Kommunereforma

Kommunereforma 4.jpg - Klikk for stort bilete

Stortinget har gitt tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og mynde.

Alle kommunane i landet vart hausten 2014 invitert til å starte prosessar for å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar.

Ørskog kommunestyre gjorde vedtak i møte 24.11.16 om å slutte seg til Skodje, Sandøy og Ålesund, og bygge ein ny kommune - "Nye Ålesund".                         

Her vil vi legge ut fortløpande informasjon om arbeidet i styringsgruppa, og med relevante lenker.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 19.04.2017

 

Styringsgruppa til nye Ålesund skal på møtet 20. april i Borgundgavlen arbeide med å revidere intensjonsavtalen, demokratiutvikling og planlegge felles kommunestyremøte.

 

Nye Ålesund vil tenkje nytt - Referat frå 5. møte i styreingsgruppa 13.3.2017

 

Fleire store tema er på agendaen når styringsgruppa for nye Ålesund møtast på Skodje 13. mars.

 

Tirsdag 7. februar møtte styringsgruppa for kommunereformen på Harøy for å diskutere korleis framdrifta i arbeidet med sammenslåinga skal organiserast.

 

 

Breiband, gang- og sykkelveg og hydrogenstasjon er mellom sakene som blir diskuterte når dei fire kommunane som dannar nye Ålesund kommune, møtast 19. januar. Møtet var lagt til Ørskog.

 


Arbeidsutvalet for nye Ålesund kommune møttast i Skodje 4. januar. Det vidare arbeidet framover blei diskutert og agendaen for styringsgruppa sitt møte 19. januar vart sett.

 

 

Arbeidsgjevaransvaret i kommunereforma

Korleis skal vi handtere omorganisering og overtallighet i kommunereforma ? Når bør leiarar oh nøkkelstillingar vee på plass ? Korleia bygger vi ein ny organisasjon og kultur? Mange spørsmål var oppe til diskusjon på K-seminar om kommunereforma.

Målet med seminaret var å bevisstgjere kommunar som skal slå seg saman om å arbeide md arbeidsrettslege spørsmål og få til gode medverkningsprosessar.

Frå Nye Ålesund vr personalsjefane i dei fire kommunane med saman men tillitsvalde, verneombod og eit felles vald hovedverneombod. I tillegg var alle rådmennene, ordførarane og andre politikarar til stades. Til saman var det 26 representantar frå Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som var på seminar på Gardermoen 25-26 januar.

I tillegg til¨å diskutere viktige arbeidsrettslege spørsmål som vil dukke opp i ein slik prosess, vart det arbeidd i grupper med tankar rundt kommunikasjon og ulike styringsdokumnet i prosjektorganiseringa.

Ute på KS sine heimesider kn du sjå videoopptak frå alle innlegga. Alle presentasjonane frå seminaret ligg og ute i saka Arbeidsgjevaransvar ved kommunesamanslåing

 

 

***

 

 

Prosjektkoordinator for Nye Ålesund

Anne_Berit_Stoyva_Emblem.jpg - Klikk for stort bilete I januar starta Anne Berit Støyva Emblem i stillinga som prosjektkordinator for arbeidet med Nye Ålesund kommune

 

Ho har hovudfag i administrasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, vekta ligg på kommunal og regional organisering. Vidare har ho åtte års erfaring frå Kystverket sin HR-stab der omorganisering har vore dei viktigaste oppgåvene. Tilsvarande oppgåver har ho hatt i Politidirektoratets prosjektstab, der ho arbeidde i sju år. Ho er oppvaksen i Stryn og flytta frå Oslo til Ålesund saman med familien i 2009.

 

 

Møte i styringsgruppa 08.12.16

Arbeidsgruppa for bygging av nye Ålesund kommune hadde møte torsdag 08.12.2016. Det har blitt gjennomført intervju og arbeidsgruppa vedtek å tilby stillinga til ein av søkjarane.

Arbeidsutvalet vil i samarbeid med rådmennene og personalsjefane fatsette arbeidsinstruks for prosjektkoordinatoren

 

 

 

Referat frå møte i styringsgruppa 07.12.16

Arbeidsgruppa for bygging av nye Ålesund kommune hadde møte onsdag 07.12.2016. I dette møtet vart innkomne søknadar knytt til prosjektkoordinatorstillinga drøfta, og arbeidsgruppa vel å kalle inn to kandidatar til intervju.

Referat frå møte (PDF, 279 kB)

 

 

Referat frå møte i styringsgruppa 29.11.16

Styringsgruppa for bygging av nye Ålesund kommune har ei arbeidsgruppe. Denne arbeidsgruppa består av ordførarane i dei fire kommunene som har vedtatt å bygge nye Ålesund kommune saman. Desse hadde møte 29.11 der det vart diskutert stilling som prosjektkoordinator, prosjekt for utviklling av lokaldemokrati og medverknad og møteplan for styringsgruppa for 2017.

Referat frå møte (PDF, 283 kB)

 

 

Endeleg vedtak i kommunestyret

Ørskog kommunestyre gjorde slikt vedtak i møte 24.11.16:

 

Ørskog kommune skal verte ein del av ein ny kommune saman med Skodje, Sandøy og Ålesund frå 01.01.20, jfr. KS-vedtak 72/16 og FS-vedtak 104/16.

Kommunestyret vel 5 politiske representantar frå kommunestyret til «Styringsgruppe for bygging av nye Ålesund kommune».

For Ørskog kommune vert følgjande representantar med personlege vararepresentantar valde

Olav Kjetil Sjøholt, vara: Knut Harstad

Geir Peter Aure, vara: Helene Børretzen Fjørtoft

Thorbjørn Fylling, vara: Therese Sæter

Karen Simonnes Aanes, vara: Arne Abelset

Gert Rietmann, vara: Frode Dyrkorn

 

Inntil Stortinget sitt formelle vedtak om oppretting av Nye Ålesund kommune sommaren 2017, har dei valde fullmakt til å møte på vegne av Ørskog kommune i styringsgruppa. Formålet med arbeidet er organisere og leie ein god prosjektprosess, innhente naudsynt kunnskap og leggje til rette for utgreiingsarbeid som skal danne vedtaksgrunnlag for Fellesnemda.

Dei same valde representantane utgjer frå Stortinget sitt vedtak sommaren 2017 Ørskog kommune sine representantar i Fellesnemnda for nye Ålesund kommune, med mandat etter Inndelingslova.

Rådmannen får fullmakt til å inngå i prosjektorganisasjonen, og bistå styringsgruppa i arbeidet fram til ny kommune vert realisert eller Fellesnemnda har organisert sitt arbeid på anna vis.

Ålesund kommune får fullmakt til å føre prosjektrekneskap, krevje inn og administrere reformstøtte frå Fylkesmannen og staten til prosjektarbeidet og følgje opp prosjektorganisasjonen økonomisk på vegne av kommunane.

 

 

 

Her er vedtaket frå kommunestyre 29. juni:

 

 

KS-72/16 Vedtak:

1. Ørskog kommunestyre er samd i at vi bør ha større og meir robuste kommunar i Norge, og ønskjer difor at Ørskog blir ein del av ein større kommune i framtida.
 

2. Ørskog kommunestyre meiner at innbyggjarane i Ørskog er best tjente med ein stor landkommune mellom Ålesund og Molde. Kommunestyret vil då peike på Norddal, Stordal, Skodje, Haram og Vestnes som aktuelle for ein slik kommune. Vi vil då få ein robust kommune
på ca. 25 000 innbyggjarar som til tross for relativt stor geografisk utstrekning vil kunne ha desentraliserte og gode tenester der det er behov for dette.
 

3. Ørskog kommunestyre meiner ein landkommune vil ha ein del andre utfordringar enn byane rundt oss, til dømes når det gjeld samferdsel der det lett kan bli bybane og bypakkar mot rassikring og bruer. Ein slik landkommune vil også kunne vere med på å skape ein viss «konkurranse» om å tiltrekkje seg innbyggjarar og næringsliv, og derved skjerpe politikarar og administrasjonen heile tida. Ein landkommune på denne storleiken vil også vere stor nok til å delta aktivt i arbeidet med framleis å skape ein slagkraftig region på Sunnmøre/Romsdal saman med byane våre, Ålesund og Molde.
 

4. Dersom dette alternativet smuldrar bort, blir for lite, eller blir lagt bort etter fylkesmannen si tilråding/Stortinget si avgjerd, bør noverande Ørskog kommune bli ein del av regionkommune saman med mellom anna Ålesund og Skodje.
 

 

 

 Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Her er resultatet frå folkerøystinga i Ørskog kommune:

44,2 % valdeltaking 

Resultat:

Alt. 1 Landkommune   83,2  %

 

Alt. 2 Regionkommune  15,2  %

 

Alt. 3 Blank   1,6  %

 

Nyhetsbrev frå Fylkesmannen april 2016

 

 

Forhandlingane er avslutta, her finn du underteikna intensjonsavtaler

Ny landkommune - underteikna intensjonsavtale

økonominotat, som skal følgje intensjonsavtalen for Storfjord kommune

 

Regionkommune Ålesund - underteikna intensjonsavtale

 

Sonderingsgruppene har avslutta sitt arbeid, no er det klart for forhandlingar.

Her vil du finne referata frå forhandlingsmøta i dei 2 prosjektgruppene som Ørskog er med i:

Ny landkommune

Referat frå forhandlingsmøte nr 1 -  9.2.16 (PDF, 296 kB)

Referat frå forhandlingsmøte nr. 2 - 2 11.2.16 (PDF, 262 kB)

Referat frå forhandlingsmøte nr 3 - 17.2.16 (PDF, 275 kB)

Referat frå forhandlingsmøte nr 4 - 9.3.16 (PDF, 366 kB)

 

 

Regionkommune

Referat frå forhandlingsmøte 8.2.16 (PDF, 410 kB)

Referat frå forhandlingsmøte 19.02.16 (PDF, 270 kB)

Referat frå forhandlingsmøte 01.03.16 (PDF, 377 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Sonderingsgruppa for kommunereformprosjektet "Ny landkommune" hadde siste møte 2.-3. februar

Her finn du referat frå møtet og presentasjon

Møtereferat (PDF, 272 kB)

Erlend Krumsvik - praktisk om forhandlingane (PPTX, 528 kB)

 

Sonderingsgruppa for kommunereformprosjektet "Regionkommune Sunnmøre" hadde siste møte 2-3. februar 

Her finn du referat frå møtet og presentasjonane

Møtereferat (PDF, 516 kB)

Bente G. Vikhagen - presentasjon (PDF, 238 kB)

Erlend Krumsvik - praktisk om forhandlingane (PDF, 588 kB)

Kjell Sandli - samferdsel kommunereform (PDF, 2 MB)

Lars Fylling - nytt inntektssystem (PDF, 850 kB)

Ole Helge Haugen - regionkommune (PDF, 2 MB)

Torill Ytreberg - kommunereformen (PDF, 3 MB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Her finn du sakspapira til sak om ny kommunestruktur

Til Formannskapet ( 21.januar) og Kommunestyret (28.januar)

Saksutgreiing - Kommunereforma, retningsval for Ørskog kommune (PDF, 618 kB)

Vedlegg:

Forventningsbrev - Kommunereformen Møre og Romsdal (PDF, 825 kB)

Melding om vedtak påført KS-sak 094/14 Kommunereform (PDF, 412 kB)

Utfordringsnotat Sunnmøre Regionråd - endelig (PDF, 3 MB)

Statusrapport februar 2015 (PDF, 3 MB)

Kommunereformprosjektet Ny landkommune - sluttrapport 7.9.2015 (PDF, 3 MB)

Regionkommune Sunnmøre, sluttrapport pr 21.08.2015 (PDF, 2 MB)

Innbyggarundersøking - Rapport Sunnmøre 2015 (PDF, 4 MB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Rapport frå folkemøte om kommunereforma 18. januar

Formålet med dette møtet var ikkje å informere, men å få innsikt i kva som rører seg, utveksle meiningar og lære av kvarandre gjennom samtalar.

Denne rapporten tek kun mål av seg til å ta vare på det materiellet som vart produsert på møtet. Rapporten er eit slags situasjonsbilete, og har inga analyse eller konklusjon av det som kom fram.

Her kan du lese rapporten etter møtet måndag 18. januar. (PDF, 2 MB)

 

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Arbeidet med endring i kommunestrukturen pågår for fullt!

Skal Ørskog kommune gjennomføre forhandlingar med sikte på å etablere ein ny og større kommune? Kva kommunar skal Ørskog evt forhandle med? Formannskap og kommunestyre skal svare på desse spørsmåla no i januar 2016.

Den 18. juni 2014 vedtok Stortinget å gjennomføre ei kommunereform. Reforma skal bygge på lokale kommunestyrevedtak. Deretter skal Fylkesmannen kome med tilråding om framtidig kommunestruktur overfor departementet. Stortinget skal gjere endeleg vedtak våren 2017 med iverksetting frå neste kommunestyreperiode.

Kvar kommune følgjer ein lokal plan for utgreiingar og plan for innbyggarhøyring og medverknad. Kommunane sine tidsfristar er fastsett gjennom samarbeid mellom kommunane, regionråda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Tidsfristar:

 

Ferdig utgreiing:

31. desember 2015

Retningsval:

31. januar 2016

Ferdig forhandling om intensjonsavtalar:

20. mars 2016

Folkeavrøysting/innbyggarhøyring innan:

8. mai 2016

Frist for endeleg vedtak:

1. juli 2016

 

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Nyhetsbrev nr 5 frå Fylkesmannen (PDF, 503 kB)

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Nyhetsbrev nr 4 frå Fylkesmannen (PDF, 1002 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Styringsgruppene for kommunereformprosjekta Regionkommune og Landkommune har no lagt fram sine sluttrapportar.

Rapportane var til handsaming i kommunestyret 24.09.15

Her finn dusluttrapport for prosjektet "Ny landkommune" (PDF, 3 MB)

Her finn du endeleg sluttrapport for regionkommune Sunnmøre (PDF, 2 MB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Vil presentere to alternativ til ny kommunestruktur

Sunnmørskommunane utgreier ulike alternativ til ny kommunestruktur. To av utgreiingane vil bli lagt fram på eit møte på Finnøya torsdag og fredag 20-21.august

Det er alternativa Ny landkommune og Regionkommune Sunnmøre som skal diskuterast når politisk og administrativ leiing samlast til møte. Ny landkommune består av kommunane Vestnes, Sandøy, Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal. Regionkommune Sunnmøre består av kommunane Giske, Haram, Hareid, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Ørskog og Ålesund.

Det er kommunane sjølve, i samarbeid med regionrådet, som har stått for utgreiingane Dei har analysert sterke og svake sider og sett på moglegheiter og truslar ved å bli ein del av ein ny, større kommune. No er det styringsgruppene, beståande av ordførarane i deltakarkommunane, som skal behandle rapportane og gje si anbefaling til det vidare arbeidet.

- Det er spanande prosessar som er i gang, seier leiar av styringsgruppa for Ny landkommune Thorbjørn Fylling. Kommunane har tatt utgreiingsansvaret på alvor og gjort eit grundig og omfattande arbeid. No blir det opp til den einskilde kommune å behandle rapportane og gje sine anbefalingar til det nye kommunestyret, seier Fylling.

Fylling understrekar at uansett kva som blir den framtidige kommunestrukturen for Sunnmøre må utgangspunktet vere at vi skal bygge nytt, ikkje berre slå saman kommunar.

- Til grunn for begge utgreiingane ligg at dagens kommunestruktur ikkje samsvarar med den kvardagsregionen som innbyggarane bur, arbeider og har sine fritidsaktivitetar. – No skal vi byggje kommunar for framtida som sikrar innbyggarane gode tenester der dei bur, og der vi kan hevde oss i konkurransen med andre regionar, seier leiar av styringsgruppa for Regionkommune Sunnmøre, Bjørn Sandnes.

Før sommaren 2016 må kommunane ha gjort vedtak om kva løysing dei ønskjer for ny kommunestruktur. Dei nye kommunane skal vere på plass og i drift frå 1. januar 2020.

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Sunnmørskommunane utgreier ulike alternativ til ny kommunestruktur. To av utgreiingane vil bli lagt fram på eit møte på Finnøya torsdag og fredag 20.-21.august : Ny landkommune og Regionkommune Sunnmøre.

Ordførar Thorbjørn Fylling er leiar av styringsgruppa for Ny landkommune.

 

Her kan du lese meir om møte vedrøyrande kommunereform 20.-21 aug på Finnøy. (PDF, 346 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Nyhetsbrev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (PDF, 420 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

Fylkesmannen i Møre og Romsdal.jpg - Klikk for stort bilete

Fylkesmannen har kome med statusrapport for kommunereforma:

Kommunereforma - rapport pr 1.juli 2015 (PDF, 7 MB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

23. april var det nytt dialogmøte med styringsgruppa (formannskapet) og referansegruppa.

Tema for møtet var Ørskog kommune sine innspel til utgreiingsarbeidet knytt til dei to alternativa vi er med på:

  1. Regionkommunen Sunnmøre
  2. Landkommunen.

Presentasjon og resultat frå møta finn de her.

Dialogmøte 23.04.15 - Innspel til utgreiingar (PPT, 250 kB)

SWOT-analyse Ørskog kommune og landkommunen (DOCX, 23 kB)

SWOT-analyse Ørskog kommune og regionkommunen Sunnmøre (DOCX, 23 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Ørskog kommunestyre hadde i møte 26. mars føre seg sak 19/15: Rapport i samband med kommunereforma - status i Ørskog kommue. Rådmann og ordførar orienterte om status for kommunereformarbeidet. I saka var det lagt fram ein rapport: Veien mot en ny kommune (PDF, 2 MB).

Rapporten gir ei drøfting/vurdering av status knytt til kommunen sine fire roller: tenesteprodusent, utøvar av mynde, samfunnsutviklar og demokratisk arena.

Dei fire rollene vert drøfta opp imot kriteria for definisjonen av ein robust kommune.

Med bakgrunn i dette skal politisk nivå kunne danne seg eit bilde av «kvar vi er» før ein skal

gjere seg opp ei meining om «kvar vi bør gå». Rapporten gir ingen fasitsvar eller konklusjonar, men

løftar fram problemstillingar og aktuelle spørsmål.

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Fyrste dialogmøte med referansegruppa vart halde 19.mars

Her finn du  presentasjon (PPT, 2 MB)og referat/oppsummering (DOCX, 167 kB)av det arbeidet som var gjort i gruppene

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Dialogmøte i samband med kommunereformarbeidet

Ørskog kommunestyre hadde i møte 16. desember 2014 føre seg sak 094/14 Kommunereform - lokal prosess. Det vart mellom anna gjort vedtak om å setje ned ei referansegruppe, der både UKS, lag og organisasjonar, tillitsvalde, medlemmer i politiske utval og næringslivet er representert.

 

I samband med kommunereformarbeidet er det fleire tema som må diskuterast lokalt fram mot sommaren 2015. Prosjektgruppa tek difor initiativ til dialogmøte med formannskapet og medlemmer av referansegruppa på følgjande tidspunkt: 19. mars, 23. april og 21. mai.

 

Aktuelle tema vil vere mellom anna:

  • Kommuneøkonomi
  • Identitet
  • Kommunale tenester/tilgjengelegheit

 

Her ser du informasjonen sendt frå rådmann til medlemmer i FS og referansegruppa. (PDF, 432 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

27.02 vart det halde eit oppfølgande møte i Ålesund knytt til arbeidet med Regionkommunen Ålesund.

Møtet var ei oppfølging av konferansen i Brattvåg 26.01.15 der ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal, og ordførar i Haram, Bjørn Sandnes, tok initiativ til eit møte for å undersøke interessa for å skape ei større kommune på Nordre Sunnmøre.

 

Vestnes kommune har i etterkant av møtet gitt tilbakemelding om at dei ikke ønskte å gå videre med dette alternativet. Kommunane Giske, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven og Ørskog har gitt tilbakemelding om at dei ønskjer å gå vidare med ein utgreiingsprosess.

Fleire av desse kommunane har også alternative utgreiingsalternativ som vil gå parallelt med dette utgreiingsarbeidet.

Mot ny regionskommune - presentasjon 27.02.15 (PPT, 936 kB)

Notat frå møte 27.02.15 - Regionkommune (DOC, 108 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

To alternativ for ny kommune

For Ørskog kommune er det to alternativ til ny kommune som blir utgreidde vidare.

Dette er

  • Storkommunen: Nordre Sunnmøre som ei kommune, der 11 kommunar har sagt ja til å vere med på det vidare utgreiingsarbeidet.
  • Landkommunen: Kommunane Skodje og Ørsog har teke initiativ overfor Haram, Vestnes, Stordal og Norddal til å utgreie om dette kan vere ei mulig ny kommune

Det idare utgreiingsarbeidet skal ende opp i rapportar der ein prøver å gje svar på kva målsetjingar og intenbsjonar som skal gjelde for den nye kommunen, samt forventa effektar av kommunesamanslåinga med tanke på kommunane sine kjerneoppgåver. Desse omfattar både tenesteproduksjon, utøving av mynde, samfunnsutvikling og konsekvensar for lokaldemokratiet.

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

Invitasjon til møte om kommunesamarbeid

Ordførarane i Ørskog og Skodje kommune har invitert rådmenn og ordførarar i nærliggande kommuner til eit felles møte om kommunestruktur. Her kan du lese invitasjonen (PDF, 356 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete
 

Prosjektgruppa er i gong, og inviterer til dialogmøter

 

l samband med arbeidet er det fleire tema som må diskuterast lokalt fram mot sommaren 2015.

Her kan du lese meir om prosjektgruppa og planlagte dialogmøte (PDF, 430 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete
 

Den 28.januar vart det invitert til eit ope møte om kommunereforma der lag, organisasjonar og næringslivet i Ørskog var inviterte.

Her kan du lese referatet frå møtet (DOC, 326 kB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 


Møte om kommunereforma i Brattvåg 26.01.15

ordførarane i Haram og Ålesund tok initiativ til eit møte, der ein inviterte kommunane Giske, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes og Ørskog.

Formålet med møtet var å sjekke ut om det er ynskje om å skape ein større kommune på nordre Sunnmøre, og evt. kven av kommunane som kan tenkje seg å delta i prosssen med å utgreie alternativet.

Referat frå møtet kan du lese her. (PDF, 2 MB)

Det vart og lagt fram ei prosesskisse. (PDF, 4 MB)

 

Kommunereform  stripe.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Fylkesmannen har fått ansvar for å sette i gang dei regionale og lokale prosessane.

Kommunane har blitt tilbudt ulike verktøy for å lage gode beslutningsgrunnlag.

Regjeringa har som mål for reforma å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. Målet er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre verdiskaping og trivsel. Kommunane må ha kraft til å møte dei utfordringane som ventar, innan område som demografi, velferd og kompetanse.

Departementet har som utgangspunkt  at kommunane vil ha behov for om lag eit år på å drøfte utfordringar og bilete før det vert fatta vedtak om kva kommuner ein vil slå seg saman med. Dei regionale prosessane vert avlutta ved utgangen av 2016.

Våpenskjold.jpg - Klikk for stort bilete  Ørskog Kommunestyre gjorde i sak 94/14 fylgjande vedtak om vidare arbeid :

Ørskog kommune vel å følgje tidsløp 2 med kommunestyrevedtak om eventuell kommunesamanslåing innan 01.07.16. Eventuell ny kommune er gjeldande fra 01.01.20.
 
Det vert nedsett ei prosjektgruppe av ordførar (leiar), varaordførar (nestleiar) og rådmann som får fullmakt til å utarbeide aktivitets- og milepælsplan som sikrar involvering og informasjon. Prosjektgruppa rapporterer til formannskapet i kvart møte fram til 01.07.16.
 
Formannskapet er styringsgruppe, og skal konsulterast ved behov.
 
Det skal setjast ned ei referansegruppe med 2 representantar fra UK, 2 fra andre politisk oppnemnde råd og utval, 2 fra tillitsvalde, 2 fra næringslivet og 2 fra lag og organisasjonar i Ørskog.
 
Kommunereforma skal vere tema i kommunestyret i kvart møte fram til 01.07.16.
 
Rådmannen er kontaktperson og gir melding til fylkesmannen.
 
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Synnøve Vasstrand Synnes
Rådmann
Tlf: 70 16 59 28
Mobil: 990 40 871
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering