Ørskog folkebibliotek

Om noko skal halde deg vaken om natta, vonar vi det er biblioteket som er skuld i det.

Anten du liker historie, romantikk, humor, biografi eller krim har vi ei god bok til deg!

Eldre mann les ei bok - Klikk for stort bilete

 Opningstider:

Måndag kl. 12.00 - 18.00
Onsdag kl. 12.00 - 16.00
Torsdag kl. 16.00 - 19.00

Biblioteket har feriestengt i veke 29, 30 og 31. Fyrste dag etter ferien blir måndag 8. august.

 

Biblioteket

Vi held til i Sjøholt Næringsbygg, i 1. etasje. Merk at dersom du kjem etter kl 15.00, må du nytte hovuddøra (den som er mot Storfjordbygget).

Vi flytta inn i mars 2014 og har innreia lokalet lyst og lett, med møblar til å gjøyme seg litt vekk i. Biblioteket skal vere ein god plass å vere for både store og små - her er alle velkomne.

 

På biblioteket kan du få låne både gamle og nye bøker; krim, romanar, biografiar, bygdesoger, diktsamlingar og barne- og ungdomsbøker. Det vi ikkje har kan vi skaffe, og ventetida er ikkje lang.

I tillegg har vi eit godt utval av filmar, pc-spel, lydbøker, vekeblad, aviser og eit temmeleg assortert utval av tidsskrifter.

Om du treng ein pc å gå inn på, er du velkomen til å nytte den vi har ståande.

 

Låneautomat og lånekort

Vi har no fått låneautomat, så har du eit lånekort kan du sjølv skanne bøker for utlån - om du ynskjer det. Om ikkje, hjelper bibliotekaren deg. Har du ikkje lånekort, kan det ordnast der og da. Om du er over 15 år, kan du få eit nasjonalt lånekort, og dei kan brukast på dei fleste biblioteka i Noreg.

 

Heimeside og facebook

Ørskog folkebibliotek har eiga heimeside og her finn du ymse informasjon og nyhende. 

Vi har og ei eiga facebook-side. Gå inn og lik oss for å få raske oppdateringar.

 

 

 

 
 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.07.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Biblioteksjef
Tlf: 70 16 59 03
Mobil:
E-post  

 

Nyttige lenker (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering