Ørskog kyrkje

Storfjordens katedral - Klikk for stort bileteStorfjordens katedral Hilde Sørdal Ørskog kyrkje ligg idyllisk til ved Storfjorden og har det vakre tilnamnet ”Storfjordens katedral”. Her har det truleg stått kyrkjehus sidan 1100-talet. Kyrkja som står her no vart bygd som ei langkyrkje i 1873, og rommar om lag 600 menneske.

Ørskog kyrkje - Klikk for stort bileteØrskog kyrkje Hilde Sørdal

Kontakt Ørskog kyrkje

Ørskog kyrkjelege fellesråd/kyrkjekontoret: 70 27 27 50

 

Sokneprest Kari Vatne: 70 27 27 52 eller mobil: 920 65 380

E-post: sokneprest.orskog@storfjorden.kyrkja.no

 

 

Kyrkjeverje Petra Riste Synnes: 404 41 527

E-post: petra.riste.synnes@storfjorden.kyrkja.no

 

Prosten i Austre Sunnmøre prosti Svein Runde: 70 27 27 56 / 911 14 095

E-post: prost.orskog@storfjorden.kyrkja.no

 

For oversikt når det er gudstenester i Ørskog, sjå Kva skjer?

 

Litt historie

Ørskog kyrkje vart vigsla og teken i bruk 6. november 1873, som den siste av kanskje så mange som 5. Den førre kyrkja vår vart etter kvart for lita, og det vart beslutta å byggje ny. Den gamle kyrkja vart selt og flytta til Leikong i Herøy, der den er i bruk den dag i dag.

Ørskog kyrkje har inga altertavle, men i staden står det ein Kristusfigur på alteret, som er ein kopi av ein Kristusfigur laga av kunstnaren Bertel Thorvaldsen. Originalen står i Vår Frues kirke i København.

Dei store, fargerike glasmåleria er måla av kunstnaren Jørgen Skaare.

Eit krusifiks som heng i korbogen er truleg frå ei av dei eldre kyrkjene. Døypefonten har eit messingfat frå 1686, gitt av presten Hegelund. Han gav også to av dei flotte lysekronene som enno i dag berre har levande lys.

 

Langkirke

Ei langkirke har eit langstrakt kyrkjerom som skal symbolisere den heilage vegen («via sacra») frå vest mot soloppgangen i aust. Denne kyrkjestilen har vore den mest vanlege i Noreg frå middelaldaren fram til 1900-tallet. Typisk for denne stilen er at koret er smalare og lavare enn skipet.

 

Tiltak i nyare tid

Den vel 140 år gamle kyrkja har dei siste 20-30 åra fått fleire innstaleringar og oppgraderingar, mellom anna:

  • automatisk brannvarsling
  • nytt gulv
  • nytt elektrisk anlegg
  • restaurering av glassmåleri
  • lynvernanlegg
  • varmeanlegg
  • skifertak

Mykje arbeid har vorte lagt ned for å ta vare på kyrkja og halde den ved like. Den neste store oppgåva vil vere innvendig oppussing og måling.

 

Kyrkja i Middelalderen

Tekst henta frå heimesida til Middelalder på Sunnmøre:

"Ørskog var sammen med Borgund, Herøy og Volda de 4 hovedkirkene på Sunnmøre i middelalderen. Det er trolig at disse hovedkirkene og var av de første som ble bygget og man regner med at den første kirka i Ørskog ble bygget tidlig på 1100-tallet. Den eldste skriftlige kilden er fra 1309 i Bjarne Ellingssons testamente. Hvor mange og hvor eksakt de ulike kirkene har stått er ikke sikkert men skriftlige kilder forteller om en stavkirke som stod på øyra i Ørskog i 1325. Denne stavkirken, var viet til St. Laurentius og skal ha blitt erstattet med ny i kirke i 1643.  Det ble bygget enda en ny kirke i 1807 men denne ble fort for liten og ble solgt og flyttet til Leikong i Herøy i 1872 hvor den står nå. Uten om dette er det og segn som sier at det skal ha stått kirke på Lande i Ørskog." 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.01.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering