Ørskog Frivilligsentral

Frivillig logo - Klikk for stort bilete Alle er velkomne til aktivitetar og frivillig arbeid organisert gjennom Ørskog Frivilligsentral! 

Frivilligsentralen har lokale i Vang-huset midt i Sjøholt sentrum.

Mål 2015

Sentralen skal lage møteplassar der vi gjennom felles innsats skal vere med å skape eit godt lokalmiljø. Sentralen skal fange opp område der det er behov for møtestadar og spesielt arbeid for å skape inkluderande møtestadar som stimulerer den gode samtalen, trim og aktivitet.

Vi skal samarbeide om og koordinere aktivitet i nærmiljøet med lag- og organisasjonar, einskildpersonar og det offentlege. Til dømes skal vi vere koordinator for Ørskogdagane og arbeide for å vidareføre Elvastien/Måsøyra.

Sentralen skal vere lokalt forankra når det gjeld idear til aktivitet og dei behova innbyggjarane har.

Felles innsats - felles glede - godt miljø!

 

Døme på kva frivilligsentralen arbeider med

  • Vedlikehald/utviding av Elvastien
  • Vedlikehald og utplassering av «Jørundfigurane» på Elvastien
  • Utarbeide planer og opparbeide Måsøyra Aktivitetspark
  • Friluftslivets år. Auke uteaktiviteten i samarbeid med lag og organisasjonar og enkeltpersonar
  • StikkUt og skilting / merking av turstiar
  • Kultur til institusjonane gjennom Den kulturelle spaserstokken
  • Konsertar / forfattarbesøk gjennom Den kulturelle spaserstokken
  • Ørskogdagane
  • Lesegruppe
  • Arrangere ulike kurs
  • Sykveldar
  • Strikkekafè
  • Dametreff
  • Ulike kurs etter behov
  • Arrangement etter dei behova som til ei kvar tid er til stades

 

Facebook

Ørskog Frivilligsentral har eiga facebookside og her finn du informasjon om aktivitetar og tilbod.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 30.01.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Dagleg leiar Frivilligsentralen
Tlf: 977 12 943
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering