Fisking og fiskekort

Fisk på kroken - Klikk for stort bileteFisk på kroken

Ørskog har tre dalfører med elvar; Ørskog-, Vaksvik- og Solnørvassdraget, og her er det gode moglegheiter for sportsfiske. Storfjorden, som går ned til ei dybde på 700 meter, er og fiskerik.
 

Ørskogelva

Ørskogelva opnar for fiske 15 juni og varer ut juli. Fiskekort kan du kjøpe på Bunnpris.

Pris

Eit kort varer i 4 timar og kostar kr 100,-.

Sonar

  • Sone 1 fra sjøen til Steinholt bru
  • sone 2 fra Steinholt bru til demninga ved plastfabrikken og
  • sone 3 derfra og oppover til Valgermo

Kontaktperson

Kåre Furstrand, mobil: 991 29 233

 

Vaksvikelva

I krysset ned til småbåthamna i Vaksvika står der ei kasse med diverse informasjon. Der kjøper du fiskekort.

Pris

Prisen er kr 100,- per døger. Kun kontant betaling.

Sonar

Fiskekortet gjeld for fiske frå hamna og opp til det gamle kraftverket (ca 300-400 meter). Du kan fiske frå begge sider, men det kan vere litt vanskeleg å gå enkelte stader.

Kontaktperson

Tore Vaksvik, mobil: 917 90 140

 

Solnørelva

Fiskekort får du kjøpt på Kiwi Skodje. Du kan ringe butikken på tlf 70 24 46 00 og bestille kort. Då er det ferdig utfylt når du kjem og hentar.

Er det lite vassføring i elva, vert den stengt. Skodje jeger- og fiskerforening gjer då beskjed til Kiwi, slik at dei har oversikt over når elva er stengt.

Pris

Medlem hos Skodje jeger- og fiskerforening kr 75,- og ikkje-medlem kr 150,-.

Sonar

Kortet gjeld i tidssonar:

  • kl 05 - kl 11
  • kl 11 - kl 17
  • kl 17 - kl 23
  • Det er ikkje tillatt å fiske om natta

Elva er delt inn i fluesone og makkesone, følg skilta.

Kontaktperson

Einar Arne Ytrelid, mobil: 918 40 475

 

Fiske i fjorden

Noreg har lovfesta den unike allemannsretten som gir oss alle lov til å ferdast fritt i kystsona. Men med rettar følgjer også plikter. Ei rekkje lover og reglar er innførte for å ta vare på kysten. Som brukar pliktar du å setje deg inn i regelverket som regulerer ferdsel og utnytting av ressursane i kystsona.

Besøk difor jamt fiskeridirektoratet sine sider for oppdatering.

 

Skitt fiske!

 

 

Uttrykket "skitt fiske" skriv seg frå gamal overtru. Med orda "skitt fiske" ynskjer ein lukke til utan eigentleg å gjere det i frykt for at ei lukkeynsking vil føre til eit dårleg fiske.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.08.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering