Camping og allemannsretten

Gjennom høgt gras - Klikk for stort bileteGjennom høgt gras Geir Haugli Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Den gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av kven som er grunneigar.  

"Allemannsretten" er den retten alle og einkvar har til å ferdast fritt i naturen i Noreg. Dette gjeld fyrst og fremst i utmark - altså hovuddelen av strender, svaberg, vatn, myr, skog og fjell samt andre områder der det ikkje er dyrka.

Vi har rettar, men og pliktar. Ferdsel skal skje varsamt og ikkje føre til skade eller ulempe for andre.    

 

Rettar

Vi kan ferdast fritt til fots og på ski, raste og overnatte, ri eller sykle på stiar og vegar og plukke bær og sopp. I vatn og elvar kan du bade, padle og ro.  

Ørskog kommune har fantastisk natur og ingenting er betre enn at den er med og gir gode opplevingar for unge og gamle! Alle skal ha mogelegheit til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivelsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.    

 

Reglar

Allemannsretten krev og at ein viser omsyn, og skal du nyte friluftslivet i Ørskog - eller andre stader i landet, er det enkle reglar som må fylgjast:

  • motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode
  • skilt satt opp ved drikkevasskilder må respekterast
  • ta omsyn til dyrelivet og til andre folk som ferdast i området
  • lukk grinder og porter etter deg
  • utmarksbeite er i sommarhalvåret for innmark og rekne.Om der er ein opparbeida sti, kan du likevel gå over området.  
  • ikkje trakk i åker og eng eller plantefelt når plantane er under knehøgde
  • ikkje riv opp planter med rota eller brekk eller skjer i friske plantar og tre
  • rydd opp etter deg
  • bruk av ild og opptenning av bål i skog og mark er forbode i perioden 15. april til 15. september (gjeld ikkje snaufjellet)
  • etter friluftslova kan du ikkje telte nærare hus eller hytte enn 150 meter. Då må du i tilfellet få tillatelse frå eigar
  • skal du vere meir enn to dagar på same stad, må du ha tillatelse frå eigar
Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.08.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering