Tilrettelagt transport for funksjonshemma/drosjelappar

Nytt TT-kort frå august 2017 - Klikk for stort bileteNytt TT-kort frå august 2017 Transporttenesta er eit tilbod om drosjetransport for personar som er varig forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.

 

Transportordninga er ei frivillig fylkeskommunal oppgåve og er meint som eit supplement til andre rettighetsbaserte ordningar. Ordninga er eit tilbod om drosjetransport til personar som grunna varig forflytningshemming, ikkje kan nytte seg av vanleg kollektivtransport.

 

Administrering

Det er Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som administrerar TT-ordninga, men det er Sørviskontoret som tar i mot og registrer søknadene. Søknadane vert så behandla av ei godkjenningsnemnd her i kommuna.

 

Personleg brukarkort

Alle brukarar har eit plastkort/magnetkort som er personleg og har påført namn og brukarnummer. Desse erstattar dei tidlegare papirkupongane. 

Reisestøtta vert registrert på kortet som eit kronebeløp/kredittgrense. Når du får kortet ditt, vil det vere påført eit visst beløp som du kan nytte. Deretter vil nye beløp bli satt inn 2 gongar i året, henholdsvis 1. januar og 1. juli. Ved årsskifte vert saldoen nullstilt. Dersom du har attståande reisestøtte på kortet ved overgangen til juli, så beheld du det. Men attståande ved årsskiftet vert sletta. 

Kortet er varig, og du vil automatisk få fylt på kontoen så lenge du er godkjent brukar av ordninga. Du må sjølv følgje med kor mykje reisestøtte du får ved kvar tildeling, då størrelsen på reisestøttebeløpet vil variere ut frå fylkeskommunen sitt budsjett.

 

Tap av kort eller skade på kort

Kortet er varig og skal brukast så lenge brukaren er med i ordninga, og kortet skal behandlast som eit bankkort. Dersom kortet blir tapt eller skada, kan nytt kort bestillast frå

Taxi transport Telemark AS tlf. 35 58 60 40, eller via e-post: ttkort@telemarktaxi.no

 

Søknad

Du fyller ut eit enkelt søknadsskjema som skal leverast til Sørviskontoret saman med ei erklæring frå legen din. Søknadspapira kan du anten hente på Sørviskontoret eller vi sender dei til deg i posten. Dei ligg og nedst i teksten her, om du har høve til å printe dei ut sjølv.

Ørskog kommune har eit visst godkjent brukartal på transporttenesta. I samsvar med regelverket vert godkjente brukarar og nye søkjarar gjennomgått av ei nemnd.

 

Kontakt

Møre og Romsdal fylkeskommune signerte i 2017 ei kontrakt med Taxi transport Telemark AS for levering og drifting av elektronisk løysing. Om du har spørsmål om saldo kan du få svar her: 

  • på Taxi transport Telemark AS sine internettsider, www.ttkort.no og tast inn kortnummer/brukarnummer
  • sende en SMS til 903 67 000 med kodeord TTkort brukernummer
  • i dei fleste drosjer vil saldo på kortet kome fram ved å trekkje kortet gjennom drosjene sitt betalingssystem.
  • ringe sørvistelefon til Taxi transport Telemark AS på tlf. 35 58 60 40. Sørvistelefonen er open heile døgnet alle dagar.
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 04.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Konsulent
Tlf: 70 16 59 06
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering