Landbrukseigedom

Kyr på jorde.jpg - Klikk for stort bilete  Med landbrukseigedom meiner ein eigedom som vert nytta eller kan nyttast til jordbruk og/eller skogbruk. Slike eigedomar og areal vert omfatta av jordlov og konsesjonslov.

Traktor.jpg - Klikk for stort bilete

Dersom du skal kjøpe eller overta fast eigedom, eller leige eigedom i meir enn 10 år, så må du søkje kommunen om konsesjon (løyve).
Erverv av landbrukseigedom med totalareal 100 daa eller meir - eller der det totale dyrka arealet er større enn 25 daa - er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova.

Det finns fleire unntak frå lova, til dømes er det konsesjonsfritt å overta ei enkelt hus-/hyttetomt dersom tomta ikkje er større enn 2 daa.
Det same gjeld bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar totalt, og har under 25 daa dyrka jord.
Overtaking ved arv eller frå nær slekt er og konsesjonsfritt. Ved konsesjonsfri overtaking må skjema "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ...." fyllast ut, og kommunen må stadfeste opplysningane.

For andre erverv må det søkjast kommunen om konsesjon, på eige søknadsskjema. 
Dersom det er buplikt på eigedomen, må overtakar busette seg på eigedomen innan eitt år etter overtakinga, dersom ikkje må det og søkjast konsesjon.
Konsesjonsgebyret er kr 5.000 uavhengig av kjøpesum.


Dersom ein tek over ein landbrukseigedom konsesjonsfritt frå nær familie eller når ein har odelsrett til eigedomen, er det buplikt i 5 år. Føresegnene i jordlova om driveplikt inneber at du har plikt til å drive eigedomen så lenge du eig den, og det gjeld frå overtakinga. Du har likevel ein frist på eitt år på å bestemme deg for om du sjølv vil drive eigedommen eller om du vil oppfylle driveplikta ved bortleige til andre .

 

Sist endra 28.06.2016 09:11
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Helga Færøy
Landbruksjef
Tlf: 70 16 59 12
Mobil: 90513075
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering