Ørskog Idrottslag

Ørskog Idrottslag (ØIL) vart skipa 24. februar 1918. Laget vert såleis 100 år i 2018.

Kunstgrasbana før ho er heilt ferdig tillaga. - Klikk for stort bilete Kjetil Ramsvik To glade syklistar syklar gjennom høgt gras, omkransa av høge grantre. - Klikk for stort bilete Geir Haugli Fullsatt tribune i Ørskoghallen - Klikk for stort bilete Kjetil Ramsvik

 

"Idrett i sunne former."

Laget sine lover vart fornya gjennom vedtak i laget 10. november 1986 - endra seinast 15. april 2016.

I §1 finn vi følgjande føremålsordlyd: 
"Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. Alle idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap og ærlegdom."



Laget har gjennom dei åra som ligg bak, vore organisert på ulike måtar.
Ørskog I.L. prøver å femne breitt og få til tilbod om fysisk aktivitet for innbyggjarar i Ørskog - med hovudvekt på aktivitetar for barn og unge.

Gjennom dei snart 100 åra som ligg bak, har nok skiaktivitetane vore til tider dominerande. Laget har hatt fleire utøvarar som har hevda seg godt langt utover eige lag.

I dei seinare 10-åra har likevel fotballen engasjert flest - særleg mellom dei yngste.

I dag har laget tilbod om eit breitt spekter av aktivitetar.

 

Undergrupper

I 2015 (april 2015) har ØIL 7 undergrupper skipa i høve ulike idrettsgreiner og aktivitetar.

  •  Fotballgruppa: Leiar Jan Petter Øvstedal
  •  Idrettsskulen (for dei yngste): Leiar Anne Sofie Valgermo
  •  Ski-/trimgruppa: Leiar Emma Karoline Hanssen
  •  Cheerleadinggruppa: Renate Grande Skodje
  •  Volleyballgruppa: Leiar Anne Grete Refsnes Tennfjord
  •  Friidrettsgruppa: Leiar Kjell Petter Braute
  •  Sykkelgruppa: Leiar Kjetil Ramsvik

Leiarane i dei 7 gruppene saman med arbeidsutvalet utgjer hovudstyret for laget.

Siste tilvekstane til aktivitetar er: Friidrett og sykkel. Desse kom på plass i 2012.

 

Medlemstal

Ved årsskiftet 2015/16 hadde laget 482 medlemmer. Flott! Ein vesentleg del av desse er barn og unge.
Laget har plass for fleire medlemmer - både aktive og dei vi gjerne kallar støttemedlemmer.
Kontingent for 2016 er: kr. 100,- per år + aktivitetstillegg som gruppene sjølve vedtek.

 

Prosjekt

Ørskog Idrottslag har hatt ein sentral plass både som pådrivar og for gjennomføring av store prosjekt knytta til idrett i Ørskog. Mellom anna kan nemnast:

 

  • Ørskoghallen

Fullføring av Ørskoghallen var det store løftet fram til 2008. ØIL stilte med 5 millionar innsamla midlar og ca 5000 dugnadstimar tilsvarande 1,5 mill.
Hallen er no i bruk og offisiell opning var våren 2009. Eit svært stort aktivum for ØIL og innbyggjarane i kommunen vår. Takk til kommunen som har satsa på idrettshall!

Takk også til alle bidragsytarar som gjorde dette prosjektet mogeleg å realisere.

 

  • Kunstgrasbane

Etter nokre år med førebuande arbeid vart kunstgrasbane bygt på den gamle grasbana frå 1978.
Anlegget vart teke i bruk hausten 2010. Offisiell innviing var i august 2011.

Ørskog I.L har stått for ca 1,8 mill av kostnadene (totalt 7,3 mill). Her er det også rett å takke alle bidragsytarar for økonomisk bistand og stå på vilje saman med dugnadsarbeid.

 

  • Anlegg for friidrett

Det nye, store prosjektet for ØIL er no utbygging av anlegg for friidrett. ØIL har gjennom vedtak på årsmøtet 2012 gjort sine prioriteringar. Planlegginga skal no sjåast i samanheng med bruken av uteområdet for nye Ørskog skule. Endelege vedtak og utforming vonar vi er på plass om ikkje så lenge. I juni 2016 vart det inngått avtale mellom ØIL og kommunen om anlegg for friidrett. Eit redusert anlegg med 200 meter bane skal realiserast innan utgangen av 2018. Planarbeidet reknar vi med skal starte tidleg hausten 2016.

 

  • Utviding av skiløype

ØIL arbeider med å få på plass ei ny sløyfe knytta til skiløypene i Svartløkområdet. Dette skal vere ei løype frå Liasætra over osen og vidare til Steinsetsætra, for så å verte knytta til løypa som kjem frå Fylling. 

 

Arbeidsutval

Arbeidsutval 2016/17 (fram til årsmøtet våren 2017):

  • Leiar: Ragnar Bakken - e-post: ragnar.bakken@stayon.no
  • Nestleiar: Stine Ødegaard Urke
  • Kasserar: Frode Dyrkorn
  • Sekretær: Tine J. Steinset
  • Styremedlem: Kamilla Vestre Cevallos
  • Varamedlemmer: Per Even Brautehaug og Frank Urke

 

Kontakt

Har du spørsmål, idear og framlegg i høve drifta av ØIL ta gjerne kontakt.
Leiarane i gruppene kan kontaktast direkte, eller du kan kontakte leiaren i ØIL:
Ragnar Bakken - 70 27 00 63/902 05 435.



 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 24.08.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Nyttige lenker (2)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering