Koiene til Statskog

Sandbu i Rendalen i Hedmark - Klikk for stort bileteSandbu i Rendalen i Hedmark

Det fins gode moglegheiter for langtur i naturen uten at overnattinga kostar ei krone. Statskog har over 120 koier og buer som er fri til å bli nytta av alle.

Fleirtalet av dei ope husværa har fortid som overnattingsstad for tømmerhoggarar og tømmerfløtarar. Medan dette er ein skogbruksform som høyrer historia til, står koiene der fortsatt og Statskog vil gjerne at dei skal bli meir nytta. Standarden er spartansk, og det er ikkje ein stad man slår seg ned for eit lengre opphold, men for ein kvil eller ei overnatting eller to.

 

 

Ynskjer meir bruk

Statskog ser gjerne at fleire tar dei opne koiene i bruk. I Femundsmarka er koiene godt besøkt, medan andre stader har mange koselige koier kapasitet til mykje meir bruk enn i dag. Også for de som ynskjer naturopplevingar i nord, er der mange koier som ligg i fantastisk natur både i Helgeland, Salten og Troms. 

Statskogs fører med ujamne mellomrom tilsyn med husværa, men tilbodet er avhengig av at brukerane sjølv tar ansvar for at dei etter seg og får gode turopplevingar.

Dei oppmodar gjestane til å gjere klart til neste brukar; rydd og ta med avfallet, og legg gjerne klar litt ved til neste gjest også.

 

På nettportalen godtur.no finn du både Statskog sine koier og opne husvære som er eigd av lokale jeger- og fiskerforeninger avmerka i same kart, så her er det mogleg å lage seg forskjellige ruter med gratis overnatting.

For å få godtur.no-oversikta, går du inn på menyvalget ”Kart” og vidare til ”Anlegg og turmål”. Husværa dukkar opp i kartet når du så vel ’’Åpent husvære”.

 

 

Spesiell oppleving

Å sitte i ei gamal koie og vite at det på akkurat samme benk for lenge sidan satt slitne skogsarbeidarar og andre skogfararar, har ei eiga verdi. Bjørkeveden knitrar i den gamle omnen og flammene lyser opp dei gamle tømmerveggane. Stemninga gir ro og ei kjensle av andakt.

 

Her kan du sjå oversikt over koiene til Statskog.

 

Last ned kart med turforslag, samt sjå bilete av koiene.

 

Bestill brosjyra ’’Åpne buer og koier i Statskog’’ (Statskog.no)

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.07.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering