteam som er sett saman av ulik fagkompetanse (helse, psykiatri, barnevern og prest). Teamet skal sørge for at innbyggarane eller personar som oppheld seg i Ørskog kommune får oppfølging og hjelp i krisesituasjonar.

Kriseteamet vert kalla inn av beredskapsleiinga, legevakt eller politi.

 

Brann- og redningsberedskap

Ørskog Brannstasjon er bemanna av deltidstilsett brannmannskap som vert varsla med personsøkar/mobiltelefon.

Brannvesenet rykker ut ved brann, trafikkuhell, andre ulykker, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgaver. Målsettinga er å sikre menneske, dyr, miljø og materielle verdiar.

Ofte er det dei som er fyrst på staden t.d ved alorlege trafikkulukke. Fram til politiet er på staden så er det dei som leiar redningsaksjon.

 

Legevakt

Ørskog kommune har legevakt på dagtid (0800-1600) ved legekontoret på sjukeheimen. Kommunen har interkommunal legevakt etter ordinær arbeidstid og natt.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 25.11.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Synnøve Vasstrand Synnes
Rådmann
Tlf: 70 16 59 28
Mobil: 990 40 871
E-post  

 

bilde av Åse Karin Gjære
Stabsleiar
Tlf: 70 16 59 07
Mobil: 95 28 86 38
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering